Av Emily Mangiaracina, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.
Feminist-skribenten Naomi Wolf fordømmer Covid-19-mRNA-sprøyta som eit «biovåpen» som har som mål å avfolke Vesten.
«Eg har konkludert at dette faktisk er eit biovåpen retta mot reproduksjonsevna til den neste generasjonen, spesielt i Vesten,» erklærte Wolf, som viste til mRNA-sprøytene. Ho sa dette på eit webinar sist onsdag [24.august 2022] som handla om korleis injeksjonane påverka kvinner. Seminaret vart leia av aktivistane Frank Gaffney og Reggie Littlejohn.
Wolf, ein livslang Demokrat som vart permanent utestengt frå Twitter i 2021 i samband med Covid-utbrotet, trur at Vesten er gjort til mål for redusert reproduksjonsevne på grunn av opphopningar av biverknader som ho ser i Pfizer sine dokument om dei kliniske vaksineforsøka, som Food and Drug Administration (FDA) vart tvinga til å offentleggjere 24.mars og 1.april va eit Freedom of Information Act (FOIA)-søksmål.
«Ein ting som Pfizer-dokumenta avdekkjer, er at det overveldande fleirtalet av biverknader i Pfizer-dokumenta er i USA. Den nest største andelen er å finne i Vest-Europa. Og dei andre 56 landa der denne injeksjonen vart rulla ut, utgjer berre ein brøkdel av biverknadene som vi ser i Vesten,» forklarte Wolf.
Ho vste til ein studie frå 2018 delt av dr. Lee Vliet under webinaret, som viste dei skadelege effektane som nanopartiklar har på reproduksjon. Wolf antyda at det at sprøytene skader evna til å få barn, er gjort med vilje ettersom skaden som mRNA-lipid-nanopartiklar forårsakar, allereie var veletablert kunnskap før dei vart sett i produksjon og gjevne til folket.
Wolf gjekk deretter over til å lese opp «skrekkelege» data frå Pfizer når det gjeld spontanabortar etter mRNA-sprøyta.
«Vi har ein rapport frå mai 2022 frå ein annan stad i Pfizer-dataa, som viser ein spontanabort-rate på meir enn 76% blant mRNA-vaksinerte kvinner,» delte Wolf, og la til at dr. Pierre Khoury «nettopp såg på den same seksjonen av Pfizer-dokumenta og fann ein spontanabort-rate på over 80%.»
Ho peikte på at desse dramatiske biverknadsratane blir bekrefta av andre datasett, «som VAERS-databasen, som òg viser ein auke av skadar på foster som både er dramatiske og ute av proporsjon.»
Wolf kom deretter med tala som ho hadde delt tidlegare i år i eit innlegg på Substack frå 29.mai. Dei viste «verdsomspennande massedød hjå babyar», slik som ein auke på «over 200% for dødsfall blant nyfødde i høg-vaksinerte Skottland.»
Ho sette òg søkjelyset på studiar frå Canada og Israel, som viser «at babyar døyr ute av proporsjon, i og etter 2021, i høg-vaksinerte land, og at nyfødde døyr ute av proporsjon dersom dei har vaksinerte mødrer versus uvaksinerte mødrer.»
Til dømes rapporterte senior-førelesar Josh Guetzkow ved Det hebraiske universitet i Jerusalem at data frå RamBam Hospital i israelske Haifa, viste at 34% fleire spontanabortar og dødfødslar fann stad blant vaksinerte mødrer, samanlikna med deira uvaksinerte medmødrer.
Ho delte òg funna til kanadiske dr. Daniel Nagase, som fekk ordre om å forlate sjukehuset sitt for å behandle tre Covid-pasientar (der alle forlét sjukehuset i live) med ivermectin. Nagase fortalde ein reportar at han hadde blitt informert om 86 dødfødslar i Waterloo, Ontario mellom januar og juli 2021.
«Normalt finn det stad berre fem eller seks dødfødslar kvart år. So, rundt éin dødfødsel kvar andre månad er den vanlege raten,» sa han. «So, det å plutseleg sjå 86 dødfødslar på seks månader er høgst uvanleg. Men den viktigaste bekreftinga som vi har frå Waterloo, Ontario-rapporten, var at alle [mødrene til] dei 86 dødfødde var fullvaksinerte.»
Wolf peikte på Igor Chudov sine funn om at der i alt hadde vore eit post-Covid-sprøyte-«fall i vellykka fødslar på opp til 20% på verdsbasis.»
Eit betydeleg tal av andre ekspertar har åtvara at Covid-sprøytene kan ha alvorlege påverknader på gravide kvinner og deira babyar.
Under ein Stop the Shot-konferanse som vart livestreama i fjor av LifeSiteNews, forklarte dr. Richard Blumrik – medisinsk ekspert på mor og barn – at mRNA-utvikla sprøyter kan vere i stand til å krysse morkake-barrieren, noko som set dei som tek vaksinen i fare for å få fruktbarheitskomplikasjonar.
Når det gjeld Wolf, har evidensen som er avdekt i Pfizer-dokumenta av The War Room og hennar Daily Clout-team fått ho til å tru at Pfizer, FDA og medlemmer av World Economic Forum (WEF) «har som mål den mirakuløse kvinnekroppen, med si evne til å bli befrukta, bli gravid, føde og nære liv.»
«Dei har som mål sjølve miljøet til menneskefosteret, ein av dei heilagaste stadene på denne jorda, om ikkje den heilagaste,» sa ho. «Og dei veit det.»