Kor alvorleg burde vi ta Long Covid?
Av Toby Green og Thomas Fazi. Henta frå Unherd. Omsett av saksyndig. Sjå originalartikkelen for linkar.
Dei vanlege mistenkte har jobba iherdig med å krevje meir helserestriksjonar i det forteljinga om aukande Covid-tilfelle blir selt via media. WHO sin generalsekretær Tedros Adhanom Ghebreyesus har drive og bede regjeringar om å setje i verk «prøvde og testa tiltak» slik som munnbind og testing, medan diverse avgangselevar frå Storbritannias «Independent SAGE» krev ei gjeninnføring av innandørs bruk av munnbind og gratis hurtigtestar.
Det er visseleg sant at desse tiltaka har blitt «prøvd og testa». Universell munnbindbruk vart prøvd frå januar 2020 i Hong Kong, der ein såg nesten total lydigheit til dei utanfor heimen; verdas høgaste Covid-dødsrate vart registrert der i mars dette året. Sør-Korea vart lenge lovprist for sitt «vellykka test- og sporsystem» som «slo pandemien»; dei forlét den strategien i februar på grunn av rekord i talet Omikron-infeksjonar. Naturlegvis har både munnbindbruk og test-og-spor blitt prøvd i ymse kombinasjonar i høginntektsland, inkludert Storbritannia – og likevel, trass dette, estimerte Kontor for nasjonalstatistikk i april at over 70% av britane har blitt infisert av Covid.
Ikkje noko av dette er ovarraskande: der var verkeleg aldri vitskapleg grunnlag for universell munnbindbruk. Dette var openbert basert på den pre-pandemiske litteraturen, som er grunnen til at WHO (saman med CDC og høgprofilerte helseekspertar slik som Anthony Fauci) i byrjinga frårådde massebruk av munnbind; vidare studiar har bekrefta at «eksisterande data ikkje støttar universell, ofte feilaktig, bruk av munnbind i den generelle befolkninga som eit beskyttande tiltak mot Covid-19». Sjølv New York Times har i det minste delvis akseptert dette, og publiserte ein artikkel 31.mai med tittelen «Why Masks Work, but Mandates Haven’t». Når det gjeld kontaktsporing var konsensus før 2020 endå klarare, med WHO sin 2019-rapport om «Ikkje-farmasøytiske folkehelsetiltak for å mildne risikoen og verknaden av epidemisk og pandemisk influensa», der dei hevda at «under ingen omstende» burde den bli sett i verk på grunn av den avgrensa effektiviteten. (Der finst heller ingen evidens for at nedstengingar hadde nokon varig effekt på spreiinga av Covid-19. Faktisk kan dei ha forverra den.)
På dette punktet er det verkeleg ikkje klart kva forkjemparar av desse «prøvde og feila» restriksjonane håper dei vil oppnå, utifrå at – sjølv i samband med fleire dosar av Covid-vaksinane – dei ikkje har vore i stand til å hindre at det store fleirtalet av folk får Covid. Som professor i epidemiologi ved Edinburgh Universitet, Mark Woolhouse, skreiv i The Year the World Went Mad, kan ikkje nedstengingar og tilknytte ikkje-farmasøytiske inngrep eliminere eit virus, eller til og med hindre smitte – dei kan berre forseinke dei, og sjølv då berre over eit kort tidsrom.
Og likevel, sa den britiske junior-helseministeren Lord Kamall tidlegare denne veka at restriksjonane kunne vende tilbake dersom NHS [det britiske offentlege helsevesenet; oms.an.] strevar med å handtere den aukande mengda Covid-tilfelle. I mellomtida, i Italia, mislykkast òg junior-helseminister Andrea Costa å utelukke gjeninnføringa av Covid-restriksjonar trass aukande tilfelle; det vart berre sagt at dei ikkje vil vende tilbake «på noverande tidspunkt». Vi ser ei tilbakevending av Covid-skremselen – som har gjort so mykje for å hindre ein rasjonell debatt om dei beste måtane å handtere pandemien. Dagens fryktobjekt er den siste Omikron-undervarianten, BA.5, som ser ut til å vere meir smittsam enn nokon tidlegare variant. Dersom det er tilfellet, tydar det rett og slett at ikkje-farmasøytiske inngrep vil vere endå meir fånyttes i å slå tilbake spreiinga, noko som tydar at det å gjeninnføre restriksjonar vil vere fullstendig ulogisk.
