Kommunikasjonsproblem er noko som av og til oppstår i alle forhold. Denne gongen dreiar det seg derimot om heilt andre problem med kommunikasjonen: Programvara støttar ikkje lenger den virtuelle ektemaken!
Som nettstaden Strange Sounds skriv (saksyndig si omsetjing):
«Mannen som gifta seg med eit hologram i Japan kan ikkje lenger kommunisere med si virtuelle kone. Programvara som tillét interaksjonen er ikkje lenger støtta, og mannen kan ikkje lenger kommunisere med hologrammet som han hadde vore i eit forhold med i fleire år.»
Ifølgje Strange Sounds blir dei som er seksuelt tiltrekte av fiktive personar kalla fiktoseksuelle. I Japan har dette visstnok blitt ein trend som har blitt sopass omfattande at der finst selskap som utviklar teknologi som tilbyr «holografiske par».
Vidare står det å lese:
«Akihiko Kondo tok kjærleiken sin til ein fiktiv rollefigur eit steg vidare ved å halde ein «gifteseremoni» med Hastune Miku, ei virtuell songarinne som har vore med i fleire videospel, og som til og med har vore med Lady Gaga på hennar verdsturnear.
Seremonien fann stad i 2019, etter at mannen var i stand til å kommunisere med hologrammet via Gatebox, eit selskap som utviklar verktøy som holografisk viser fram figurar som ikkje eksisterer.
På den tida hadde Akihiko og Hatsune nærast monopol på avisoverskrifter og media, og no får dei same merksemda fordi støtta for Gatebox-programvara som tillét interaksjonen mellom mannen og hans virtuelle kone, ikkje lenger er tilgjengeleg. Av den grunn kan han ikkje lenger kommunisere med ho.
Ifølgje den japanske avisa The Mainichi, seier Kondo at forholdet hans med hologrammet hjelpte han med å overvinne ein djup depresjon forårsaka av arbeid og frykta for å bli sosialt avvist.
Når han står overfor den manglande evna til å kommunisere med ho, seier han: ‘Kjærleiken min for Miku har ikkje endra seg. Eg heldt gifteseremonien fordi eg trudde at eg kunne vere med ho for alltid.’»
Han håper å igjen kunne kommunisere med ho i framtida – på ein eller annan måte.
At teknologien har sine baksider, er sikkert og visst. Akkurat som ekte menneske, kan ein ikkje alltid stole på at den du elskar alltid skal vere med deg – diverre. Men slike virtuelle forhold er nok lukrativt for teknologiselskap som utviklar slik teknologi. Ein kan òg lett tenkje seg situasjonar der folk ikkje berre «giftar seg» med virtuelle partnerar, men får «ungar» med dei òg. Dette opnar definitivt nye moglegheiter for hackerar og dei som driv med «gisseltaking» av personlege datafiler og liknande. No for tida kan du i verste fall bli fråstolen private dokument og bilete. I framtida kan det hende desse datakriminelle tek frå deg din digitale familie i staden for.