Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
På eit nyleg Action Alliance-arrangement i tyske Nürnberg, bad presidenten i Children’s Health Defense (CHD), Mary Holland, om at ein ikkje måtte late dei som står bak Wuhan koronavirus (Covid-19)-plandemien sleppe unna for sine brotsverk mot menneskeheita.
Holland snakka om kor viktig Nürnberg-kodeksen er, som vart kodifisert etter Andre verdskrigen for å hindre at fælslege hendingar som holocaust aldri skulle skje igjen.
Nürnberg-kodeksen, som vart bygt på den medisinske og juridiske etikken som vart etablert i Tyskland før nazi-regimet, la òg grunnarbeidet for korleis ein behandlar alle som kunne prøve å påføre eit nytt massefolkemord, som er nøyaktig det dei som står bak plandemien hadde tenkt å gjere.
«I meir enn 75 år har Nürnberg-kodeksen våre vårt fyrtårn – alle medisinske og juridiske normer har vore basert på den sidan 1947,» sa Holland. «Nürnberg-kodeksen er grunnmuren for moderne medisinsk etikk.»
«Kodeksen har blitt bygt inn i amerikansk lov på føderalt og delstatsnivå, og amerikanske domstolar har anerkjent Nürnberg-kodeksen som ein universell, internasjonal juridisk standard – som normene som forbyr slaveri og sjørøveri.»
Å tvinge menneske til å gå med munnbind, isolere seg og underleggje seg eksperimentelle «vaksinar» er i strid med Nürnberg-kodeksen
Sjølv om heile nasjonar eller kontinent bestemmer seg for å avskaffe Nürnberg-kodeksen i praksis – som er det mesteparten av dei gjorde ved å innføre medisinsk fascisme i utbreitt skala – gjer ikkje dette prinsippa i den ugyldige.
Kvar person har rett til å rett og slett seie nei til legemiddel, i dette tilfellet Fauci-influensasprøyter [Covid-19-sprøyter], same kva staten seier. Kvar person har òg rett til å rett og slett seie nei til munnbind, som er eit farleg medisinsk verktøy med udokumentert effektivitet.
«Tragisk nok har vi dei siste to og eit halvt åra vore vitne til eit globalt åtak på Nürnberg-kodeksen,» klaga Holland. «Regjeringar, medisinske etablissement, universitet og media har brote det fyrste prinsippet og alle andre prinsipp i dei ti punkta i kodeksen.»
«Dei har tvinga folk til å bli menneskelege forsøkskaninar.»
Holland er bestemt på at kvar einaste person som er ansvarleg for å øydeleggje folks liv og levebrød med plandemisk tyranni, skal setjast strafferettsleg ansvarlege. Det byrjar med å påpeike det dei har gjort, følgt av rettslege steg slik som søksmål.
«Vi må stoppe dette,» sa Holland. «Og vi må sikre oss at dette ikkje skjer igjen.»
Uheldigvis for dei som allereie tok sprøytene, vil ikkje all rettferd i verda gje dei tilbake sine naturlege, friske immunforsvar. Mange av dei står overfor eit liv med sjukdom eller tidleg død som følgje av at dei var lydige.
«Vi lever i farlege tider. Dersom verdsregjeringar og deira kollaboratørar held fram med å gje blaffen i Nürnberg-kodeksen og sensurere dei av oss som kritiserer ‘Den store løgna’ – vi veit kor dette fører hen,» åtvara Holland.
«Det fører til grusomheiter. Det fører til eit ettermæle av oske.»
Gjennom plandemien inkluderte desse grusomheitene barn og tenåringar som vart handikappa eller døydde på grunn av sprøytene; vaksne og eldre vart nekta livsreddande behandlingar; og familiar vart skilde frå kvarandre i «karanteneleirar».
Desse brotsverka mot menneskeheita må stoppe. Og folk må ta eit standpunkt og rett og slett seie nei til medisinsk fascisme kor enn og kor tid den viser sitt stygge tryne.
«Vi har makt til å seie ‘ikkje meir! Respekt og følg denne kodeksen!’» forklarte Holland. «Og lat oss ikkje gløyme: vi er i ferd med å vinne.»
«Forteljinga om at desse injeksjonane fungerer er over. Forteljinga om at vi må stengje ned er over. Forteljinga om at vi må teste asymptomatiske menneske er over. Forteljinga om at våre ‘leiarar’ veit kva dei driv med er over. Lat oss late dette søkke inn.»