Kvifor spreier kjønnsdysfori seg som eld i tørt gras?

Av Cookie Schwaeber-Issan. Henta frå Creative Destruction Media. Omsett av saksyndig.

Generelt sett, når noko spreier seg som eld i tørt gras, er det på grunn av ein trend som alle ønskjer å ta del i. Hugs Fidget Spinners, dei små tresida leikane som du snurra rundt med fingrane eller dei leiketøya som etterlikna bobleplast? Desse vart populære og selde som hakka møk på nokre få veker. Alle hadde dei, fordi alle ønskte å ta del i denne nye farsotta.

So, når du tenkjer på det faktum at svært få nokosinne hadde høyrt om kjønnsdysfori heilt fram til for nokre få år sidan, men at det plutseleg er det dominerande temaet blant foreldre, skular, media og barn sjølv, er det berre éin konklusjon – innsatsen for å spreie fenomenet er undervegs medan barn på same tid blir trekt mot det ganske kraftig.

Aldri før har so mange elevar i kva som helst klasserom uroa seg over tanken at dei òg er offer for å ha blitt fødde som feil kjønn. I staden for at matte, naturfag, historie og dei mange ekstraaktivitetane kjem i fokus, har desse barna ei gnagande kjensle over at dersom vennene deira kjenner seg forvilla, har dei òg plikt til å følgje opp.

Medan teorien finst om at dette alltid har eksistert, men aldri blitt snakka om, vil fakta indikere at der ikkje finst noko grunnlag for denne påstanden. Kan nokon hugse å ha dagleg lese artiklar om dette temaet inntil nyleg? Kan nokon hugse at kjønnsdysfori var diskusjon om blant heile klassar eller foreldra deira? Kan nokon hugse fleire former for spesialbehandling for barn, inkludert bruken av føretrekte pronomen, separate toalett eller gjeninnføringa av «den nye studenten», som har ein frisyre og klesstil som bekreftar alle sin trong for å tilpasse seg til den plutselege endringa?

Alle desse tinga blir handtert og tilpassa med største intensjon for å få oss til å venje oss til den nye norma. Det blir gjort ved å ta i bruk ein velkjent psykologisk terminologi kalla «betinging» [engelsk conditioning]. Betinging er «prosessen der ein trenar eller venner ein person til å oppføre seg på ein viss måte for å akseptere visse omstende.» (Dictionary.com)

[Kommentar frå saksyndig: Betinging blir typisk delt opp i klassisk og operant. I sistnemnde er forsterkning og straff viktige omgrep, og kan bli brukt for å lønne god/ønskt åtferd og straffe dårleg/uønskt åtferd. I dette konkrete tilfellet om kjønnsdysfori kan folk, jamfør mi tolking av teksten, bli utsett for straff når dei ikkje aksepterer at avvikande tanke- og åtferdsmønster blir forsøkt normalisert, og då gjerne gjennom tap av domene og sosial utstøyting (sokalla «negativ straff» innanfor operant betinging). Dette er etter mitt syn ikkje noko anna enn dressur på samfunnsnivå.]

Betinging gjer det enklare å akseptere kva enn som blir framsett gjennom å gjenta eit konsept, påverke individet til å tenkje på ein viss måte og hente fram den ønskte responsen. Ideen er at dersom noko blir sagt, sett eller gjort mange nok gonger, vil det bli mindre sjokkerande, mindre avvist og mindre stigmatisk, for den som lid, for det som blir sett på som eit avvik og for samfunnet som eit heile.

Derimot, eit viktig spørsmål ein kan stille, er korleis samfunnet burde respondere på ei viss form for åtferd som, fram til no, er blitt definert som ei psykisk liding innan psykiatrien. Medan det kan kome som eit sjokk for somme lesarar, er det eit faktum at DSM-5 (Diagnostic and Statistical Manual og Mental Disorders – femte utgåve, sett på som «Psykiatriens bibel») jo klassifiserer kjønnsdysfori som ei psykisk liding.

Ein nyleg samtale med ein trena psykiater om dette temaet bekreftar at dette sanneleg har blitt sett på som noko slikt. Det påverkar både barn og unge vaksne, men utifrå tida vi lever i og måten samfunnet utviklar seg på, vil det ikkje i det heile vere noka overrasking for psykiateren om den sjette utgåva av denne autoritative psykiatriske ressursen fjernar denne definisjonen fullstendig.

Men so kan det neste spørsmålet bli, «dersom psykiatrien utvidar realitetstilpassinga i det den relaterer til det som har blitt sett på som abnormalt, kor vil det so ende?» Med andre ord, vil psykiatriske kriterium og definisjonar ikkje lenger vere pålitelege? Vil dei bli eit flytande, stadig endrande sett av standardar som er gjenstand for diktata til visse personar som driv og flyttar målpostane?

Til dømes, om eit barn vel å identifisere seg som ein hund eller ein katt, noko som jamfør dagens standard ville blitt sett på som urovekkjande, vil spreiinga av det konseptet blant andre barn gjere det naudsynt å gjere tilpassingar slik at det å «identifisere seg som eit dyr» blir akseptert åtferd – ikkje lenger sett på som avvikande eller pervertert?

