Dr. Vladimir Zelenko er død: Han var ein sann helt og patriot som redda mange liv med Covid-behandlinga si

Av Dr. Paul Elias Alexander, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.

Media vil late som om dr. Zelenko og hans sanne dådar ikkje eksisterer, men vi må fortelje verda kven han var.

Eg var i Ottawa 30.juni 2022 og avslutta Canada March med veteran James Topp ved Den ukjende soldats grav i Ottawa. Topp hadde nettopp marsjert gjennom Canada i protest mot Covid-19-mandata, og eg slutta meg til han.

I det vi la i veg til grava der James tok del i ein seremoni med andre veteranar og soldatar, bad folk oss om å signere flagg, etc. I det eg la ein penn mot lønnetrebladet, bragte ein familiemedlem (dei sa av Zev) meg dei triste nyheitene om at dr. (Vladimir) Zev Zelenko hadde gått bort. Eg fraus til av sjokket.

Etter å ha rapportert i min substack berre dagen før at det gjekk betre med dr. Zelenko, vart eg oppskaka av denne tragedien. Det verka passande at eg høyrde om dr. Zelenkos død i miljøet eg befann meg i. Grava ærer dei tusenvis som døydde og som vil døy for landet sitt. Som desse modige patriotane, levde dr. Zelenko sitt liv med stort mot. Han gjekk mot straumen til dei grader for å redde so mange liv. Tusenvis er i live i dag takka vere dr. Vladimir Zev Zelenko.

Eg hugsa fyrste gongen eg snakka med dr. Zelenko. Eg hadde ringt han og formidla til han at nokon hadde trong for Covid-behandling, og at dei var svært dårlege, nyleg symptomatiske og at legen deira ikkje kunne behandle dei. Dei gjekk til meg og sa at dei ikkje kom til å leve, sidan helsa gjekk nedover sopass raskt.

Det var då eg innsåg kor sint og skuffa dr. Zelenko var på legane som valde å ikkje gjere det rette, nemleg å behandle Covid-pasientane sine slik at dei vart betre. Han sa at der var so få modige legar i USA, i Canada, i mange nasjonar og han var fortvilt. Han ønskte å bli del av ei gruppe av helseprofesjonelle, altso Risch, McCullough, Ladapo, Urso, etc., som trassa hovudstraumssanksjonar og hjelpte til med å redde liv. Han fortalde meg kor mykje han hadde tapt og kor mange dødstrugslar han fekk dagleg òg.

Han hjelpte mange menneske som eg personleg hadde henvist til han. Han var eit storslege menneske med viljen og driven til å vere dydig. Utvikla hans av tidleg-behandlingsprotokollen var banebrytande, og eg hadde gleda av å vere del av den. Om berre fleire legar og folkehelsetilsette hadde omfamna den, kunne fleire liv ha blitt redda frå Covid.

Dr. Zelenko var bestemt og fryktlaus. Der andre ville ha snudd ryggen til den hippokratiske eden, kunne dr. Zelenko ha gjort det same, men valde i staden å vise stor styrke og pasjon for å hjelpe dei i naud. Han gjorde ofte dette utan å tene noko på det, og betalte av eiga lomme for å hjelpe, noko som viste godviljen hans. Han gjorde det ikkje for ære, heider eller anerkjenning, men berre utifrå sitt gode hjarte. De veit det ikkje, so eg fortel dykk det.

Mange gonger ringde eg han og skreiv til han og fortalde han om nokon som hadde ein lege som nekta å behandle dei, og dei var desperate og ønskte tidleg behandling. Fyrst ville han gå gjennom meg, men so vart han komfortabel og ville berre be meg om å gje han telefonnummeret og adressa deira.

Eg kom til å få vit på (som mange over heile verda vart; til og med klinikarar som ikkje ønskte at det skulle bli kjent, henvendte seg til meg for tidleg-behandlings-legemiddelalgoritmar som vi vi hadde publisert i massevis av, for sine pasientar eller for å knyte seg til ein klinikar), at Zev sendte behandlingspakkane til folk eg knytte han til, med sine eigne pengar. Han gav dei til dei og vart deira lege. Han tok ikkje betalt for det. Eg vart sjokkert og det skjedde igjen og igjen. Nokre var menneske eg kjende, og dei fortalde meg. Han kan ha redda 80-90 menneske som eg henviste dei til, og i dag kan eg seie alle liv! Alle vart friske igjen!

Der finst ein spesiell plass i himmelen for den store dr. Zelenko. Dei ønskjer han velkommen med opne armar. Til deg, Zev, min kjære venn og kollega, måtte du kvile i fred. Det var ei ære for meg at våre vegar i livet kryssa seg. Eg hadde dette gode hellet, om so i ein liten augneblink. Ei kort berøring.

Nokre gonger seier enkelte at det var betre at dei vart spart smerta av eit tap. Eg har innsett at smerta er verdt det for den korte dansen vi hadde med han. Denne dansen, den vedunderlege dansen. Det er godt at vi ikkje veit korleis livet utviklar seg og endar, for vi ville kome til å velje det som fører til smerte. Men då ville vi gå glipp av dansen. Gud velsigne deg, Zev!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s