24.september 2022 (del 2 av 3): Alt ho ville, var å vere med på «Naked Attraction»

Denne artikkelen er del 2 av ein serie på tre skildringar frå Draumeriket. Alle tre er publiserte på ein særs lagnadstung dag, 24.september 2022.

I det fjerne kunne eg skimte omrisset av ein bleik kropp utan armar og bein, nett som min eigen. Etter kvart som eg, euforisk og bresteferdig, flaut nærare, snudde ho seg rundt og såg på meg med auge som sperra seg opp i overrasking. Ho vart raud som ein tomat i ansiktet, og prøvde instinktivt å dekkje seg til med armar og bein som her inne ikkje fanst. Berre det vide sølvsmykket hennar var der. Eg kjende ho igjen med éin gong. Det var konstituert leiar på den aude sjukeheimen. Josefine Bru hadde ordna eit møte til oss i Draumeriket, der ingen kunne overvake oss. Ikkje eingong dei.

Ho stira kort på min struttande manndom, som eg var ute av stand til å skjule. Deretter såg ho opp – truleg med visse vanskar. Ho beit seg lett i leppene. Dei små, søte puppane hennar dissa lett.

«Vel…» sa ho med ei lett skjelven stemme. «Dette er jo litt spesielle omstende å møtast under.»

«Ja, det er ikkje akkurat leiarkontoret på sjukeheimen.» Eg prøvde å høyrast formell og sakleg ut – men utan å lykkast. «Men utifrå naturen til denne staden, kanskje du no kan forklare kvifor du eigentleg sa opp og flykta frå kommunen.»

«Strengt teke flykta eg ikkje. Eg bur jo framleis i kommunen. Det er berre det at eg har skifta arbeidsstad.»

«Ingen på arbeidsplassen visste om dette. Det at du plutseleg forsvann kom som eit sjokk for oss. Eg såg det ikkje kome.»

«Eg fekk plutseleg eit tilbod eg ikkje kunne seie nei til.» Ho såg lett forlegen ut. «Dessutan er eg jo åleinemor. Då var det best å få seg ein dagjobb. Å jobbe kveld og helgar når ein har små ungar er… utfordrande.»

«Ja, ungane må jo vere ein stad.» Eg såg på den skinnmagre kroppen, og deretter på dei oppsvulma, lett glinsande kjønnsleppene hennar. Ho var truleg òg offer for kreftene som rådde her inne. «So du kjenner Josefine?» Leiar nikka kort. «Har ho fortalt deg… ting

«Ho var den som rådde meg til å gje deg årsvikariatet.»

«Hmm, strengt teke søkte eg på ei fast stilling. Arbeidsgjevar hadde ingen sakleg grunn til å gje meg den som vikariat. Og grunngjevinga for vikariatet viser til eit møte i Tilsetjingsutvalet som eg ikkje har tilgang til. Konfidensiell grunngjeving for vikariat.»

«Ja, den var ikkje heilt etter boka. Men det var anten vikariat eller ingenting. Og sistnemnde ville ha gjeve oss problem. Vi måtte jo ha folk.»

«Har du kjennskap til kva som vil skje med arbeidsforholdet mitt ved nyttår?»

Ho beit seg lett i leppa medan ho vreid på den arm- og beinlause kroppen. Deretter svarte ho stille, med naken sårbarheit i auga:

«Det er utanfor min kontroll. Eg har ingenting eg skulle ha sagt.»

«Du hadde tydelegvis noko du skulle ha sagt når det gjaldt vikariatet.»

«Det var ei heilt anna sak. Vi trong folk, og du var den einaste kvalifiserte kandidaten. Eg valde å stole på deg, og eg tok ein stor personleg risiko ved å snakke deg opp overfor Tilsetjingsutvalet.»

«Og eg tok ein stor, personleg risiko ved å fortelje dykk om personalsaken min.»

