Vi har seks månader igjen med fridom

Av dr. Vernon Coleman. Henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.

I april 2022 laga eg ein video der eg spådde at vi hadde åtte månader igjen med fridom. Eg står ved timinga. Vi har no seks månader igjen – og det bringer oss til jula 2022.

Eg føreslår ikkje at alle av oss plutseleg kjem til å døy ved juletider.

Det eg føreslår (og dette er på enkelte måtar skumlare) er at ting no skjer so raskt at med mindre vi set foten ned og forsvarer oss, vil vi vere for langt på veg mot ein eksistens bygd opp rundt prinsippa til sosialkreditt; for langt på veg for å stoppe progresjonen mot Den store tilbakestillinga (Great Reset).

Overalt kan du sjå bevis på nettopp kor stor framgang konspiratørane har hatt.

Fyrst, sjå på den globale økonomien.

Vi er ikkje berre på veg mot resesjon, men mot ein djup, lang depresjon som vil rivalisere alt som fann stad i 1930-åra.

Barbados, Libanon og Sri Lanka har alle gått konkurs. Det har òg Argentina. Korrupsjon hjå styresmaktene (som politikarar og byråkratar nyt) har i stor grad skulda. Berre sjå på korrupsjonen i Storbritannia, til dømes.

Ting er so ille i Sri Lanka (som lenge var uavhengig av matforsyningar) at bønder ikkje lenger har råd til å kjøpe såkorn. Landet tryglar om mat.

I 2020 var den globale gjelda 220 billionar dollar. Den har no auka til 300 billionar – det er tre og ein halv gong større enn det globale BNP.

Styresmakter overalt er nøydde til å drive opp rentesatsen for å prøve å halde inflasjonen nede. Og når dei gjer det, kjem kostnaden av å tene all den gjelda til å få millionar til å gå konkurs, øydeleggje tusenvis av selskap og setje nasjonar i fare. Ingen land på jorda er immune. Både Storbritannia og USA kan bli insolvente. Tenester kjem til å måtte kuttast. Pensjonar og andre utbetalingar må leggjast på is.

Utgifter til helse og utdanning må strupast sidan meir og meir pengar går til å kjøpe bomber for Ukraina-krigen. Kostnaden av å byggje opp igjen Ukraina vil truleg liggje på nesten ein billion dollar. Skattebetalarane er forventa å måtte finne pengane – der dei fleste utan tvil vil bli stolne. Og, som eg spådde for fleire veker sidan, driv vestlege regjeringar og førebur seg på ein krig mot Russland. NATO førebur seg på krig. Og leiaren til dei britiske væpna styrkane seier at vi må gjere oss klare til krig. Dei einaste som vil tene på det, vil vere våpenprodusentane.

Kor enn du snur og vender deg er der økonomisk kaos.

I Kina snakkar dei om å halde på absurd null-covid-politikk i fem år framover, medan dei strammar til sosialkreditt-reglane. Massetesting vil halde fram, og reiserestriksjonar vil bli hardare for dei som har låg sosialkreditt-score.

Det har blitt skapt med vilje. Men det er framleis kaos. Pakistan og Argentina har lånt enorme pengesummar frå Det internasjonale pengefondet (IMF). Ingen av dei vil nokosinne betale tilbake gjelda si. IMF held på gigantgjeld og kontrollerer i praksis fleire land – på sin veg til ei rolle i den nye Verdsregjeringa.

Dei same tinga hender overalt i verda. Er det eit samantreff? Naturlegvis ikkje. Alt er gjort med vilje.

Det som ingen nemner, er at når økonomiar krasjar vil talet menneske som døyr alltid skyte i vêret. Folk får ikkje råd til skikkeleg mat, ei heller får dei råd til å halde seg varme. Gravferdsagentar og blomsterhandlarar er dei einaste verksemdene som kan forvente suksess i tida framover.

Lokale råd går mot bankerott. Tenester må bli kutta – eller stupte for å beskytte dei massive pensjonane som blir utbetalte til tidlegare leiarar og anna overbetalt personale. Ditt lokale bibliotek kan måtte stengje. Symjebasseng og fritidssenter går mot hoggestabben. Kor lenge vil bøsseinnsamlingsaksjonar halde fram? Kor lenge vil skular vere opne? Jobbar vil måtte kuttast.

Kollapsen av aksjemarknaden trugar pensjonar over alt. Aksjemarknader er allereie der dei var på 1990-talet. Dersom marknadene krasjar endå meir, vil verdien til pensjonane òg falle. Svært få er klar over akkurat kor risikofylt framtida deira er.

