Denne artikkelen er del 3 av ein serie på tre skildringar frå Draumeriket. Alle tre er publiserte på ein særs lagnadstung dag, 24.september 2022.
Mitt opphald i dette mørke, varme, inviterande tomrommet hadde byrja å setje sitt preg på meg. Eg måtte snart forlate denne staden, slik at eg fekk utført visse biologisk naudsynte prosessar. Eg kunne derimot ikkje fare derifrå før eg hadde funne den andre personen som venta på meg.
Lukta av kjønn geleida meg i riktig retning. Snart såg eg ein raudleg, neste glødande kropp utan armar og bein. Ein gravid kropp med store bryst som duva og strutta. Ho vende seg mot meg med sitt varme, kjærlege, trygge blikk. Det var «Veronica», den gravide lærlingen som vart mobba vekk frå arbeidsplassen.
«Du…» sa ho med eit flir, før ho såg på kroppen sin. Ho var ikkje flau over å eksponere seg slik, ei heller var ho skjemd over strekkmerka på den digre magen. «Er dette ein draum?»
Berre ved å ytre eit slikt spørsmål viste ho for meg at ho ikkje ante noko om denne staden. Josefine hadde ikkje informert ho om den eigentlege grunnen til at ho var her. Veronica trudde at ho drøymde, og ho visste ingenting om det forferdelege som kom til å skje. Eg bestemte meg for å late ho leve i den trua.
«Dette er ein draum, ja,» sa eg medan eg sakte strekte meg føre ho. Ho såg på manndommen min med eit storøygd smil. Det var openbert at ho lika det ho såg, og eg klandra ho ikkje. «Korleis har du det?»
«Eg har termin 8.november,» sa ho. Datoen verka viktig for meg. Var ikkje det då det var mellomval i USA? «Han byrjar å bli stor her inni, og han prøver å kome seg ut. Det kjem til å bli godt å få han ut, samstundes kjem eg til å sakne å ha han inni meg.» Ho beit seg lett i leppa. Nedantil var ho oppsvulma og glinsande, med mørkeraude, herleg kjøtfulle kjønnslepper. Ho såg kjærleg på meg. «Korleis går det med deg, då?»
«Eg har framleis arbeid.»
«Ja, kvifor skulle du ikkje det? Du er jo ein av dei flinkaste – og snillaste – som jobbar der.» Ho vart alvorleg. «Du var omtrent den einaste som var snill med meg.» Ho flaut litt nærare meg. «Som trudde meg.» Ho himla med auga. «Eg måtte berre bli sjukemeldt. Eg måtte berre kome meg vekk. Alberta dreiv meg til vanvit.»
«Alberta er òg sjukemeldt no. Det var nok for tidleg for ho å vende tilbake i arbeid.» Eg lo kort. «Ho har det i grunnen best når ho ikkje er på arbeid.»
«Det er vel betre for bebuarane òg.» Veronica vende blikket vekk, mot ein stad langt borte. «Kjærasten min er sjuk.»
«Oi. Kva feilar det han?»
«Noko med hjartet. Han har jo pustemaskin på grunn av søvnapné. Eg måtte køyre han til legevakta sist onsdag. Han har ikkje fastlege, men alt med hjarte er heldigvis sett på som akutt. Han er tungpusten. Stundom har han brystsmerter. Han greier ikkje å vere i arbeid lenger. Han er sjukemeldt.»
«Hmm, det høyrest ikkje bra ut. Er ikkje han i 20-åra? Litt vel ung til å ha hjarteproblem.»
«Det verkar som om alle har problem med hjartet for tida. Alle menn, nesten.»
Eg var stille. Veronica var fullvaksinert. Faktisk såg eg på det som eit mirakel at ho hadde greidd å bere fram ein unge inni seg so lenge. Kjærasten hennar var òg fullvaksinert. Fungerte han seksuelt? Eg stilte ikkje det spørsmålet, for det får då vere grenser for kor mykje ein skal blande seg inn i andre sitt privatliv.
