34 år gamle Susann er ute og køyrer med sine tre barn i bilen. Den kjolekledde homosonen har no langt, blondt hår knytt i intrikate fletter, og har falske perleøyredobbar saman med ein like falsk perlechoker. Det er fredag føremiddag, og ho har akkurat byrja på ferien denne regnfulle sommardagen. Brått kjem det ein rar lyd frå motoren på den ti år gamle bensinbilen. Susann rynkar på nasen og får bekymra fòrer i panna. Det høyrest ut som om nokon valdtek bilen. Brått skyt det ut kolsvart eksos. Fleire varsellampar byrjar å blinke på dashbordet, deriblant det frykta «STOP» i raude bokstavar. Ho er midt ute på motorvegen, men må svinge inn på vegskulderen før heile skranglekassen tek kvelden. Temperaturen i motoren går i taket, radiatoren koker. Den sinnssjukt pissetrengte blondina må ringje veghjelp.
Ein time seinare står bilen hennar inne på ein verkstad i bydelen. Bilmekanikaren ser over bilen medan Susann sit med dei tre ungane inne på venterommet. Ein kortvaksen, kulemaga tass med briller og bart sit og kitlar i veg på ein smarttelefon. Dei to skuler på kvarandre før Susann gjev han eit ufyseleg flyvertinnesmil som er falskare enn perlene til homosonen sin. Ho vrir på den digre elefantkroppen sin og trekkjer lett i dei to slitne sølvsmykka; dei kjennest ut som dei skal kvele ho.
Bilmekanikaren dukkar opp på andre sida av vindauget i venterommet med eit alvorstyngd uttrykk i ansiktet. Susann haler med seg ungane bort til luka. Og kva er so dommen, herr Mekanikar? Han veit i grunnen ikkje kor han skal byrje. Når hadde Susann bilen på service sist? Susann trekkjer på skuldrene med eit lite flatterande «mongofjes». Det var alltid mennene hennar som tok seg av slikt, og sjølv jobbar ho jo ræva av seg dag ut og dag inn, både full jobb og tre barn som krev sitt. Mekanikaren ser ei stund på ho, før han leverer dommen: Bilen er ikkje i køyrbar stand, og det vil truleg koste meir å fikse den enn den er verdt. Susann blir anbefalt å levere den inn og få vrakpant.
Den feite, sjukt pissetrengte blondina utstøyter eit høgt, rautande «hææææ?!». Men eg treng jo bilen min! Skal eg liksom fise rundt på bussen med tre barn no midt i fellesferien med sommarruter og alt? Og vi skal jo på ferie til foreldra mine om to dagar!
Bilmekanikaren trekkjer på skuldrene. Ferie kan dei alltids fare på. I ein annan bil.
Eit kvarter seinare står Susann i vegkanten utanfor verkstaden med to bilstolar, fire bereposar med mat, tre svoltne barn og ein halvvegs øydelagt Nille-paraply. Regnet slår i marka. Bilen hennar står avskilta inne på verkstaden. Gråtkvelt ringjer ho mor si og forklarer katastrofen etter beste evne. Jammen, har du ikkje hatt bilen på service? Eller EU-kontroll? Susann hugsar ikkje skiten av kva kontrollar den bilen har vore på – og no har den teke kvelden akkurat når fellesferien byrjar. Var det so at mamma kanskje hadde litt pengar til overs, slik at eg kan kjøpe ny bil til meg og barna? Mora seier at ho diverre ikkje har so mykje pengar for tida. Kanskje ho kan høyre med han far? Susann ler høgt. Den gnitapungen der? Kallen er so gniten at han grin når han skit! Mora sukkar. Då må nok Susann bruke alternativ transport ei tid framover. Susann legg på og gaular eit høgt «helvete!!».
