Sidan 2007 har lesarar av aviser som Bergens Tidende, Aftenposten, ABC Nyheter, og tidsskrift som Dagens medisin lagt merke til namnet Målfrid Bordvik. Dei mest oppvakte av oss vil kanskje òg hugse ein kontrovers relatert til 300 roser, som vart levert anonymt heime hjå ho. I denne artikkelen vil Saksyndig presentere den sokalla rosesaka, om korleis gravejournalistikk rundt ein uheldig monopolsituasjon i den norske helsesektoren, fekk ein dansk forretningsmann til å «hemne» seg på ein ganske so utspekulert måte. Den modige journalisten hadde truleg gode grunnar til å mistenkje vondsinna intensjonar, og gjekk difor til politiet. Saka fekk stor merksemd i media, og førde til eksponering av denne dansken sine tvilsame forretningsmetodar.
Men lat oss fyrst sjå litt på denne Målfrid Bordvik. Ho har ein anstendig CV, som er offentleg tilgjengeleg. Hennar LinkedIn-profil informerer at ho studerte ved Høgskulen i Volda, der ho tok bachelorgrad i journalistikk frå 2005 til 2007. Før det tok ho ein bachelorgrad i sosiologi ved Universitetet i Bergen frå 2003 til 2005. For tida jobbar ho i Bergens Tidende (sidan januar 2020). Elles har ho jobba i Dagens medisin (september 2013 til januar 2020), Aftenposten (juni til september 2013), VG Nett (februar til september 2012), ABC Nyheter (desember 2010 til februar 2012), og heilt i byrjinga av karrieren, i Bergens Tidende frå februar 2007 til oktober 2010. Frå 2007 til 2010 jobba ho etter eiga utsegn i «samfunnsgruppen og krimgruppen». Hennar offentlege Facebook-profil viser at ho gjekk på Dale vidaregåande skule i Sunnfjord, at ho er gift og er ei småbarnsmor. I denne artikkelen står det at ho har to små barn.
Kva slags metodar bruker ho som journalist? Ifølgje eit intervju i Medier24 frå 5.mars 2021, likar ho å «overrumple intervju-objektet». Med «overrumple» meiner ho «minst eit[t] spørsmål som er heilt utanfor kontekst». Ho meiner sjølv dette fører til ein god samtale, «og ofte minst ei sak til på blokka». Ifølgje seg sjølv er ho «født nysgjerring og nyt godt av det som journalist». Ho likar «kjedelege ting», som det å vere grundig og det å ha struktur på det ein jobbar med, pluss systematikk i oppfølginga. Ho meiner i tillegg at journalistkvalitetar som «aggressivitet og konfrontasjon» er oppskrytte. Ho meiner òg at norsk media burde dekkje fleire saker relatert til psykisk helse. For å bruke hennar eigne ord: «Kven bestemte eigentleg at det som rører seg i toppen skal skiljast frå resten av kroppen?»
Målfrid Bordvik er ein produktiv journalist, og var den som nyleg dekte saka rundt Bergenslegen Axel Heienberg, som skapte furore i FHI då han tilrådde ein pasient til å ikkje ta korona-«vaksine». Det vart oppretta tilsynssak på dr. Heienberg, men den vart fort droppa. Han sa i ettertid at han «angra» på at han gav det rådet. Ettersom so å seie alt av BT-artiklar ligg bak betalingsmur, presenterer eg her ein glimrande artikkel om saka av Are Hegrand i NoNonsenseNews. Saksyndig har tilgang til papirutgåva av BT, og har lese Bordvik sine artiklar om Heienberg. Til å vere skrive av ein journalist i ei hovudstraumsavis (som får strenge instruksar frå sine eigarar om å følgje den offisielle forteljinga rundt tema som Covid-19), er artikkelen forbausande balansert. For éin gongs skuld får begge sider i saka tilsvarsmoglegheiter.
