Av Helmholtz Smith. Henta frå Sonar21.com. Omsett av saksyndig.
Ein av Napoleon sine observasjonar er at du aldri skal avbryte fiendane dine når dei gjer ein feil. Russarane veit dette, ikkje minst fordi dei var varsame med å ikkje avbryte Napoleon sjølv i 1812. Putin og teamet hans har hatt mange høve til å møte NATO sine leiarar, observere dei, forhandle med dei og vurdere dei. Det er usannsynleg at dei er noko særleg imponerte. Men då dei starta sin «spesialmilitære operasjon» i Ukraina, kunne dei aldri ha drøymt om kor sjølvdestruktive NATO kom til å bli.
Kva slags feil? For det fyrste har ikkje Vesten skote seg sjølv i foten med sine økonomiske sanksjonar – Ungarns Viktor Orban har rett når han observerer at dei har skote ei kule i lungene sine. Ein kan framleis halte av garde med ein broten fot, men eit skot i lungene er temmeleg alvorleg. For det andre, kven i Moskva kunne ha førestelt seg at NATO ville spa ammunisjonen og våpenlagera sine inn i det ukrainske svarte hòlet med den forventning at dersom dei kan få det nyaste vedundervåpenet for General Steiner, vil dei kome seg til Moskva til jul.
Ein god grunn for Moskva å ta det langsamt – lat feila utvikle seg, balle på seg og spreie seg. Det skjer av seg sjølv. Naturleg, uunngåeleg, logisk. Ingen ekstern kraft er naudsynt. Ein uventa bonus.
Ikkje avbryt.
Ta Tyskland, «Europas motor». Det står på éin ting – ryktet til tysk ingeniørkunst og kvalitet – Mercedes/Miele/Bosch, dei kan koste meir, men dei er billegare i det lange løp fordi dei er so vellaga. Ingen vestlege land produserer noko særleg i desse dagar, men Tyskland gjer det enno. Faktisk har berre Sør-Korea og Kina ein større andel av sine økonomiar innan produksjon. (USA, kolossen frå svunne tider, er halve Tyskland!). Men produksjon krev energi. Tysk energi kjem frå Russland – ikkje alt – rundt 20%. Men kol er 40% og kjernekraft 10%, og dei må redusere dei fordi Greta vil det, noko som tydar at dei treng meir gass som er billegare og «reinare» og som for det meste kjem frå Russland som krev at ein annan røyrleidning blir bygt. Men då bestemmer dei at Ukraina er Det store moralske problemet og stengjer røyrleidningen og aukar kolet, som dei har tenkt å bli fullstendig kvitt i 2030 takka vere meir vindenergi. Og kva med atombombene? Einhjørningsvengjer som slår. Det er vanskeleg å vere grøn og hate Russland òg.
Og lat oss forby pottoske frå Russland og Kviterussland. Det er rundt ein tredjedel av verdsproduksjonen. Forby russisk kveite (det er på 1.plass av eksportørar) og olje (det er på 2.plass av eksportørar).
Å, og ved å konfiskere russiske aktiva har dei vist heile verda at berre ein idiot vil behalde rikdommen sin i NATO-valuta i ein NATO-bank.
Og alt dette for eit land som dei laug til om NATO-medlemskap.
Ikkje avbryt.
Scene – Napoleons kontor – ein lakei kjem inn «Mon Empereur, fiendane dine har forbode ein stor energieksportør, ein stor mateksportør og ein stor gjødseleksportør.» Vil Napoleon rope: «Stopp, mes chers ennemis – mine kjære fiendar – de kjem til å øydeleggje dykk sjølve med inflasjon!» Truleg ikkje.
Alle et mat og alle treng energi, prisane deira vil auke og dra alle andre prisar opp med seg. EU-inflasjonen i mai var 8,8%. Men det har ikkje letta enno – britiske energiprisar er venta å auke med 65% i oktober med eit anna hopp i januar. Det har nettopp byrja.
Bråk i gatene over heile Europa og to av dei sjølvgode sju vekke ein månad seinare.
Ikkje avbryt.
Javelin antitankmissil var vedundervåpenet for nokre månader sidan – i midten av april hadde USA sendt ein tredjedel av lageret sitt. Det tek tre eller fire år å erstatte. Ein fjerdedel av deira Stinger-andelar. Vovan og Lexus fekk den britiske forsvarsministeren til å innrømme at Storbritannia hadde sendt so mange antitankmissil at dei var i ferd med å gå tom. Den tsjekkiske republikken er på nippet å gå tom for ting å sende. Frankrike har gjeve opp 18 månaders produksjon av sine Caesar-skytevåpen.
Og Kiev vil framleis ha meir. No når Kiev sine NATO-støttarar har kome på den sprø ideen å gje skytevåpen som krev NATO-ammunisjon, 155mm ammunisjonsandelar går raskt ned. Dersom Ukraina verkeleg skyt 3000 155mm-kuler om dagen, vil det brenne opp heile den årlege amerikanske produksjonen på nokre få veker. Og so vidare. Krig bruker opp augnebrynshevande mengder ammunisjon – russarane veit dette fordi dei hugsar – dei får aldri gløyme – 1941-45. NATO trur at det å sprengje i lufta, i valde krigar, etter kva dei finn for godt, folk i sandalar er gullstandarden av kva ein kan oppnå militært. Igjen tilråder eg at de les The Return of Industrial Warfare. Russland held ved like produksjon som NATO verken gjer eller, i fråvær av svært lang leietid (og mange andre endringar som de veit utmerka til aldri skje i brann-sentrerte økonomiar), kan.
Sjølv The Economist har lagt merke til det – Europas misfornøgde vinter. (Trur derimot framleis at det er Putin som sette dobbeltskotet i lunga. Men er det The Econonomist som har gjort sin del for å få oss til dette punktet?)
Kvifor ville Moskva ønske ein slutt på dette i nær framtid? Tida arbeider og fienden gjer feil i hopetal.
Ikkje avbryt.
[…] Frå Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig. […]
LikarLikar