I monumentet er det inngravert ei melding som oppfordrar til å «halde verdas befolkning under 500 millionar».
Av Jack Bingham, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.
«Georgia Guidestones»-monumentet, som har møtt kritikk for sine livsfiendtlege inskripsjonar om befolkningskontroll og for å referere til menneske som «kreft på Jorda», vart delvis øydelagt i ein eksplosjon onsdag [6.juli 2022].
«Etterforskarar sa at ukjende gjerningsmenn detonerte eit eksplosjonsverktøy rundt fire om morgonen,» rapporterte Fox 5 Atlanta, og la til at ingen vart skadde i hendinga.
Bilete av utfallet viser småstein som ligg rundt det no medfarne monumentet, der ein av dei fire pilarane av strukturen manglar fullstendig.
Christopher Kubas, eksekutiv visepresident i Elberton Granite Association, ein organisasjon som er delvis ansvarleg for å vedlikehalde det kontroversielle monumentet, fortalde Fox 5 Atlanta at «Guidestones» lenge har vore eit mål for vandalar fordi mange ser på dei inngraverte meldingane i steinane som «støytande».
Inkludert i inskripsjonane er: eit krav om danninga av ein «verdsdomstol»; eit krav at menneske «ikkje er kreft for Jorda»; ein ordre om å «styre reproduksjon klokt»; innføringa av ei styreform som «balanserer personlege rettigheiter med sosiale plikter»; so vel som eit diktat som oppfordrar til å halde menneskebefolkninga «under 500 millionar».
Monumentet vart fyrst reist i Elberton i 1980 på vegner av ei «lita gruppe lojale amerikanarar». Identiteten deira har aldri blitt bekrefta, noko som berre har auka kontroversen.
Trass anonymiteten til støttespelarane og mysteriet rundt opphavet til strukturen, har det lenge gått eit rykte om at CNN-grunnleggjaren og den berykta forkjemparen for befolkningskontroll, Ted Turner, er ein av dei sentrale figurane involvert i skapinga av monumentet.
I tillegg til frasane, som er skrivne på ei rekkje språk, inneheld monumentet òg eit solur og ein «stein på toppen» som er «astronomisk på linje med nordstjerna».
På grunn av risikoen for vandalisme har Georgia Guidestones sidan 2014 blitt videoovervaka døgnet rundt.
Oppdatering: Monumentet er no demontert, visstnok av tryggleiksårsaker.