Korleis byrja so denne rosesaka? Den danske helsegründeren Jesper Melin Ganc-Petersen (frå no av referert til som Jesper) tente store pengar på betalingsautomatar rundt om på diverse legekontor i landet, og på inndriving av ubetalte legerekningar. I 2017 åleine skal han ha håva inn utrulege 550 millionar kroner. Det året kjøpte han og kona eit hus i Holmenkollen for 25,5 millionar kroner. Dagens medisin hadde skrive ei rekkje kritiske artiklar om Jesper, som mellom anna var relatert til Jesper sin inkassopraksis, kontraktar med fem års bindingstid og det Dagens medisin kalla ein «uheldig monopolsituasjon» ved fastlegekontora i Noreg. Som Johan Ratvik i advokatfirmaet DLA Piper sa til Bordvik og journalistkollega Anne Hafstad tilbake i 2018:
«Det fremstår som om Jesper Melin har løst et skrikende behov på betalingssiden ved fastlegekontorene og sikkert frigjort mye tid som kan brukes på pasientbehandling. Nå fremstår det imidlertid som om han er i ferd med å bruke denne posisjonen til å feste grepet om hele verdikjeden ved legekontorene[…]»
Professor Mads Andenæs ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo sa i same artikkel:
«Dette er samlet sett en så alvorlig sak at det bør undersøkes bredt av flere tilsynsmyndigheter. […] Her er det over tid opparbeidet en monopolsituasjon som kan være i strid med konkurranselovgivningen. Jeg mener det er uforenlig med å være tjenesteyter til det offentlege helsevesenet og ha en slik selskapsstruktur som det Jesper Melin har gjennom Melin Holding[…]»
Professor Andenæs meinte i tillegg at Jesper sin selskapsstruktur «innebærer at leger og helsevesenet ikke gis rimelig mulighet til å ta stilling til interessekonflikter, eller overhodet forstå hvem det er som tilbyr tjenestene. Det er nærmest umulig å se at det inngås kontrakter med samme mann på alle funksjonene ved legekontoret». Jesper sjølv avviste kritikken mot han sjølv og selskapet, og meinte den var urimeleg. Han såg sjølv på det som om han hadde løyst eit stort problem for legane. Han var etter eiga utsegn den einaste i Helse-Noreg som hadde skapt 550 arbeidsplassar innan e-helse på seks år.
I samband med kritikken møtte Målfrid Bordvik og Anne Hafstad opp på Jesper sitt kontor midt i Oslo sentrum – då hadde han avlyst tre gonger allereie. Av ukjende årsaker ville han ikkje bli teken bilete av. I intervjuet fortel han om korleis han fekk ideen til betalingsautomatane medan han jobba ved fastlegekontoret i Nordfjord – han brukte tre minutt på kvar pasientbetaling. Betalingssystemet var mildt sagt gammaldags:
«Da jeg startet som fastlege i Norge for ti år siden, hadde vi ikke kortterminaler, men fikk kontantbetaling og hadde pengene i en sigarkasse.»
I 2018 gjekk 60 000 pasientar til lege kvar dag, til saman 15 millionar legebesøk i året. Med tre minutt på kvar betaling, utgjorde dette ein haug med årsverk som gjekk tapt berre i dette. Ifølgje Jesper sjølv hadde teknologien i selskapet hans Melin Medical frigjort 600 årsverk i Helse-Noreg. I 2018 hadde selskapet 3500 betalingsautomatar i Skandinavia, og var på veg inn i den tyske marknaden. Sjølv om legane fekk meir tid til pasientane, var dei likevel kritiske overfor gründeren og forretningsmodellen hans. Som svar på kritikken svarte Jesper:
«Jeg tror noen av legene har glemt hvordan de hadde det før. Melin Medical har kommet med en løsning. Den er utviklet av leger, for leger, sammen med leger.»
Jesper vart kritisert for «aggressiv innkreving», men parerte med at det var legane sjølv som etterlyste hjelp til innkrevjing. Grunnen til at han eigde sitt eige inkassoselskap, var rett og slett at han ikkje fann noko selskap som «skilte mellom betalingsvilje og betalingsevne». Det er skilnad på at ein rik kakse med hus, hytte, bil, båt og diger formue ikkje vil betale eit inkassokrav, og ei fattig åleinemor ikkje kan betale, og Jesper meinte at selskapet hans – i motsetnad til andre inkassoselskap – såg denne viktige skilnaden. Han skildra i intervjuet Melin Medical som eit «globalt selskap». Som svar på kritikken om at selskapsstrukturen i Melin Holding var komplisert, sa han at dei hadde ein enkel struktur, med berre to dotterselskap under seg, deriblant Pasientsky. Som svar på den «uheldige monopolsituasjonen» sa han:
«Jeg forstår at andre aktører føler seg presset over at Pasientsky har rundt 20 prosent av det norske markedet. Det er så enkelt som at kundene velger det de mener er best.»
At ein mann byggjer seg opp noko som med tida kan bli eit monopol, såg ut til å vere eit stort problem. Monopolsituasjonar er fyrst og fremst uheldige dersom privatpersonar opparbeider seg det, men heilt innanfor om det er staten som gjer det. Staten har populært sagt monopol på å ha monopol. Dersom Jesper hadde fått eit de facto-monopol på betalingstenester og innkrevjing av ubetalte legerekningar, hadde det fått den keisame konsekvensen at kundane ikkje ville ha hatt eit alternativ å gå til dersom dei var misfornøgde. Og kva om automatane var i ustand slik at pasientane ikkje kunne gjere opp for seg etter legekonsultasjonen? Hadde då rekningane gått rett til inkasso, med tilhøyrande gebyr? Ifølgje ein lesar i kommentarfeltet skulle Jesper sine automatar vere i ustand veldig ofte. Var dette tilsikta frå dansken si side?
