Henta frå Great Game India. Omsett av saksyndig.
I seinare år har talet barn som opplever kjønnsdysfori gått til himmels. Her er kvifor tenåringar angrar på å ha skifta kjønn.
Chloe oppdaga at ho var transperson då ho var 12 år gammal. Ho stod fram overfor foreldra sine då ho var 13. Same året vart ho sett på pubertetsundertrykkjande medisinar og gjeven testosteron. Ho fjerna begge brysta då ho var 15. Ho skjønte at ho hadde gjort ein feil mindre enn eit år seinare, då ho var berre 16.
Chloe, no 17, er del av ei veksande gruppe kjent som «detransitioners» – folk som ønskjer å reversere eit kjønnsskifte, typisk etter at dei erfarer at dei identifiserer seg med sitt biologiske kjønn [mitt forslag til norsk ord er «kjønnsskifte-angrande»; oms.komm.]. Mange vil tragisk måtte leve med dei ugjenopprettelege medisinske implikasjonane dei gjorde som ungdommar resten av sine liv.
«Eg kan ikkje vere stille,» sa Chloe. «Eg må gjere noko med dette og dele mi historie til skrekk og åtvaring.»
I seinare tid har talet barn i Vesten som opplever kjønnsdysfori gått til himmels. Nøyaktige data er vanskelege å oppdrive, men mellom 2009 og 2019 auka talet barn henvist til kjønnsskiftebehandling i Storbritannia med 1000% blant biologiske gutar og 4400% blant biologiske jenter. I mellomtida, ifølgje forsking frå Centers for Disease Control and Prevention, har talet unge menneske i USA som identifiserer seg som transpersonar nesten dobla sidan 2017.
Tradisjonelt var det å skifte kjønn frå mann til kvinne langt vanlegare, der denne gruppa hadde vedvarande kjønnsdysfori frå tidleg alder av. Denne bølgja har derimot snudd nyleg, og kvinne-til-mann-kjønnsskifte utgjer no det overveldande fleirtalet.
Dr. Lista Littmann, tidlegare professor i åtferds- og sosialvitskap ved Brown University, skapte frasen «rapid onset gender dysphoria» [omtrentleg omsetjing «raskt oppståande kjønnsdysfori»] for å karakterisere denne undertypen av transbarn, som primært er biologiske jenter som blir raskt dysforiske under eller like etter puberteten. Littmann trur dette er fordi ungdomsjenter er meir tilbøyelege for gruppepress på sosiale media.
Helena Kerschner, ein 23 år gammal kjønnsskifte-angrande frå Cincinnati, Ohio, som opphavleg var ei biologisk jente, opplevde kjønnsdysfori for fyrste gong i ein alder av 14. Ho hevdar at Tumblr-sider med transkjønnsaktivisme-innhald var inspirasjon for transkjenslene.
«Eg gjekk gjennom ein periode då eg var veldig isolert på skulen, so eg vende meg mot Internett,» erindra ho. Kerschner rauk uklar med kompisane på skulen i det verkelege liv, men ho oppdaga ei inkluderande gruppe på nettet. «Dysforien min vart definitivt utløyst av dette nettsamfunnet. Eg tenkte aldri over kjønnet mitt, eller hadde eit problem med å vere jente før eg byrja å henge på Tumblr.»
Ho sa at ho var under politisk press for å skifte [kjønn] òg. «Samfunnet sette sosial rettferd særs høgt. Der var mykje negativitet rundt det å vere cis, ei heterofil kvit jente, og eg tok desse meldingane veldig, veldig personleg.»
Då Chloe Cole, ein 17 år gammal elev frå California, vart medlem på Instagram i ein alder av 11, hadde ho ei samanliknbar erfaring. «Eg byrja å bli eksponert for mykje LGBT-innhald og aktivisme,» sa ho. «Eg såg korleis transpersonar på nettet fekk ei overveldande mengd støtte, og mengda lovprising dei fekk tala verkeleg til meg fordi eg, på den tida, ikkje hadde særleg mykje venner sjølv.»
Ekspertar er uroa over at fleire unge individ som prøver å skifte kjønn, gjer dette utan å fyrst få ei skikkeleg evaluering av si mentale helse. Dr. Erica Andersen, ein klinisk psykolog med spesialisering i kjønn, seksualitet og identitet, er ei av dei. Anderson, som er ei transkvinne, har guida hundrevis av unge menneske gjennom kjønnsskifteprosessen dei siste 30 åra. Anderson er forkjempar for ein bevisst, milepæl-fylt kjønnsskifteprosess som kan ta alt frå nokre månader til fleire år. Ho er no bekymra for at visse unge menneske blir sett under medisinsk behandling utan tilstrekkjeleg kontroll eller oversyn.
«Eg er uroa over at auken av kjønnsskifte-angrande personar gjenspeglar seg i det at unge har gått gjennom si kjønnsreise svært, svært raskt,» sa ho. Ho uroar seg over at enkelte legar kan bruke medisinering for å behandle andre personlege eller mental helse-relaterte problem. «Når ein ikkje skikkeleg adresserer andre problem som er viktige for eit barn [før kjønnsskifte], sviktar medisinske profesjonelle barna.»
