Henta frå State of the Nation. Omsett av saksyndig.
Dette er vendepunktet som vi alle har venta på.
Lat oss fyrst forstå den udiskutable realiteten rundt utføringa av Operasjon Covid-19 og den påfølgjande implementeringa av Covid sin Super-vaksineringsagenda: Dei tallause kriminelle konspiratørane som utførde dette globale folkemordet er ekstremt forrykte psykopatar og kriminelt sprø drapslystne galningar.
Når det er tilfellet, kjem dei til å gjere mange særs dumme ting medan dei utfører si episke kriminalitetsbølgje over heile verda. Faktisk har desse mordariske psykoane gjort den eine feilen etter den andre – svært store feil, altso. Likevel er det temmeleg mogleg at desse episke blunderane ikkje var feil i det heile; snarare ein refleksjon av den komplette kommandoen og kontrollen som New World Order-globalistkabalen no utøver over heile sivilisasjonen på planeten. Eller, i det minste, den dei trur dei utøver.
Uavhengig av den sanne statusen til deira globale dominans, har NWO-gjerningspersonane bak Covid-19-biokrigen som blir ført mot heile menneskeheita, verkeleg drite på draget. Deira største feilberekning med god margin, var i kor stor grad dei kunne halde ved like det å skjule Covid-«vaksine»-folkemordet.
Seriøst, korleis prøver de å vaksinere nesten åtte milliardar menneske over heile planeten med ekstremt farlege og dødelege Covid-injeksjonar, der millionar snart døyr eller pådreg seg livstrugande skadar på grunn av den dødelege sprøyta, for so å forvente at slikt eit openlyst avfolkingsprosjekt kan dekkjast over på ein effektiv måte? Av alle dumme ting!
Austerrike set verdsomspennande presedens
Dei langtrekkjande konsekvensane og umiddelbare effektane assosiert med forskyvinga av ansvar frå staten til den medisinske profesjonen i Austerrike er verkeleg forbløffande. Og hysterisk morosamt!
Trass det faktum at den føderale regjeringa i Austerrike var den fyrste nasjonen i verda til å uvørdent og ulovleg gjere Covid-«vaksinen» påbode for kvar borgar (og innbyggjar) i Austerrike, påfører den same regjeringa no bøter på opptil 14 000 euro på legar «for å bryte plikta til å rapportere biverknader eller mangel på effektivitet».
Kor ironisk er det at landet som hosta opp det mest drakoniske og ulovlege nasjonale vaksinepåbodet, no prøver å vri seg unna alt ansvar for si bevist kriminelle framferd. Pass på at du les den omtala artikkelen for å fatte skiftet som skjer i Austerrike når det gjeld kven som vil stå ansvarleg for massedøden og massesjukdommane som Covid-«vaksinen» har skapt. Det er temmeleg utruleg.
Du kan vere trygg på, etter kvart som talet på dødsfall og skadar etter Covid-«vaksinane» går til himmels, og det kjem dei til å gjere der det har funne stad vaksinasjon av flest menneske, at denne same regjeringa sitt spel om kven som har skulda, vil eskalere til eit folkebråk av ei anna verd.
Deretter vil kvar av dei nasjonane som tankelaust pusha dei ofte dødelege Covid-sprøytene på sine innbyggjarar, snart lide vreiden til folket. For når befolkninga til fulle forstår det sanne omfanget av denne høgt organiserte kriminelle konspirasjonen som har som mål å bedra og ta livet av eller alvorleg skade dei, vil verda bli vitne til ein samfunnseksplosjon utan sidestykke, ein eksplosjon av sinne, bitterheit, fiendskap, villskap, indignasjon, raseri, hemn, nag og gjengjelding.
OBS!
Derimot ser det tungt AI-overvaka Internett kvart einaste trekk som vi alle saman tek.
Det tyranniske teknokratiet skannar og overvakar all digital kommunikasjon og cyber-rørsler rundt om i verda – døgnet rundt.
Difor vil gjerningsmennene til ei kvar tid vete nøyaktig kva vi driv på med – nasjon for nasjon – sånn at dei Covid-kriminelle kan bli beskytta via kva enn slags føre-var-tiltak og trekk som er naudsynte.
Om ei populær rørsle skulle dukke opp spontant over heile verda på grunn av sjølve Internett si evne til å gå viralt, vil NWO-kabalen mest sannsynleg gjere noko svært stort, slik som 1) byrje ei kontrollert øydelegging av det globale økonomiske og finansielle systemet, eller 2) utløyse den heite fasen av Tredje verdskrig, eller 3) lansere nok ein skremmande global plandemi, eller…
Konklusjon
Same kor godt førebudde dei Covid-kriminelle er, kan rett og slett ingenting stoppe Oss, folket, frå å reagere på at den pågåande nifse NWO-agendaen blir implementert overalt, heile tida. Sjølve ryggrada til den vondsinna agendaen er, naturlegvis, Covid-super-vaksinasjonsagendaen.
Difor, dess fleire som på mest uheldig vis blir skadde eller som blir drepne av sprøyta, dess større blir den råe responsen frå folk det går utover i verda. Med andre ord, vil det fabrikkerte fryktviruset raskt forvandle seg til raseriviruset som rettar seg mot gjerningsmennene med ekstraordinært raseri og villskap.
Som undertittelen vågalt erklærer: «Dette er vendepunktet som vi alle har venta på.»