Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Europeiske forskarar sette saman ein studie som avslørte at statsstyrte nettsider med informasjon om Wuhan koronavirus (Covid-19) er eit privatlivsinvaderande mareritt – lat folket ta seg i akt!
Artikkelen, med tittelen «Measuring Web Cookies in Governmental Websites» [på norsk «Måling av informasjonskapslar på statlege nettsider»], som vart finansiert av Det europeiske forskingsrådet (ERC), Den europeiske union (EU) og den spanske regjeringa, forklarer at statlege nettsider i praksis blir brukt som «eit enkelt overvakings- og sporingspunkt for heile befolkninga i eit land» ved å bruke web cookies (informasjonskapslar).
Forskarane såg på tre ulike typar nettsider, inkludert dei offisielle statlege nettsidene til G20-land rundt om i verda; nettsidene til internasjonale organisasjonar slik som FN; og populære nettsider brukt av folket for Fauci-influensasporing [Covid-19] og informasjon. Dei såg på kvar side sin bruk av informasjonskapslar og kom til den konklusjonen at i overkant av 90% av statlege nettsider «skaper informasjonskapslar til tredjeparts-sporarar utan noko samtykke frå brukarane».
«Informasjonskapslar har blitt utnytta til å samle informasjon om brukarane sine aktivitetar og interesser på nettet,» forklarer artikkelen.
«Non-session informasjonskapslar, som blir skapt av sporarar og kan vare i dagevis eller månadsvis, er i omfattande grad til stade sjølv i land med strengare lover knytt til brukarkonfidensialitet. Vi viser òg at ovannemnde er eit problem for offisielle heimesider til internasjonale organisasjonar og populære nettsider som informerer folket om Covid-19-pandemien.»
Her er eit tips: Ikkje besøk noka statleg Covid-nettside i fyrste omgang, og du vil ikkje bli spora
Verdas største økonomiar engasjerer seg med andre ord i hemmeleg og potensielt ulovleg spionasje og overvakingsopplegg via offisielle statlege nettsider som folket bruker for å lære om Covid og ta del i andre former for propagandakonsumpsjon.
Av dei 5550 statlege nettsidene og meir enn 118 000 URL-ane administrert av statar, tilhøyrde meir enn 50% av informasjonskapslane deira til tredjepartar, medan alt frå 10-90% hadde sitt opphav i kjende sporarar.
«Dei fleste av desse informasjonskapslane har eit livsløp på meir enn ein dag, og mange har ei varigheit på eit år eller meir,» avslører studien.
Rundt 60% av statlege nettsider bruker minst éin tredjeparts informasjonskapsel medan 95%, eller nesten alle, skaper informasjonskapslar utan brukarsamtykke. Tredjeparts informasjonskapslar er forresten «kjent for å spore brukarar med den intensjon å samle inn data,» forklarer studien.
Statlege nettsider om kinaviruset [Covid-19] er dei verste forgriparane, sidan 99% inneheld skjule informasjonskapslar som vart plasserte der utan brukarsamtykke.
«Til dømes har den svært populære nettsida med verdskart over Covid-19-tilfella, vedlikehalden av Johns Hopkings University, lagt til informasjonskapslar frå 7 sporarar,» står det vidare å lese i artikkelen.
«Alle dei andre Topp 10-netteisdene er offisielle nasjonale informasjonsnettsider i europeiske land som har tre sporarar eller meir. Amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) er òg på Topp 10-lista, med informasjonskapslar tilknytte tre sporarar.»
Det brukte å vere slik at ting som dette berre fann stad i openlyst kommunistiske land slik som Kina, som fører vegen til totalitarisme. I det siste verkar derimot USA og andre vestlege makter å kopiere modellen til det kinesiske kommunistpartiet (CCP) ved å innføre «sosialkreditt-poengsum»-aktige system i sine respektive land.
Fauci-influensaen [Covid-19] vart eit universelt påskot til å invadere folks privatliv, påtvinge dei visse åtferdsrestriksjonar, og til og med utføre medisinsk valdtekt i form av munnbindpåbod og «vaksinering».
Det ser ut til at til og med på nettet driv staten og bryt folk sine rettar, og sporar åtferda deira utan løyve. Det fulle omfanget av kvifor staten ønskjer å spore folks åtferd på nettet, har enno ikkje kome fram i lyset.