Det amerikanske justisdepartementet vedgår stille at Ashley Biden si dagbok er ekte

«Usømelege dusjar med pappa» er ekte

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Hovudstraumsmedia har drive og antyda at Ashley Biden si dagbok er falske nyheiter, men det amerikanske justisdepartementet har nettopp teke ut tiltale mot to personar for å konspirere for å selje dagboka, der Joe Biden si dotter legg ut i detalj om opplevingane sine rundt det å ha «usømelege dusjar» med faren sin då ho var ei lita jente.

Tiltalane er dei fyrste som kjem frå ei FBI-etterforsking der dei prøver å finne ut korleis dagboka enda opp hjå James O’Keefe og hans Project Veritas i forkant av presidentvalet i 2020.

Lekne utdrag frå dagboka som tilhøyrer Ashley Biden avslører at ho vart seksuelt misbrukt som barn, og at ho misliker djupt faren sin – Joe Biden.

Det at det er blitt bekrefta at dagboka eksisterer, tydar av hovudstraumsmedia har blitt avslørt i å dekkje over for Biden-familien for andre gong. Media og faktasjekkarar prøvde å overtyde folket om at Hunter Biden-laptophistoria var falske nyheiter og russisk desinformasjon før 2020-valet, berre for sanninga å endeleg kome opp i dagen no i år.

Aimee Harris (40) frå Palm Beach og Jonathan Kurlander (58) frå [byen] Jupiter, sa seg begge skuldige i tiltale for konspirasjon, som kom frå det at dei selde dagboka, sa USA Attorney’s Office på Manhattan i ei melding.

«Harris og Kurlander stal personleg eigedom frå ein nær familiemedlem til ein kandidat for eit nasjonalt politisk embete,» sa Damian Williams, advokaten i Southern District i New York, i ei melding ifølgje Politico.

«Dei selde eigedommen til ein organisasjon i New York for 40,000 dollar, og vende til og med tilbake for å ta meir av offeret sin eigedom når dei vart bedne om å gjere det. Harris og Kurlander ønskte å tene pengar på tjuveriet av ein annan person sin personlege eigedom, og dei står no dømt for eit føderalt lovbrot som eit resultat.»

Post Millennial rapporterer: Begge sa seg skuldige som del av ein avtale med påtalestyresmaktene. Dei står begge overfor ein dom på maksimalt fem år i fengsel.

Project Veritas sa at dei betalte for publiseringsrettane til dagboka, men at dei aldri publiserte den fordi dei ikkje kunne verifisere den.

FBI fekk tak i ransakingsordrar for heimen til O’Keefe, saman med to av hans kollegaer. Ingen har blitt tiltalte, sjølv om O’Keefe offentleg har fordømt raida og har sagt at dei er eit åtak på pressefridommen.

I november i fjor publiserte O’Keefe i Project Veritas ein video der han forklarte kva som hadde skjedd, inkludert detaljar om korleis dei kom i kontakt med kopien av dagboka til Bidens dotter.

«Seint i fjor vart vi kontakta av tipsarar som hevda at dei hadde ein kopi av Ashley Bidens dagbok,» sa O’Keefe.

«Vi hadde aldri møtt eller høyrt gjete om tipsarane. Tipsarane indikerte at dagboka hadde blitt etterlaten i eit rom der frøken Biden hadde vore på den tida, og der tipsarane oppheldt seg mellombels, etter at frøken Biden forlét rommet,» heldt han fram. «Tipsarane indikerte at dagboka inneheldt eksplosive skuldingar mot dåverande presidentkandidat Joe Biden.»

O’Keefe sa at tipsarane òg hadde vore i forhandlingar med ein annan mediekanal når det gjaldt betaling for å få dagboka.

«Vi etterforska påstandane som vi hadde fått, slik journalistar gjer. Vi tok steg for å bekrefte autentisiteten til dagboka. Til slutt gjorde vi det etiske valet at sidan vi ikkje kunne avgjere om dagboka var ekte, om dagboka var eigd av Ashley Biden, eller om innhaldet i dagboka verkeleg fann stad, kunne vi ikkje publisere dagboka eller nokon utdrag frå den,» sa han.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s