40% av kjønnsskifte-angrande som deltok i ei nettbasert spørjeundersøking av dr. Lisa Littmann i fjor, hevda at deira kjønnsdysfori kom av mentale problem, og 62% trudde at medisinske profesjonelle mislykkast i å avgjere om traume spelte ei rolle i deira avgjerd om å skifte kjønn.
«Dysforien min kolliderte med min generelle depresjon og kroppsbilete-problem,» erindra Helena. «Eg kom berre til konklusjonen at eg var fødd i feil kropp, og at alle problema i livet mitt ville bli løyste om eg skifta kjønn.»
Chloe hadde ei liknande erfaring. «Fordi kroppen min ikkje matcha venleiksideal, byrja eg å lure på om der var noko gale med meg. Eg trudde at eg ikkje var pen nok til å vere ei jente, og at eg difor ville gjere det betre som gut. Djupt inni meg ønskte eg å vere pen heile tida, men det er noko eg har drive og undertrykt.»
Ho er einig med dr. Anderson om at ekstra psykologisk testing må krevjast for å forsikre seg om at underliggjande mentale tilstandar kan påverke lysta til å skifte kjønn.
«Ein må rette meir merksemd mot psykoterapi,» sa Chloe. «Vi gjev oss umiddelbart i kast med irreversibel medisinsk behandling når vi i staden burde fokusere på å myndiggjere desse barna til å ikkje hate kroppane sine.»
Marcus Evans tente fram til 2019 som klinisk direktør for tenester for vaksne og ungdommar ved Tavistock og Portman NHS Trust, ein offentleg finansiert mentalhelse-fasilitet i Storbritannia, der mange barn og tenåringar går til behandling for kjønnsdysfori. Han forlét derimot stillinga si for tre år sidan på grunn av det han meinte var unødvendig medikalisering av dysforiske tenåringar.
«Eg såg barn bli køyrt fort og gale inn i medisinske løysingar for psykologiske problem, og når barn fyrst hamnar på det medisinske samlebandet, fell dei ikkje av,» sa Evans. «Men politiseringa av problemet stengde for høvelege kliniske prinsipp. Dette tyda at temmeleg sårbare barn stod i fare for å bli sett inn på den medisinske stien for behandling som dei sikkert kunne angre på.»
Kjønnsskifte opptrer raskare og blant stadig yngre menneske. Ifølgje World Professional Association for Transgender Health, blir pubertetsblokkerande legemiddel ofte gjevne til barn heilt ned i 9-årsalderen ved fyrste evidens for utvikling. Trass Endocrine Society si tilråding om 16 [som nedre aldersgrense for slik behandling; oms.komm.], blir injeksjonar med testosteron eller østrogen jamt og trutt gjeve før 13-14-årsalderen. I tillegg har barn so unge som 13 i enkelte tilfelle gjennomgått større operasjonar slik som det å fjerne brysta.
Sjølv om mindreårige må ha foreldra sitt samtykke før dei får medisinsk behandling, samtykkjer likevel foreldre til prosedyrar slik som operasjonar og hormonterapi etter råd frå støttande legar, eller til og med ut av bekymring for at barnet deira vil skade seg dersom dei ikkje får behandling.
«Det er svært vanskeleg for foreldre å vete nøyaktig korleis dei evaluerer sine eigne barn, og dei lit temmeleg mykje på at ekspertar fortel dei det,» sa Jane Wheeler, ein tidlegare helseomsorgsadvokat som grunnla Rethink Identity Medicine Ethics, ein non-profitt-organisasjon som fremjar etisk, evidensbasert omsorg og behandling for dysforiske barn. «Der er tydelegvis mykje bekymring for kor stor evne ungdommar eller mindreårige har til å setje fullstendig pris på kva medikalisering verkeleg tydar.»
Den amerikanske psykologiforeininga støttar den kjønnsbekreftande modellen som vanlegvis er følgt av legar, og som validerer ein pasients sjølvrapporterte kjønnsidentitet uavhengig av alder. Kjønnsskifte-angrande personar fastslår vanlegvis at det å sikre seg legemiddel er enkelt som eit resultat av det. Ifølgje dr. Littman si spørjeundersøking, trudde 55% av respondentane at deira medisinske undersøkingar var utilstrekkjelege.
Då Helena fylte 18, trong ho berre å besøke Plannet Parenthood éin gong for å få resept på testosteron. Ho hevda at utan å eingong konsultere ein lege, gav ein sjukepleiar ho fire gonger den vanlege startdosen på mindre enn ein time.
Med samtykke frå foreldra, hevda Chloe at ho gjekk gjennom den fullstendige reisa frå blokkerarar til fjerning av brysta på berre to år. Den einaste motstanden som ho hevda å møte, var frå endokrinologen sin, som gjekk med på å ordinere testosteron til ho, men ikkje pubertetsblokkerarar. Ho sa derimot at ho konsulterte ein annan lege, som enkelt gav ho resept.
