Den vestlege verda eksploderer i vald og drap – tre dødelege skyteepisodar på litt over ei veke

Sidan laurdag 25.juni har det funne stad tre dødelege skyteepisodar i vestlege land: homoterroren i Oslo 25.juni, kjøpesenterskytinga i København sundag 3.juli, og no sist skyteepisoden i Highland Park i Chicago 4.juli, den amerikanske nasjonaldagen. Alle tre episodane vart utførde av einslege menn, høvesvis Zaniar Matapour, Noah Esbensen og Robert Crimo. I terroren i Oslo sentrum omkom to personar, i København tre, og i Highland Park seks. Sistnemnde skyting fann stad under ein 4.juli-parade. Den offisielle forklaringa på alle tre skyteepisodane ser ut til å vere at gjerningsmennene var alvorleg psykisk sjuke. Ebensen skreiv mellom anna i selfie-videoar at «Quetiapine doesn’t work». Han refererer til eit legemiddel som er mykje brukt i psykiatrien. Amerikanaren Robert Crimo som er pågripen for Highland Park-massakren hadde òg ein del bisarre videoar liggjande ute på sosiale media, under artistnamnet «Awake, the rapper».

Er dette desperate handlingar frå alvorleg psykisk sjuke som ikkje får den hjelpa dei treng frå samfunnet? Er dette ein konsekvens av eit samfunn som var nedstengt i to år, inkludert for psykisk sjuke og andre pleietrengjande? Ser vi no resultatet av to års alvorleg neglisjering av den psykiske helsa til menneske? Om dette berre er byrjinga, fryktar eg at resten av 2022 kjem til å bli fylt av liknande episodar. Om samfunnet vel å feie alt slikt under teppet, vil bulen på teppet før eller seinare bli so diger at alle vil sjå den. Det er grenser for kor mykje død og liding ein kan gøyme vekk i mørke krokar og teie ihel med «faktasjekkar».

Iranskfødde Matapour er den einaste ikkje-vestlege mannen blant dei tre. Han er òg minst tjue år eldre enn dei to andre. Han ropte «Allahu Akbar» og «Gud er stor» medan han plaffa rundt seg i den varme sommarnatta. Var det religion eller ei drastisk eskalering av det retten i si tid kalla «openberre psykiske problem»? Kanskje var det begge delar. Det er ikkje fyrste gong at religion har skapt alvorlege psykiske lidingar hjå menneske. Og det vil ikkje bli siste gong heller. Dette er ikkje unikt for islam. Det norske bibelbeltet har ei lang, trist historie om totalitære sekter, der leiarar styrte sine hjernevaska disiplar med hard hand, frå vogge til grav. Dei som gjorde det einaste rette og braut ut av sekta, fann seg sjølv mutters åleine utan eit nettverk. Desse sektene misbrukte Guds namn til å utføre handlingar Gud neppe ville ha bifalle. Eg har sjølv kjennskap til personar som vart sperra inne i mørke rom og halde vakne i dagevis med høgtlesing frå Bibelen. Resultatet vart nervøst samanbrot og eit liv i psykiatrien. So fort religion går over i fanatisme, er vegen kort til ei totalitær sekt som har tragisk misforstått den verkelege tanken bak kristendommen og Gud. Religion kan seiast å vere rota til problemet, i dette tilfellet ei total misoppfatning av kva religion eigentleg er, og korleis det kan anvendast på mennesket og sjølve livet. Utifrå denne tolkinga er ikkje ekstremistar religiøse, dei er galne og farlege.

Når det gjeld det Mattias Desmet ved Universitetet i Ghent kallar massedanningspsykose eller masseformasjon, er ikkje religion rota til problemet. Der er fråværet av Gud det mest prominente aspektet. Teknokrati set ikkje berre mennesket og moderne teknologi over Gud, dei avskaffar sjølve konseptet Gud. Dei har vendt seg vekk frå alt det gode og gått over til å tene det vonde; den mørke, antigudelege krafta som blir kalla Satan, Djevelen eller Lucifer. For dei er Gud død, og dei sjølve går inn og erstattar Hans rolle. Tek ein vekk trua på det gode hjå eit menneske, vil ein ta frå mennesket alt håp. Det er i stor grad det plandemien har handla om – å ta frå menneske håpet, sjølve trua på ei framtid med fridom og kjærleik. Slike konsept er uforeinlege med den teknokratiske eliten sitt tankegods. Dei vil sensurere, undertrykkje og helst eliminere alle som freistar å gje oss håp, alle som freistar å minne oss på at der framleis finst kjærleik og fridom i verda. Berre menneske utan håp og framtidstru vil late seg kue og indoktrinere med vondsinna propaganda, og late seg hjernevaske til å vende seg mot alle som ikkje lèt seg hypnotisere av eliten. Naturleg immunitet er ein gudgjeven (naturleg) eigenskap i kroppen vår, medan dei kunstig framstilte mRNA-injeksjonane er det fullstendig motsette. Og dei blir på innpust og utpust kalla «trygge og effektive» og «einaste løysinga på ‘pandemien’».

Står eliten bak all valden og dei dødelege skyteepisodane vi no ser? Det veit vi ikkje. Men det er visseleg i deira interesser at menneske døyr på grunn av handlingane til psykisk sjuke «einstøingar», for det er i tråd med deira gudlause visjonar om nært føreståande avfolking av planeten. Alt som kan redusere befolkninga er høvande i deira auge, det vere seg mRNA-injeksjonar, planlagt sveltedød, krig, samfunnskollaps, osb… Om den vestlege verda eksploderer i vald og terror, vil dette berre framskunde kollapsen av samfunnet og innføringa av Den store nullstillinga (Great Reset), Agenda 2030, Den fjerde industrielle revolusjon eller kva enn dei vonde kallar denne omstillinga til eit moderne føydalsystem med ein herskarklasse som eig alt og ein tenarklasse som eig ingenting.

«Du skal eige ingenting og vere lykkeleg. Du skal ikkje lenger tru på Gud, for vi er no guden din. Hald kjeft, hald avstand og ten oss – elles drep vi deg.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s