Sidan prisen på mat og drivstoff og varme går til himmels, vil der bli fleire og fleire streikar. Legar krev 30% lønnsauke. Ein streik eller ein massiv auke i lønn vil øydeleggje det som er igjen av det mislykka britiske helsevesenet.

Helseomsorg er ikkje lenger tilgjengeleg i Storbritannia.

Sjølv før ein snakka om streikar, sa legar opp i hopetal når dei kom i 50-åra. Kvifor? Fordi dei ikkje lenger kan handtere retningslinjer og papirarbeid introdusert av Regjeringa og det Generelle medisinske rådet (General Medical Council; GMC). GMC sin avskydde revalideringsplan er reine galskapen. Legar bruker so mykje av arbeidstida på å fylle ut skjema, at dei har nesten ingen tid igjen til pasientane. Dei finn inga glede i jobben sin.

Tannlegar går òg av med tidleg pensjon på grunn av papirarbeidet. Tannlegar jobbar heile dagen med å trekkje og bore tenner, og må deretter rutinemessig jobbe to-tre ekstra timar med å fylle ut skjema for å tilfredsstille byråkratane.

I mellomtida seglar Storbritannia utan ror, i praksis utan styresmakter, og alt fell saman.

Kan nokon nekte for at transportsystema våre er eit rot?

Liberale millennials snakkar konstant om ei firedagars arbeidsveke og kor viktig det er med balanse mellom arbeid og fritid. Men nokon må førebu seg på å arbeide dersom landet skal kunne fungere. Og dei fleste under 40 har inga aning om kor nær vi er kanten på eit stup. Der er nesten 1,5 millionar ledige jobbar i Storbritannia. Og meir enn fem millionar menneske sit heime og får trygdeytingar som landet ikkje har råd til.

Gardbruk overalt slit med nye retningslinjer. Unge menneske vil ikkje arbeide på gardar fordi arbeidet er for tungt. I Storbritannia er snittalderen for bønder 59. Den gjennomsnittlege bonden tente 15 000 pund brutto i fjor. Dei ville ha tent meir på trygd. Oppsiktsvekkjande fire millionar europeiske gardbruk har stengt dei seinare år – oppmuntra av EU-retningslinjer som er designa for å øydeleggje gardbruk og rydde vegen for laboratoriemat.

Det er ikkje overraskande at matmangel kjem svært raskt. I EU snakkar ein allereie om matrasjonering. Mat- og drivstoffrasjonering er uunngåeleg. Og dei vil bli kontrollert av ein app. Straumforsyning vil bli kontrollert med smartmålarane som so mange idiotar har heime hjå seg.

Kontantar blir demonisert og mange butikkar nektar no å ta imot kontantar. Borgarar blir tvinga til å gjere alt via ein app. Skular innfører planar om sosialkreditt-poeng for å kontrollere elevane. Vi er berre nokre månader unna eit samfunn som vil vere akkurat like undertrykkjande som Kina.

Og media sine løgner og undertrykkinga av sanninga held fram.

Eg har vore utestengt frå alt av hovudstraumsmedia i to og eit halvt år no. Som eg forklarte her forleden, vart eg til og med tagd då eg prøvde å opptre på Internettradio. Eg har ei heimeside. Men kor lenge vil det gå før den blir teken ned?

Eg kan ikkje sjå noko av det fordi eg er utestengt frå å få tilgang til alt av sosiale media, men eg høyrer at sosiale media no er fullt av falske nyheiter (kontrollert av styresmakter og hemmelege tenester), hattale (plassert der av styresmakter og hemmelege tenester), ekstremisme (plassert der av styresmakter og hemmelege tenester), trolling (organisert av styresmakter og hemmelege tenester) og mobbing (utført av styresmakter og hemmelege tenester). Dei store søkjemotorane og Internettsidene tilhøyrer konspiratørane like mykje som hovudstraumsmedia.

Altfor mange menneske aksepterer det utan eit knyst.

Den kollektive stillheita vil bli vår bane.

Dei plukkar oss vekk éin etter éin.

Eg estimerer at vi har seks månader igjen med fridom med mindre vi kjempar denne krigen på ein meir bestemt måte.

Og dersom du trur eg overdriv, sjå tilbake på dei to siste åra. Eg har spådd alt som har skjedd. Mine gamle videoar er framleis tilgjengelege (for augneblinken) på denne nettsida.

Sjå på nokre av dei gamle videoane, og du vil snart finne ut kvifor eg er den mest bannlyste legen i verda.

Sanninga er den eine tingen konspiratørane fryktar. For dei er sanninga like dødeleg som sollys og kvitlauk er for vampyrar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s