Fire dagar etter at nemnde artikkel var publisert i Dagens medisin, kom eit bod heim til Målfrid Bordvik med «300 raude roser og hjartekonfekt frå ein anonym avsendar». I kortet stod det å lese:
«Takk for sist. Håper å sjå deg igjen snart. Kjære tanker, F.»
Målfrid trudde fyrst at det måtte vere ei feillevering, men bodet bekrefta at blomane var bestilt til ho. Journalisten innsåg raskt at personen som hadde sendt blomane og kortet hadde vondsinna intensjonar:
«Det var veldig ubehageleg. Eg oppfatta at blomane var meint som ein trussel om kva eg kunne vente meg dersom eg skreiv vidare om denne saka […]»
Det skal ifølgje Målfrid ha vore «usemje rundt sitatsjekken i den siste saka om Jesper Melin Ganc-Petersen». Redaktøren hennar Markus Moe i Dagens Medisin «oppfatta at kortet som følgde med gåva, var meint å skape uvisse og frykt». Dei valde å politianmelde forholdet, og det vart sett i verk etterforsking. Politiet valde å leggje vekk forholdet på grunn av at Jesper og personen som betalte gåva (ein i Jesper sin næraste krins), «nekta å la seg avhøyre». Jesper hevda etterpå at gåva var meint som ein spøk, og at det var ein «gimmick». Han bad Målfrid om orsaking og sa seg ferdig med saka. Dette skjedde ifølgje ho fire månader etter at ho fekk rosene, og fyrst etter at saka hamna i media. Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening meinte at det måtte oppfattast som «at rosene er meint å gjere livet surt for ein journalist».
Etter hendinga skreiv Dagens Medisin-redaktøren ein artikkel der han gjorde reie for kvifor han og Målfrid valde å politianmelde hendinga. Han meiner den var retta til Målfrid som person, og ikkje som journalist eller tilsett i Dagens Medisin. Som han sjølv skriv:
«For alle som er opptatt av vårt sivile samfunn, er det bare én farbar vei når man mottar ‘hilsener’ som denne ‘rosegaven’: De må anmeldes til politiet. Uenighet og motsetninger kommer vi ikke utenom. Til det har vi en rekke legale måter å gå frem på. Å true folk, er ikke blant dem.»
Kvifor vart dette oppfatta som ein trugsel av dei? Om det skriv han:
«En trussel handler om å skape opplevelsen av utrygghet, ubehag og usikkerhet. Hilsenen ‘håper å se deg snart igjen’, betyr jo i praksis: ‘Du vet ikke hva som skjer neste gang’.»
Han stilte seg kritisk til at Jesper sjølv oppfatta hendinga som ein spøk, og synest ikkje noko om at forretningsmannen fyrst nekta å forklare seg for politiet. Sjølv om denne typen åtferd var noko Jesper sjølv rekna som «typisk for den ‘afslappede tone jeg har med mine forretningsforbindelser’», oppfatta klart både han og Målfrid dette som ein utspekulert trugsel.
Mine eigne tankar om denne handlinga, er at Jesper hadde som intensjon å antyde at Målfrid hadde vore utru mot ektemannen sin. Han trefte ein nerve hjå ho, og sette truleg ein stor støkk i ho ved å indirekte truge ekteskapet hennar. Spesielt graverande var det at rosene var sendt til ein gravejournalist i eit forsøk på å stilne ho. Politiet henla riktignok saka fordi dei tvilte på om handlinga faktisk var straffbar. Og Jesper beklaga hendinga då det vart avslørt at det var han som stod bak. Intensjonen bak var etter mi vurdering ikkje fullt so humoristisk. Hadde ektemannen til Målfrid vore av den meir sjalu typen, kunne nok saka ha teke ei langt mørkare vending. For Jesper fekk rosesaka mellom anna den konsekvensen at fastelegeleiar Petter Brelin sa opp avtalen sin med Melin-selskapet.
Målfrid Bordvik sine kritiske artiklar om Jesper Melin kan lesast her, her, her og her.
Saka om Jesper sin monopolsituasjon kasta eit viktig lys over det som ser ut til å vere ein uheldig praksis i den norske helsesektoren, og retta etter mitt syn fokus på tvilsam forretningsetikk og ikkje minst uheldig, uprofesjonell åtferd mot journalistar som faktisk gjer jobben sin. Dei som synest Målfrid gjorde ein god jobb, bør gje ho skryt. Men kanskje ikkje sende roser heim til ho…