Ein times tid seinare parkerer ein maxitaxi utanfor den kjipe kjellarleilegheita som Susann for tida leiger. Den kolsvarte taxisjåføren hjelper ho ut med varene og bilstolane medan barna er sure og grinete fordi dei er svoltne og våte. Blondina betaler den ublu summen som mannen på gebrokkent norsk krev, før ho kavar med seg barna og tinga inn i leilegheita. Ho er so stressa og pissetrengt at ho held på å eksplodere, og slengjer tre Fjordland-middagar inn i mikrobølgjeomnen. Ho spring på do og prøver desperat å trykkje ut litt urin før blæra rivnar. To korte, stressa sprutar av uhyre illeluktande urin eksploderer ut av ho, saman med ei ladning gulaktig, slimete diaré som stinkar verre enn eit rotnande lik. Då ho trykkjer på knappen på doen for å skylje ned, kjem det eit høgt, gurglande gulp frå den kjipe, gamle dassen. Og vatnet byrjar å renne over. Susann rautar i veg ut av doen.
Ho ringjer den styrtrike Telecom-gründeren som ho leiger hjå. Ein røyrleggjar må kome omgåande før heile leilegheita står under vatn. Røyrleggjar? No midt i fellesferien. Det kjem til å koste skjorta. Susann glefsar at det drit ho i. Skal ho og barna vasse i mannskit her nede? Dette er jo liksom eit leigeforhold, og då burde det vere eit minimumskrav at dassen fungerer!
Like etter eksploderer ein av Fjordland-pakkane i mikroen. Susann rautar eit høgt «helvete!!», før ho må kave i veg og redde middagen før barna svimar av av svolt. Dei tre sit og glefsar i seg maten medan Susann er altfor stressa og nervøs til å få ned so mykje som ein bit. Midt under middagen ringjer det på døra. Ute på trappa står ein fyr som kunne ha vore faren hennar. Ho inviterer han inn med sin falske grimase av eit flyvertinnesmil. Oi, utbryt han då han ser badet. Her har det skjedd noko. Susann bjeffar tilbake at visst pokker har det det!
Mamma, mamma, eg må tisse! Dottera klynkar som ein såra kvelp. Susann snerrar tilbake at det nok ikkje blir so lett. Ho får gå ut i hagen. Ho sender bryskt dottera opp den smuldrete steintrappa. Ungen sit seg på huk ute i blomsterbedet og pissar i veg. Fleire naboar ser på med gapande kjeftar og smale auge av sjokk og raseri.
Den gråhåra herren ristar på hovudet og sukkar. Denne dassen er nesten like gammal som han sjølv. Heile greia må skiftast. Susann seier med sitt kalde smil at ho får sende rekning til utleigar. Mannen informerer ho at han må leggje inn bestilling på ein ny do, og at den vil kome om ei vekes tid. Susann utbryt eit høgt, rautande «hææææ?!». Skal ho i svartaste helvete vere utan do ei heil føkkings veke? Har det klikka for deg. Mannen seier med store, skremde auge at det ikkje er lett å få tak i toalett og andre baderomsmøblar no i fellesferien. Han anbefaler ho å flytte ein annan stad fram til den nye doen kjem.
So fort kallen forsvinn ut i pissregnet, ringjer Susann gråtkvelt til mora si og klager si naud. Døra og vindauget står på vidt gap so heile nabolaget høyrer ho. Dottera, som har vore ute i regnet og pissa, sit hutrande og skjelvande inne i stova. Fyrst tek bilen kvelden, og nå har eg ikkje eingong ein dass! Mora sukkar at ho får bruke ei bøtte. Det gjorde dei jo i gamle dagar. Det blir ei utfordring å bli kvitt pisset og skiten, men det går jo for ei vekes tid. Eit høgt, rautande «hææææ?!» pressar seg ut av Susann, som er so sint, stressa og pissetrengt at ho held på å gå i lufta. Ja, anten må de pisse og skite i ei bøtte, eller so må jo utleigar kunne late dykk bruke dassen hans fram til de har fått ny. Ja, nett som det kjem til å skje! Mannen er på ei stillehavsøy, og døra er låst med både nøklar, kode og truleg òg fingeravtrykk!
Mora seier at ho har ei gryte på omnen, og ho legg hjartelaust på. Susann gryler høgt og sparkar til det ho trur er veggen. Det viser seg å vere den mellomste sonen. Han hyler høgt av smerte, og Susann krympar seg i sjokk og redsel. Bråket deira kan høyrast over heile nabolaget. No held du kjeften på deg, før politiet kjem! Susann går i fistel. Eg sparka deg ikkje so hardt, må du vete! Ho held seg til munnen. Faen, sa ho det høgt?
