Steve Kirsch: «Burde eg saksøkje Twitter for kontraktbrot?»

Av Steve Kirsch. Henta frå hans Substack. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Eg ser ingen grunn til å ikkje gjere det. «Ekspertane» kjem rett og slett ikkje til debatten friviljug. Dette vil tvinge dei til å svare på spørsmål som dei ikkje ønskjer å svare på og skape offentleg dokumentasjon.

Eg driv og snakkar med tre advokatfirma om å representere meg i eit søksmål mot Twitter for kontraktbrot.

[Steve Kirsch vart utestengt frå Twitter 5.februar 2022 for ein tweet om auka risiko for tilbakevending av kreft etter Covid-vaksine; oms.komm.]

Tweeten har denne artikkelen som referanse, som er fullt ut støtta opp av fakta frå fleire kjelder, inkludert 16 menneske som vil vitne at det skjedde med dei.

Eg kjem til å spørje Twitter om ei liste av alle grunnane til at kontoen min vart sperra.

Jo fleire grunnar, dess betre. Det er mi opning for å vinne på so mange punkt som mogleg for å bevise for verda at det eg sa var sant framfor ein domstol.

Vi kan deretter fjerne alle deira ekspertar frå sitt embete rundt kvart einaste emne ved å stille dei spørsmål som vil audmjuke dei fullstendig. Eg kan ikkje vente.

Denne kommentaren slår spikaren på hovudet:

«Grunnen til at dette er viktig er at målet ditt er å bruke oppdaging for å fjerne deira ‘ekspertar’. Du vil ikkje kome so langt dersom saken blir avvist tidleg i behandlingsstadiet.»

Desse vitnesbyrda vil bli innspelt på video og gjort offentlege fordi Twitter ikkje vil vere i stand til å argumentere for at der er ein grunn til å halde dei hemmelege, sidan der er ei stor offentleg interesse for å sjå dei publisert.

Det er den beste delen. Sidan vi ikkje kan få dei til å kome til debattbordet friviljug, tvingar vi dei til å svare på spørsmålet vårt under trugslar om straff for meineid [falsk forklaring i retten: oms.an.].

Då vil heile verda sjå kven som fortel sanninga og kven som ikkje kan svare på enkle spørsmål. Det vil bli ei gedigen audmjuking for Twitter og for alle som støttar den falske forteljinga. Det vil vise at Twitter set liv i fare. Vi vil gå rett heim med desse videoane.

Dersom Twitter ikkje kan få nokon ekspertar til å kome og vitne, vil vi vinne saken.

Sjølv om det kostar mykje pengar og tid, vil det vere verdt det sidan det vil:

  1. Endeleg bevise at Twitter ikkje har nokon bevis på at eg spreidde feilinformasjon
  2. Vere ei bekrefting for ein domstol at alle desse tinga eg har drive og sagt var sanne
  3. Det vil avsløre at Twitter sine ekspertar ikkje er i stand til å forsvare forteljinga når dei blir tvinga til det i ein rettssak
  4. Når eg vinn, vil det etablere juridisk presedens for andre til å saksøkje og vinne
  5. Kanskje vil det etablere state actor doctrine, som truleg vil late meg få dekt mesteparten av advokatutgiftene mine.

Kva trur de?

[Steve Kirsch har halde spørjeundersøkingar på Gab og Truth Social, der det desiderte fleirtalet vil at han skal saksøkje Twitter; oms.komm.]

Poenget med søksmålet er å etablere i ein domstol at alle påstandane mine vart haldne for å vere gyldige, at vaksinane dermed er farlege og at ingen av Twitter-ekspertane kunne argumentere for det motsette. Og vi veit alle at Twitter har dei beste ekspertane i verda på dette, dei er sjølve Autoriteten når det gjeld feilinformasjon!

For tida snakkar eg med tre advokatfirma som omtrent slåst for å få denne saken.

Eg vil gje Twitter anledning til å gjere det rette og gjenopprette kontoen min.

Dersom dei ikkje gjer det, vil eg gjere det rette og vise verda kor feil dei (og ekspertane deira) tek. Vi vil endeleg kunne halde desse folka ansvarlege via domstolane.

Eg kan love dykk dette: Eg kjenner fakta. Eg vil kome sigrande ut av dette og eg er førebudd på å bruke so mykje pengar som krevst for å sjå til at rettferd finn stad.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s