Av Mary Villareal, Natural News. Omsett av saksyndig.
Den tyske advokaten Reiner Füllmich og minst 50 av kollegaene hans har konkludert at Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksinar er designa for å eksperimentere på menneskerasen. Dei kom til den konklusjonen etter å høyre vitnesbyrda til vitne i den tyske Koronaetterforskingskomiteen – spesielt det til tidlegare Pfizer-tilsett dr. Mike Yeadon.
Ifølgje Yeadon prøver vaksineprodusentane framleis å finne ut kva slags dose av ei ukjent gift ein treng for å drepe menneske. Han la til at dødelegheitsraten knytt til vaksinane kan sporast basert på produksjonsnummera til dei ulike partia, der somme ser ut til å vere meir dødelege enn andre.
Advokatane sa at når ein ser på det tilgjengelege bevismaterialet, ser det overordna målet til injeksjonane ut til å vere global avfolking. Füllmich sa òg at advokatane, som førebur eit internasjonalt søksmål mot Pfizer, ikkje lenger er i tvil om at forgifting og massemord via vaksinane er gjort med overlegg.
Journalist Ulf Bittner og podcastar Sverige Granskas sa òg i intervjua sine at i Sverige ser skader og dødsfall relatert til kjende produksjonsnummer ut til å likne kvarandre i dei ulike helseregionane i landet. Bittner er i kontakt med ein vaksinekoordinator som fekk tak i dokument for å halde oversikt over folk som vart skadde eller døydde relatert til vaksinepartia.
Enkelte parti er ekstremt farlege og dødelege
Det verkar sopm om strekkodane nede på vaksinedosane indikerer kva av dei som er placebo – der den harmlause dosen blir injisert i politikarar og prominente individ.
Derimot trur Füllmich og teamet hans at alle partia er farlege.
«Det mykje viktigare stykket informasjon vi fekk frå Mike Yeadon då vi snakka med han i vår koronakomité-høyring, er at der er visse parti som er ekstremt farlege og dødelege,» forklarte Füllmich.
Tidlegare i år sa dr. Jane Ruby at desse farmasøytiske selskapa ikkje berre skapte dødelege parti – dei hadde òg kodar som lét dei sjekke kva slags parti som er dødelege og kva slags parti som forårsakar uføre, eller som indikerer kva slags typar uføre som sannsynlegvis vil oppstå.
Ruby sa at for Moderna er det partinummer/partikode 011|20., som representerer den temporære parti-rekkjefølgja, konsentrasjonen som avgjer kor giftig den er og kor mange uventa biverknader som vil dukke opp. Ettersom talet 20 er kvalitativt, sa Ruby at ein ingrediens er vurdert som giftig i desse partia.
«Det som det koker ned til er at dette handlar om befolkningsreduksjon,» sa Füllmich. Han forklarte at dersom desse selskapa har tenkt å bruke dødelege dosar heilt frå starten, kjem dei til å skremme alle vekk. Det er grunnen til at dei eksperimenterer med den riktige dosen som kan ta livet av 20% av befolkninga. Juridisk sett tydar dette at der ikkje finn stad forsømmelse, og at dei ikkje gjer feil.
«Dette er overveldande bevis for overlagt massedrap. Tort og svie kjem inn i biletet kvar gong du har å gjere med ein vondsinna aktør som med vilje gjer noko skadeleg, og det er det vi har å gjere med her,» la han til.
Dei som lagar vaksinane, politikarane som pressar på for dei, hovudstraumsmedia som reklamerer for dei og legane som administrerer dosane, er alle med på det, og Füllmich har lovt å halde dei strafferettsleg ansvarlege.
Her er videointervjuet som denne artikkelen er basert på.