«Nettopp.» Ho såg på meg med blanke auge. «Vi begge tok ein stor risiko. Du og kollegaen din— eller, rettare sagt, du og din medsamansvorne er faen meg ekspertar i å gje meg dårleg samvit.» Ho sleppte frå seg ein kort latter. «Du kjem halvvegs springande inn på kontoret og snakkar om Pandemiavtaler og koronaskremsel, medan kollegaen din påstår at eg bryt lova, og at eg kjem til å bli straffa for det.» Ho skalv lett der ho flaut, naken og eksponert. «Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Dersom smittevernlegen bestemmer at sjukeheimen må stengjast på grunn av utbrot av covid, må eg som leiar gjere som han seier!»

«Strengt teke var det ei samling positive PCR-testar. Bebuarane hadde knapt nok symptom.»

«Det kan ha vore tilfellet i januar, men no i sommar var det reelt! Alle pleiepasientane døydde! Det var eit reelt covid-utbrot! Og fleire i personalgruppa vart sjuke òg! Eg måtte jobbe nattevakt i to veker fordi vi fekk ikkje folk!»

«Det er ikkje eit nytt fenomen at pleiepasientar på nesten 100 døyr. Ei heller er det eit nytt fenomen at sjukeheimar blir råka av forkjøling om sommaren. Spesielt no i sommar, då det regna nesten kvar dag.»

Ho såg på meg med raude auge som fyldest av tårer. Deretter skreik ho til meg, so dei små, søte puppane dissa:

«Du har ikkje monopol på sanninga!!»

Ho snudde seg deretter og flaut vekk frå meg. Høge hikst høyrdest medan ho forsvann i det fjerne.

«Eg reknar med at det er utelukka å ha ho som referanse…» sa eg stille til meg sjølv.

Ja, konstituert leiar hadde nok sine grunnar til å kome seg vekk frå turnusarbeid og golvet. Ho takka truleg ja til å vere konstituert leiar for å få meir dagvakter, slik at ungane slapp å vere hjå foreldra seint og tidleg. Ho kunne derimot ikkje vete at sjukeheimen skulle bli kravd stengt ned bokstavleg tala dagen etter at ho vart leiar, og at det rekordhøge sjukefråværet skulle tvinge ho vekk frå leiarrolla og over i pleiarrolla.

Eg følgde etter ho fordi eg ville ha fleire svar. Eg fann ho til slutt, flytande i lufta medan ho grein høglytt. Eg hadde ingen armar å klemme ho med. Berre min struttande, verkjande, sprengeferdige manndom. Det heile fekk eit obskønt preg over seg, men det var ikkje so farleg. Skulle eg liksom bli meldt til politiet for blotting på offentleg stad? Denne staden var langt frå offentleg, og leiar var like naken som eg.

«Kor mykje har Josefine fortalt deg om kva som vil skje framover?» spurde eg. Ho såg på meg med tårevåte auge.

«Eg veit at det vil skje ting,» svarte ho stille. «Men eg er fullstendig hjelpelaus. Eg kan ikkje gjere noko med det. Eg har ikkje makt.» Ho smilte syrleg. «Og eg er jo fullvaksinert. Tre dosar, med ein fjerde i vente. Kan hende det er lagnaden min. Om det de seier stemmer, vil jo verda kollapse. Vi skal alle døy av noko. Og eg vil heller døy ‘brått og uventa’ enn å sjå barna mine svelte i hel i ei kollapsa verd.» Ho flaut litt nærare meg. «Det var ikkje dette eg ville med livet mitt. Faktisk…» Ho kviskra no. «Alt eg ville, var å vere med på Naked Attraction. Det er favorittprogrammet mitt. Alt eg ville, var å vise meg fram til nokon som ville elske meg for den eg er. Den eg eigentleg er. Men no vil ikkje det skje.»

Med desse orda forsvann ho i lause lufta. Truleg høyrde ho ungane rope på ho, redde for nattas mulm og mørke.

Eg flaut vidare. Eg måtte finne den andre som var der og venta på meg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s