«Fordi alle terapeutane og spesialistane følgje den kjønnsbekreftande modellen, var der ikkje mykje portvakter gjennom heile kjønnsskifteprosessen,» erindra ho. «Alle dei profesjonelle såg ut til å pushe medisinsk kjønnsskifte, so eg trudde det var min einaste veg til lykke.»
Evans, forfattar av boka Gender Dysphoria: A Therapeutic Model for Working with Children, Adolescents and Young Adults», driv no ein privatklinikk i Beckenham i England med kona si, der han gjev bistand til foreldre som er usikre på korleis dei skal handtere barnet deira sin dysfori.
Ifølgje ymse forsking kan opptil 80% av dysforiske spedbarn eventuelt oppleve «desistance», eller å akseptere sitt biologiske kjønn utan å ty til kjønnsskifte. Som eit resultat trur mange spesialistar, inkludert Evans, at det er klokt å utsetje mogleg irreversible medisinske inngrep so lenge som mogleg. «Eg er ikkje mot kjønnsskifte. Eg trur berre ikkje at barn kan gje gyldig samtykke.»
Alle desse medisinske prosessane har risikoen for større biverknader, som kritikarar hevdar er for farlege for ungar å forstå skikkeleg. Pubertetsblokkerarar kan hemme vekst og påverke beintettleik på kort sikt, men dei langsiktige effektane er ukjende fordi dei ikkje vart godkjent av FDA før 1993. Høgt kolesterol, hjarte- og karsjukdom, diabetes, blodproppar og til og med sterilitet er blant biverknadene til testosteron. Berre tre delstatar, Arkansas, Arizona og Texas, har no lovgjeving som avgrensar kjønnsbekreftande terapi for barn, slik som operasjonar, hormonar og taleterapi.
Konsekvensane av hormonmedisin og operasjon kan vere alvorlege for dei som til slutt angrar kjønnsskiftet. Helena sin emosjonelle ustabilitet vart forverra av testosteron, som førde til at ho vart innlagt på sjukehus to gonger på grunn av sjølvskading.
Medan ho var på sjukehus innsåg ho at kjønnsskiftet hennar var ein feil. «Eg såg ein biletserie av meg, og då eg såg kor mykje ansiktet mitt endra seg og kor ulykkeleg eg såg ut, innsåg eg at dette var heilt føkka, og at eg ikkje skulle ha gjort det. Det var verkeleg ei mørk tid.»
Ifølgje Chloe endra testosteron beinstrukturen hennar, gav ho ugjenkalleleg ein skarpare kjeveprofil og utvida skuldrane hennar. Ho nemnde òg at ho har mykje kropps- og ansiktshår. Ho har eit digert arr over brystet etter brystfjerninga, som har gjort at ho vegrar seg for å ta operasjon. «Tilfriskninga var ein svært grafisk prosess, og det var definitivt noko eg ikkje var førebudd på,» sa ho. «Eg orka ikkje eingong å sjå på meg sjølv til tider. Det kunne gjere meg kvalm.»
Fruktbarheita hennar er det mest alvorlege problemet. Chloe håper at ho får barn ein dag, men ho er usikker på om åra med testosteron-dosar har skadd levedyktigheita til egga hennar. Hennar medisinske framtid er uviss, men ho samarbeider med legar for å finne det ut. «Eg famlar framleis i blinde når det gjeld det overordna biletet av helsa mi,» sa ho.
Transkjønnsaktivist-samfunnet kjem ofte med kritikk av konseptet kjønnsskifte-anger, og hevdar at tilfelle slik som Chloe og Helena vil bli utnytta for å underminere sjølve trans-saken.
Dette er rimeleg, men usannsynleg, ettersom opp til 86% av transpersonar trur at kjønnsskifte var det beste langsiktige valet for dei, ifølgje forsking. Derimot vil talet ulykkelege kjønnsskifte-angrande nesten heilt sikkert auke sidan fleire og fleire barn blir betrudd å ta viktige medisinske val med langsiktige konsekvensar.
Dr. Anderson, som sjølv er ei transkvinne, blir rørt til å snakke ut på deira vegne på grunn av dette. «Enkelte av kollegaene mine er bekymra for at samtaler om kjønnsskifte-angrande kjem til å bli meir kanonføde i kulturkrigane, men eg uroar meg for at dersom vi ikkje adresserer desse problema, vil der kome endå meir ammunisjon til å kritisere det passande arbeidet som eg og kollegaene mine gjer.»
Og som Anderson ønskjer ikkje desse yngre menneska å teie, trass i at dei må handtere effektane av raskt kjønnsskifte resten av livet. «Eg vil at stemma mi skal bli høyrt,» sa Chloe. «Eg vil ikkje at historia skal gjenta seg. Eg kan ikkje late dette skje med andre barn.»
Kommentar frå saksyndig: Les òg «I våre LGBT-tider: Dei reelle konsekvensane av kjønnsskifteoperasjonar» (18.juni 2022).