Der finst ei heller nokon evidens for å hevde, som ein nyleg artikkel i Daily Beast slo fast, at denne nye varianten «er den farlegaste til no». Den mest nylege studien (pre-print) konkluderer at «sjukdomsalvorlegheit var lik blant diagnostiserte Covid-19-tilfelle i BA.4/BA.5- og BA.1-periodane i konteksten veksande immunitet mot SARS-CoV-2 på grunn av tidlegare infeksjon og vaksinering, der begge beskytta sterkt,» medan ein annan (under gjennomgang) oppdaga at dei «nyss oppståtte Omikron-familiane BA.4/BA.5 held fram med å vise redusert klinisk alvorlegheit samanlikna med tidlegare variantar, som observert for Omikron BA.1.» Dr. David Dowdy, epidemiolog ved Johns Hopkins Bloomberg School of Public Health, fortalde Business Insider: «Nett som viruset tilpassar seg, gjer kroppane våre det same.» Han heldt fram: «Det er ikkje slik at ting blir verre for kvar variant. Om noko, blir kroppane våre smartare og vi ser færre og færre alvorlege infeksjonar.»
Likevel argumenterer mange for at tidlegare infeksjon i praksis ikkje gjev immunitet mot BA.5 – og at vi difor alle burde gjere oss klare for nok ein runde med vaksinering. Faktisk viser dataa ikkje noko slikt; data på befolkningsnivå viser oss eintydig at tidlegare infeksjon gjev immunitet. Faktisk viser den mest nylege studien om emnet, publisert i verdsleiande New England Journal of Medicine, at tidlegare Covid-infeksjon gjev betre vern mot symptomatisk Omikron (BA.1 og BA.2 undervariantar) meir enn eit år etter infeksjon, enn tre dosar med vaksinar meir enn ein månad etter sistedosen.
Derimot har Covid-skremmarane nok eit ess i ermet. Medan talet Covid-dødsfall held seg nede, gjev ein stadig meir merksemd til «long Covid» (LC) som ein hemmande tilstand som krev nye restriksjonar, og nok ein runde med massevaksinering, for å hindre at fleire personar blir råka av det. Burde våre leiarar lytte?
Det fyrste spørsmålet ein må stille seg er: kor alvorleg tilstand er LC? Som ved so godt som alt Covid-relatert, er meiningane polariserte – og, likeso ofte, er sanninga truleg i midten ein stad. Medan somme studiar har antyda at det skjer blant so mange som 30% av dei infisert av viruset, har andre funne ut at talet utgjer 7%. Ein av dei mest djuptgåande studiane so langt, publisert i mai 2022 i Annals of Internal Medicine, var ikkje i stand til å finne noka biologisk forklaring på LC-symptom. Dette tydar naturlegvis ikkje at LC berre finst i folk sine hovud, som forskarane som utførde studien var ivrige etter å presisere. (Visseleg veit vi at folk nær oss lid av det, so vi kan vere vitne til det faktum at det er eit alvorleg problem.) Studien antydar derimot at LC kan vere eit mykje meir komplekst fenomen enn vi kan førestille oss.
Sanneleg har eksistensen av LC blant barn og unge vaksne vore emne for mykje debatt på grunn av vanskane med å påvise om dei vanlegaste symptoma ein vanlegvis finn i LC – tristheit, spenning, sinne, depresjon, angst, fatigue, søvnforstyrringar – er på grunn av sjølve Covid eller andre (co-)faktorar. Ein av dei tidlegaste kohort-studiane på LC, publisert i august 2021, konkluderte at:
«Det er mogleg at symptoma tilknytt Long Covid eigentleg er ei blanding av faktorar relatert til pandemien og nedstenging som eit heile, snarare enn sjølve den virale infeksjonen. Til dømes kan faktorar slik som sosial isolasjon, angst, depresjon eller bekymringar knytt til utdanning vere rotårsaken til desse symptoma hjå barn og unge vaksne, både med og utan SARS-CoV-2-infeksjon.»
Med tanke på dei øydeleggjande og veldokumenterte effektane av nedstengingar og skulestengingar på barns mentale helse, verkar ikkje dette urimeleg.
