Her er korleis dei vil slå deg konkurs

Av dr. Vernon Coleman. Henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.

Planen deira er å slå kvar og ein av oss konkurs, og dei er på lang veg i ferd med å lykkast. Berre milliardærkonspiratørane kjem sannsynlegvis til å unngå dette. Konspiratørane må fryde seg over måten det går på.

Til å byrje med, naturlegvis, vil dei aukande mat- og energikostnadene tære på dei oppsparte midlane dine. Dei utan sparepengar vil ikkje kunne setje til side pengar. Kvart eit øre vil gå til å betale for det heilt basiske.

I Storbritannia vil inflasjonen liggje på godt over 20% etter jula 2022. Andre land vil sjå ein liknande auke i inflasjonstal.

Det selskapa tener vil bli slukt opp at dårlege produksjonstal (forverra av streikar, jobbing heimanfrå og den bisarre nye trenden blant dei unge, å arbeide so lite som mogleg), og dermed vil investeringar og pensjonar ta eit langt, sakte svalestup. Den komande resesjonen vil raskt bli om til ein depresjon.

Og hugs at ingenting skjer ved eit uhell.

Rentesatsar vil halde fram med å stige og millionar som har bustadlån vil oppdage at dei ikkje lenger har råd til å betale for heimane sine.

Resultatet vil bli eit fall i verdien på hus.

Og medan verdien fell vil desse bustadlånproblema bli verre. Det vil ikkje ta lange tida før millionar har eit bustadlån som er større enn verdien på huset. Heimane deira vil bli tekne av bankane og dei vil stå igjen med enorm gjeld. Alternativt kan regjeringa seie: «Vi vil ta over bustadlånet ditt og du kan bli buande i huset… men du vil ikkje lenger eige det.» Eg har ein mistanke om at mange konkursar vil bli uunngåeleg.

Hugs at ingenting av dette skjer ved eit uhell. Det heile har blitt orkestrert.

Og dei med oppsparte midlar vil ikkje overleve heller.

Sjølv om rentesatsane vil stige, vil dei ikkje bli høge nok til å slå inflasjon.

Dersom rentesatsane går opp til 5% og inflasjonen er 25%, vil investorar og spararar tape 20% av rikdommen sin kvart år.

Innan eit forbløffande kort tidsrom vil konspiratørane ha lykkast i å øydeleggje rikdommen og uavhengigheita til fleire titals millionar menneske i Storbritannia, og fleire hundre millionar på verdsbasis.

Der vil ikkje finnast middelklassar. Dei eldre vil døy lutfattige. Dei unge vil aldri eige ein heim eller ha tryggleiken til oppsparte midlar.

Konspiratørane vil slå oss konkurs fordi dei veit at pengar gjev oss fridom og uavhengigheit.

Alt dette har vore tydeleg i årevis.

Men folk lyttar ikkje.

Og no er eg redd for at det er altfor seint.

I praktiske termar er den einaste måten å beskytte deg sjølv på no, å byggje ned, å redusere gjelda di og utgiftene og førebu deg på eit enklare liv.

Naturlegvis er det tid for oss alle å reise oss og seie NEI til konspiratørane.

(På byrjinga av dette året sa eg at eg trudde at vi hadde fram til jul å gjere ein skilnad. Eg trur framleis at det er korrekt.)

Men trist nok fryktar eg at der ikkje kjem til å bli nokon reell motstand.

Der er for mange kollaboratørar og ikkje nok av oss.

Og tragisk no, for mange av dei som forstår krisa vi står overfor, og skrekken til The Great Reset, forsvinninga av kontantar, framveksten av ei digital verd og sosialkreditt-paradigmet, dei ristar rett og slett på hovudet, set seg ned framfor TV-en og gjer ingenting for å stoppe det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s