Tyskland stengjer ned i sakte kino; «grøn energi» øydelegg økonomien

«Sosial fred» i fare: Dyrking av grøn energi i Tyskland får landet til å stengje ned i sakte kino

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Same kor mykje «grøn energi»-ekstremistane ønskjer å stengje av all bruk av fossilt drivstoff i morgon, er det eit faktum at alle i-land treng desse drivstofftypane for å drive økonomien.

Utan dei kollapsar økonomien fordi dei «grøne» alternativa – for det meste vind- og solkraft – ikkje på langt nær er avanserte nok til å skape den same krafta og energien som ein treng i moderne nasjonar.

Men den realiteten har ikkje stoppa i-land frå den raske innføringa av sokalla fornybare energiformer på kostnad av deira fossildrivstoff-infrastruktur, og dei stuper inn i innsatsen – utan å tenkje særleg mykje på konsekvensane.

Vel, dei konsekvensane kjem no heim frå beite til gagns, spesielt for dei venstreekstreme regjeringane i Europa.

Tyskland er på langt nær den største økonomien på kontinentet, men dei stengjer sakte ned på grunn av at dei lit altfor mykje på fornybare energiformer som har gradvis auka det siste tiåret, og at dei lit altfor lite på kraftgenerering som krev fossilt drivstoff.

Ifølgje Zero Hedge tok Vonovia, Tysklands største utleigar, det hittil usette steget å leggje restriksjonar på bruk av varme om natta i det mange ser på som ein sjokkerande forsmak på kva som kjem i det «mest avanserte» europeiske landet komande vinter.

Faktisk kjem det til å bli mykje verre.

Financial Times [bak betalingsmur; oms.an.] rapporterer at Tyskland har gått til det steget å rasjonere varmtvatn, dempe gatebelysninga om natta og stengje symjebasseng på grunn av ei stadig verre energikrise som har byrja å spreie seg frå industrien til kontor, rekreasjonssenter og heimar.

«Grunnen til at Tyskland blir lamma i sakte kino er velkjent: den høge auken i gassprisar utløyst av Russland sitt steg sist månad å betydeleg redusere forsyningar til Tyskland, har hive Europa sin største økonomi ut i deira verste energikrise sidan oljeprissjokket i 1973,» rapporterte Zero Hedge.

Straumprisar har allereie stige til sitt høgaste nivå nokosinne, medan gassimportørar og kraftselskap har byrja å kjempe berre for å overleve fordi kunderekningar skyt i vêret. Somme selskap åtvarar om aukande sivil uro og ei massiv devaluering av valutaen i landet.

«Situasjonen er meir enn dramatisk,» sa Alex Gedaschko, leiaren av føderasjonen av tyske bustadføretak GdW. «Den sosiale freden i Tyskland er i stor fare.»

Men i det spenningar som har sitt opphav i Russland sin invasjon av Ukraina held fram med å auke, trur tenestefolk i Tyskland at situasjonen der kjem til å bli mykje verre. Måndag [18.juli 2022] byrja Russland å stengje ned sitt hovudrøyr til Tyskland, Nord Stream 1, i ti dagars tidlegare planlagt vedlikehald. Men mange i Berlin trur at røyret aldri vil opne igjen.

Medan han nemnde 22.juli, dagen då russisk gassflyt er forventa å bli gjenoppteken, sa DBs Jim Reid at «medan vi alle bruker mesteparten av marknadstida vår på å tenkje på den amerikanske sentralbanken og ein resesjon, mistenkjer eg at det som skjer med russisk gass i H2 er ei potensielt endå større historie.

Naturlegvis, innan 22.juli kan delar ha blitt funne og forsyninga kan byrje å normalisere seg. Alle som fortel deg at dei veit kva som vil skje her, driv i beste fall med gjetting, det burde vere eit digert fokuspunkt for alle på marknaden,» sa han.

Banken åtvarar òg passande nok at «dersom avstenginga av gass ikkje blir løyst i dei komande vekene, vil dette føre til ei utbreiing av energiforstyrring med betydelege augneblinkseffektar på økonomisk vekst, og naturlegvis mykje høgare inflasjon.»

Dette kjem i det Tyskland allereie byrja å rasjonere gass sist månad som ein måte å spare på forsyningane.

«Situasjonen på gassmarknaden er spent og uheldigvis kan vi ikkje garantere at den ikkje blir verre,» sa økonomiminister Robert Habeck på tysdag. «Vi må førebu oss på at situasjonen blir kritisk.»

Tyskland er på randa av kollaps og vil falle over kanten dersom galskapen rundt «fornybare energiformer» ikkje sluttar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s