Barna er omsider i seng og søv. Susann listar seg ut med ei breiddfull bøtte med piss og skit. Ho kastar blikk rundt seg, skjemd som ei bikkje, før ho tømmer svineriet utfor berget. Å faen, det ligg visst ein hage der nede! Ho utbryt eit høgt, rautande «faen!!» før ho styrtar inn igjen i den kokvarme leilegheita.
Dagen etter vaknar Susann av at nokon bankar hardt på døra. Det høyrest faktisk ut som om dei skal slå i stykke heile greia. Ho kavar seg ut av senga i episk ørske. Med smale, daudtrøytte auge opnar ho døra. Der står to politimenn og to ganske so biletvakre kvinner som verkar å vere i 20-åra ein stad. Susann gryntar om det er noko ho kan hjelpe dei med.
Dei to presenterer seg som Kristin og Silje frå Barnevernet. Susann kvekk til og blir raud som ein tomat i ballongansiktet. Dei har motteke ei rekkje bekymringsmeldingar frå halve nabolaget, i tillegg til frå ein røyrleggjar som var i huset dagen før. Er det sånn å forstå at Susann ikkje har ein fungerande do ein stad der det bur tre barn? Og heiv Susann piss og skit ned i ein annan person sin hage i natt? Det luktar skit og piss i heile nabolaget, og no er det sol og tretti grader ute. Og Susann skal òg ha sparka til ein av ungane sine, stemmer det?
Og so spør den eine politimannen brått om Susann har som vane å sprade kliss naken rundt i leilegheita, og til og med ta imot gjester utan ein tråd på kroppen? Den sinnssjukt pissetrengte blondina blir endå raudare i ballongkjakane. Dette er utan tvil ei gedigen misforståing! De ser, fyrst daudar bilen min, og so skjer det same med doen! Ei ulykke kjem sjeldan åleine, kan det verke som – og so midt i fellesferien òg!
Kristin og Silje informerer smilande at dei vurderer heimen som utrygg for guten og dei to jentene. Susann seier at eldstebarnet faktisk er ein gut, men at han har blitt hjernevaska av dei grønhåra lesbeheksene på skulen til å tru at han er jente, og homo. Det har sannsynlegvis noko med den sokalla LGBT-agendaen å gjere. Barnevernet og Onkel Politi skymer særs stygt på ho, før dei marsjerer inn i den kokvarme, stinkande leilegheita. Susann blir bryskt og uhyre strengt kommandert til å pakke klede til barna sine i baggar. Og ta for Guds skuld å ta på deg kle, kjerring! Susann viklar seg inn i ein tunika og eit par tights som er ein tanke for tronge. Ho kan ikkje protestere for mykje overfor to politimenn som ber skytevåpen.
Susann blir so informert om at ho er politianmeldt, mistenkt for barnemishandling. Ho har å møte opp nede på politistasjonen i avhøyr i morgon klokka ti. Om ho ikkje kjem, vil dei naturlegvis kome og arrestere ho. Dei forlèt den psykisk ustabile dundra mutters åleine i den solbada leilegheita.
Susann halvvegs hyler inn i røyret til mora. No har dei teke barna mine! Eg må ha advokat! Mora sukkar tungt. Advokatar er svindyre, og mot Staten kjempar sjølv dei mest rettskafne av oss fånyttes. Med mindre Susann har 300 000 liggjande, so har ho ikkje ein sjanse i havet. Ho vil aldri sjå barna sine igjen, det er no heilt sikkert. Og var det no so lurt at Susann fekk heile tre barn, når ho tydelegvis ikkje kan ta seg av dei? Susann rautar høgt i vantru. Mi eiga mor! Ho hyler høgt og kastar telefonen gjennom rommet. Deretter går ho fullstendig amok og raserer leilegheita. Kvart eit møbel blir knust til pinneved.
Det som byrja som samanbrotet til ein bil, har no eskalert til det triste, skremmande samanbrotet til eit menneske. Og ingen kjem til å hjelpe ho, for det er jo midt i fellesferien. Kanskje om ei vekes tid. Kanskje om ein månad. Kven veit i våre tider.