De ser, problemet er ikkje den abnormale tendensen eller korleis den blir praktisert. Desse tinga har alltid eksistert. Historia er fylt med mange bisarre døme på psykisk sjuke menneske som trudde på ei rekkje spesielle, forskrudde og perverterte livsstilar og idear. Skilnaden er at i dei dagar var det verkelege liv eit svært fastsett konsept der dei som avveik frå det, vart tekne i skule for å ikkje leve og oppføre seg i samsvar med det som er sett på som normalt, tradisjonelt, vanleg og konvensjonelt – det som var akseptert av alle. Dei individa var kjent for å ha forlate vanlege standardar som var ein målestokk for kvardagsliva våre, og uttrykk for klar og rasjonell tenking.

Likevel overstyrer psykologisk betinging på ein eller annan måte det normale, fordi betinging har som intensjon å vende det ukomfortable om til det komfortable. Det har som intensjon å gjere noko smakeleg som tidlegare hadde blitt avvist av so godt som alle, fordi det rett og slett var for utenkjeleg. So, når moderne psykologi og psykiatri er viljuge til å tilpasse seg eit avvikande åtferdsmønster for å gjere det enklare å bli tiltrekt av det, og når media med glede spreier det veksande talet medlemmer, er det då ikkje rart at det utbreidde fenomenet blir trendy og teke til seg på ekte av dei som aldri ville ha tenkt to gonger på det.

Merkeleg nok prøver dei som har sympati overfor kjønnsdysfori, som sett i ein nyleg artikkel i Jerusalem Post sitt vekemagasin (Identity vs. Ideology, 15.juli 2022), å ramme det inn på ein sensitiv og tankefull måte for å demonstrere akkurat kor vanskeleg slik ein sjukdom er både for barnet og foreldra – til slik ei grad at kvar ei tilpassing må bli gjort for å mildne lidinga og gjere det enklare å få aksept. Dess fleire artiklar som blir publisert om emnet, dess meir har kondisjoneringa ein sjanse til å gjere jobben sin, både ved å desensitivere lesaren til det veksande talet, og ved å prøve å tale for kvifor dette fenomenet no burde bli akseptert og ønskt velkome i vårt samfunn. Ingen burde avvise eller utfordre det som ei psykisk liding, fordi å gjere slikt ville vere vondsinna og, mest av alt, intolerant.

Men vi må ikkje gløyme at, akkurat som er vanleg med andre psykiske lidingar, ein betydeleg prosentdel av dei som lid frå dei, finn seg tragisk nok i den kategorien som ønskjer å ta livet sitt – noko som er den mest vondsinna av alle statistikkar. So, kanskje er det viktigaste spørsmålet samfunnet kan stille seg sjølv er, «burde vi gjere det enklare for noko å spreie seg som er sett på som ei psykisk liding, og burde vi gjere alt vi kan for å tilpasse denne åtferda til dagleglivet, som eit akseptabelt val som ikkje burde bli utfordra?»

Kanskje burde det vere klokt å lytte til orda til 17 år gamle Chloe Cole, ein tidlegare transtenåring, som nyleg var gjest på The Ingraham Angle for å dele si personlege historie om korleis ho, i ein alder av 13, byrja å skifte kjønn til gut. I dag angrar ho djupt på eit val som hadde konsekvensar som ho ikkje fullt forstod. I sin klage over sine hastige handlingar seier ho at ho kanskje aldri vil kunne få ungar, og at ho no har større risiko for livmorhalskreft. Chloe har no blitt ei sterk stemme mot ideen om at kjønnsskifte burde vere den einaste vegen å gå for å behandle kjønnsdysfori.

Ein annan gjest, Walt Heyer, grunnleggjar av sexchangeregret.com, var òg på Ingraham Angle, og sa at han, som nokon som byrja å kle seg i jentekle frå tidleg alder av, no trur at det at foreldre tilpassar seg, er ingenting anna enn institusjonalisert seksuelt misbruk av barn som øydelegg ein heil generasjon av dei. Heyer seier at du kan endre din person, men at ekte kjønnsskifte ikkje er mogleg.

Desse er to stemmer blant mange andre, som kan mangle si eiga plattform, men der er veksande evidens for at kjønnsskifteanger finst i hopetal blant dei som seinare forstår at både kvinnelege og mannlege tendensar er del av det som finst i oss alle, ikkje berre gjennom barndommen, men inn i vaksenlivet òg. Somme menn elskar mote og somme damer elskar racerbilar, men det burde ikkje vere ein grunn til å tru at å øydeleggje kroppen sin er den beste vegen å gå.

Det må heller ikkje bli om til ei farsott eller trend som forvirrar og uroar ungdommen vår, som fortener ei lys, lykkeleg og ukomplisert framtid, etter kvart som dei oppdagar dei vedunderlege menneska dei vart skapte for å bli!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s