Ein meir nyleg studie utført av det italienske pediatrisamfunnet oppdaga at «fysiske symptom på grunn av SARS-CoV-2, sjølv om dei framleis var der fire veker etter infeksjon, har tendens til å gå tilbake spontant eller under behandling i løpet av få månader, medan mentale problem kan vere der lenger.» Sidan «fleire faktorar indikerer at mentalhelseproblem er avhengige av stressforholda som barn gjekk gjennom under pandemien,» konkluderte forskarane at «det som har blitt rapportert for pediatrisk Long Covid antydar vidare at flesteparten av dei kliniske manifestasjonane som karakteriserer Long Covid er avhengige av pandemien og ikkje direkte av infeksjonen.»
Éin ting er sikkert: vi veit framleis for lite om LC, nokon som tydar at vi må intensivere forskinga på tilstanden – som dei som lid av den har bede om ganske lenge. Men det vil vere uakseptabelt å bruke som våpen den svært reelle uroa til dei som lid for å rettferdiggjere nye ikkje-farmasøytiske inngrep som har mislykkast på alle tenkjelege måtar, eller ein ny runde med tvangsprega massevaksinering.
Visdommen vi har tileigna oss frå det politisk-vitskaplege etablissementet i det siste året, har vore at universell vaksinering vil føre til flokkimmunitet, og difor til slutten på infeksjonen (og dermed LC). Med tanke på at EU, per dags dato, har bestilt 4,2 milliardar dosar med Covid-19-vaksinar, dei fleste av dei frå Pfizer – det er nesten ti dosar for kvar mann, kvinne og barn i alle aldrar i EU – er det tydeleg at sjølv dette etablissementet aldri trudde at universell vaksinering ville føre til flokkimmunitet (i det minste ikkje raskt). No, derimot, anerkjenner sjølv dei politiske autoritetane (og andre figurar slik som Bill Gates) at vaksinane ikkje vil hindre infeksjonar og ikkje tilby beskyttelse særleg lenge. Ein diger studie frå mai 2022 av meir enn 13 millionar menneske publisert i Nature Medicine har òg oppdaga at «long Covid-risiko fell berre litt etter vaksinering». Talet tilfelle aukar, og der er press for å «gjere noko». Men om verken vaksinar eller ikkje-farmasøytiske inngrep kan hindre Covid-infeksjon, og sjølv om nokre menneske som ikkje er sjukehusinnlagt utviklar LC-symptom, kva er løysinga?
Her er det verdt å vende tilbake til dei fyrste månadene av pandemien, når der ikkje var visse om ei Covid-vaksine nokosinne kunne bli utvikla. I dei tidlege månadene vart behandlingar av mange vurdert som å vere likeso håpefulle som vaksinar. Du kan sikkert hugse furoren rundt hydroksyklorokin, anti-malaria-legemiddelet som raskt vart lovprist som «Trumps kur» – men som Didier Raoult, ein av dei mest siterte vitskapsmennene i Frankrike (og ein av dei nesten 400 mest-siterte vitskapsfolka i verda), og påstod å ha brukt med stor suksess i behandlinga av Covid-symptom tidleg i pandemien. Du kan sikkert òg hugse kontroversen rundt ivermectin.
Desse behandlingane var kontroversielle, ja, men somme vitskapsfolk trudde i byrjinga (og trur framleis) at effektive behandlingar eksisterer for Covid i tidleg stadium; visseleg, er dette ei gate verdt etterforsking? Medan enorme pengesummar har blitt brukt på Covid-vaksinane, har mykje mindre blitt investert i å utvikle behandling for tidlege stadium – når behandlingar har blitt godkjende av regulatørane, slik som Remdesivir, har dei tendens til å bli brukt mot seinare stadium.
Naturlegvis speler vaksinar ei nøkkelrolle i å hindre alvorleg sjukdom og dødsfall blant dei som er i høgrisikogruppa for Covid – men dette var alltid, i sanning, ein relativt liten del av befolkninga, som studie etter studie har vist. No når det er klart at vaksinane ikkje hindrar smitte, er det på tide å flytte fokuset til den typen tidlege behandlingar som er livsviktige i å hindre potensiell LC i å utvikle seg. Å insistere på dei same restriksjonane og vaksine-sentrerte strategiane frå dei siste år og forvente eit anna resultat er, som Einstein kunne ha sagt, rett og slett galskap.