Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.
Har de lagt merke til at der har vore mange historier om «uforklarlege vesen» i verda nyleg? Normalt legg eg ikkje noko særleg merke til slike historier, men i dag vann nysgjerrigheita over meg, og eg bestemte meg for å grave litt i stoffet. Det eg oppdaga var at historier om mysterievesen har gått viralt på sosiale media overraskande regelmessig. I somme tilfelle kan ein identifisere mysterievesena, men ofte kan ein ikkje det. I denne artikkelen kjem eg til å stille ei rekkje spørsmål, fordi akkurat no har eg ikkje alle svara og det er greitt. Verda vår er full av mysterium, og for mange av dei store mysteria finst der ikkje enkle svar.
Lat meg gje dykk eit døme på kva eg snakkar om. Sist veke vart eit ekstremt bisart vesen som «ser ut som ein orc frå Ringenes Herre» skylt opp på ei strand på Sinai-halvøya:
«Dei ofselege etterlevingane frå eit vesen som ‘ser ut som ein orc frå Ringenes Herre’ har blitt funnen skylt i land på kysten av Egypt.
Andrea Jud, 39, fann det mystiske augelause liket med blotta, skarpe tenner på ei strand ved Gabr el-Bint på Sinai-halvøya.
Og akkurat som monsteret frå filmen Alien, hadde det to sett med kjevar – ein inni den andre – for å jakte på bytta sine.»
Fyrst trudde eg at vesenet var temmeleg lite då eg såg biletet av det, men kvinna som oppdaga det sa at det hadde eit hovud som var «større enn knyttneven hennar»:
«Frøken Jud sa at ho var ‘overraska’ over kor stort vesenet var, sidan hovudet var større enn knyttneven hennar.
‘Det var forferdeleg å sjå på det, og minte meg om kor reell døden er,’ sa ho.
‘Mitt fyrsteinntrykk var at det var eit vesen som leid ein temmeleg frykteleg død. Eg kunne ikkje finne ut av kva slags vesen det var.»
Enkelte føreslår at dette vesenet kan vere ein type ål, og kanskje er det sant.
Men det ser definitivt ut som noko henta frå ein science fiction-film for min del.
Her i USA ber tilsette ved Amarillo-dyrehagen om hjelp til å identifisere eit mysterievesen som nyleg vart fotografert av eit av deira rørsleaktiverte kamera:
«Eit mystisk bilete av eit merkeleg, uidentifisert vesen teke utanfor Amarillo dyrehage i Texas har forbløffa byens tenestefolk og Internett-brukarar.
Amarillo by har bede om hjelp etter tryggleikskamera fanga den urovekkjande figuren, som ein tydeleg ser vandre i området ved inngjerdinga til dyrehagen i dei tidlege morgontimane av 21.mai.
Kameraet som tok biletet er rørsleaktivert og sender ei melding til tilsette i dyrehagen når det tek eit bilete. Ein trur at modellen er ein SPYPOINT Link-Micro-S-LTE.»
Mange nyheitskjelder valde å skildre denne merkelege figuren som ein «ulvemann», og historia gjekk raskt viralt på sosiale media.
Vesenet på biletet er openbert i stand til å gå.
So det er fullstendig mogleg at det kan vere ein person med ein svært merkeleg hatt.
Og det er viktig å leggje merke til at vesenet vart fotografert utanfor gjerdet til dyrehagen.
So det ville utelukke alle eller alt inne i dyrehagen.
Naturlegvis finst der mange, mange tilfelle der tryggleikskamera dokumenterer ting som vi rett og slett ikkje kan forklare, og kanskje kan vi aldri få ei fullstendig forklaring på denne hendinga heller.
Og det er ingenting gale med det.
Ofte kjem nokre av dei underlegaste vesena vi støyter på, rett frå havet.
Ganske nyleg fanga ein profesjonell fiskar i Australia eit verkeleg bisart vesen som er svært skremmande å sjå på:
«Den profesjonelle fiskaren Jason Moyce, som går under kallenamnet Trapman Bermagui på sosiale media, håva inn mysteriemonsteret utanfor kysten av sin heimstad Bermagui, rundt 240 miles [om lag 386 km.; oms.an.] sør for Sydney. Han delte eit bilete av beistet på sosiale media, og bad om hjelp med å identifisere det, sidan verken han eller kapteinen på charterbåten hadde noka aning om kva fisken kunne vere.
Den ser ut til å ha rosa-grå flekkar, som noko henta frå Stranger Things’ Upside Down. Auga bular ut på sidene av hovudet, og den digre munnen, som dekkjer mesteparten av fjeset, inneheld rader med skarpe tenner. Fisken har på bilete framleis åtet i munnen.»
Ein ekspert seier at han trur det kan vere ein marulk, og han kan ha rett.
Kanskje alle desse observasjonane berre er eit resultat av enkle misoppfatningar.
Men vi ser definitivt ut til å leve i ei tid der naturen sjølv går amok, i det sjølve samfunnet vårt i aukande grad spinn ut av kontroll.
Til dømes har det dei siste dagane blitt rapportert at gardbruk i det vestlege USA blir herja av «verkeleg bibelske svermar» av kannibalistiske insekt:
«På toppen av ein verre og verre tørke og stigande temperaturar, kjempar bønder i den vestlege tredjedelen av USA mot utbrot av kannibalistiske insekt som herjar med avlingar frå Nevada til Montana. Tenestefolk har brukt millionar av dollar dei siste åra i eit forsøk på å kontrollere dei eksplosive svermane av Mormonar-grashopper som er ansvarlege for å øydeleggje digre areal med avlingar frå Nevada til Montana.
Mormonar-grashopper, som høyrer heime i Nord-Amerika, fekk namnet sitt på 1800-talet då desse kjempeinsekta øydela bøane til mormonske nybyggjarar. Desse insekta er ikkje eigentleg grashopper; dei er faktisk skjold-berande, kortvengja lauvgrashopper (familienamnet Tettigoniidae), som liknar på feite grashopper som ikkje kan fly, ifølgje Universitetet i Nevada, Reno’s College of Agriculture, Biotechnology and Natural Resources.»
Dette er ei verkeleg merkeleg historie.
Men det skjer verkeleg.
Då eg voks opp verka det som om verda rundt meg var so «normal», men no ser verkeleg sprø ting ut til å skje nesten dagleg.
Uheldigvis er det vi har vore gjennom so langt, berre byrjinga.
Eg forventar at globale hendingar akselererer endå meir i månadene som kjem, og mange ting som før ville ha vore utenkjelege, vil snart vere ein realitet.
So ver ikkje for sikker på at du veit alle svara, fordi ting vil snart skje på denne planeten som i stor grad vil skake ved oss alle.