«Eg håper legane finn ut av hjarteproblema hans,» sa eg til ho. Ho nikka alvorleg. Deretter fekk ho igjen det varme, kjærlege blikket i auga sine. Ho smile breitt medan ho sakte strekte på seg.
«Eg lika å jobbe med deg,» sa ho. «Du var roleg og kyndig. Eg såg deg seriøst aldri stresse. So eg får håpe dei lèt deg bli verande på sjukeheimen. Dei treng slike som deg.»
«Ja, so absolutt. Eg har sendt skriftleg førespurnad til leiinga og tillitsvalt om eg får halde fram i stillinga mi til nyttår.»
«Eg kan ikkje sjå nokon grunnar til at du ikkje skal få det. Ikkje når visse personar framleis jobbar der, mot alle odds kan ein seie.»
«Eg tok deg alltid i forsvar når dei baksnakka deg, Veronica.»
Ho smilte frå øyre til øyre, før ho flaut litt nærare meg. Varmen frå kroppen hennar var intens, iallfall i den tilstanden eg var i. Eg visste på instinkt at eg ikkje hadde mykje tid igjen. Ho sa til meg:
«Sjølv om Alberta offisielt var rettleiaren min, var det alltid deg eg rekna som min eigentlege rettleiar. Du lærte meg meir på den korte tida enn Alberta og resten av personalgruppa gjorde til saman. Lærte dei meg noko i det heile? Dei lét meg, som er gravid, gå so godt som åleine på ei tung pleieavdeling!» Ho himla med auga og rista på hovudet. «Men eg har teke det opp med kontaktlæraren min. Dei har tenkt å ta tak i ting. Men eg blir jo vekke ei stund no.» Ho såg ned på den digre, struttande magen sin. «Eg håper barnet vil vere friskt. Eg var jo so dum at eg tok den jævla vaksinen. Dei truga med å seie meg opp om eg ikkje gjorde det.»
Det ho sa overraska meg på ingen måte. «Vaksinen» var alt anna enn friviljug for helsepersonell, og alt anna enn «trygg og effektiv». Vi flaut stille i tomrommet og berre såg på kvarandre. Den svulmande, kitlande, sprengjande kjensla i meg vart meir og meir uuthaldeleg. Til slutt sa eg:
«Då eg gjekk på ungdomsskulen, hadde dei ein kampanje mot røyking. Der skreiv dei ‘kyss ein ikkje-røykar – nyt forskjellen’. Kanskje dei om ikkje so lenge byrjar å køyre ein kampanje mot koronavaksinering. ‘Kyss ein uvaksinert – nyt forskjellen!’.»
Veronica braut ut i kraftig, herleg latter. Deretter såg ho på meg med sitt varme, kjærlege blikk.
«Har du lyst å nyte meg?» spurde ho stille medan ho flaut litt nærare meg. Vi rørte nesten ved kvarandre.
«Du er jo fullvaksinert,» svarte eg.
«Ikkje her inne. Dette er jo sjela mi. Du kan ikkje vaksinere ei sjel.» Ho kasta eit blikk til begge sider, som om ho var i ferd med å krysse vegen, eller for å forsikre seg om at ingen såg oss. «Kom igjen. Eg har lyst til å kjenne deg inni meg. Ein uvaksinert ein.»
I det fjerne høyrdest ein velkjent, men illevarslande melodi. Eg vreid på meg medan eg såg med tårer i auga på den gravide, herleg sprengeferdige kroppen som flaut føre meg og bydde seg fram. Det inviterande kjøtet glinsa der nede. Lyden var alarmen på mobilen min. Å få utløp var for seint. Eg var for sein, og det var berre min feil.
«Eg må på jobb, Veronica,» sa eg.
«Synd. Du ser ut som du verkeleg treng å kom—»
Møtet vårt vart nådelaust avbrote, og eg vakna opp til fredag 23.september, med ein verk og ei lengt av ei anna verd. Dagvakt på den aude sjukeheimen. Ville det framleis vere ein sjukeheim å vende tilbake til måndagen etter? Berre tida ville vise det. Eg visste at gode krefter ville beskytte meg, og at om apokalypsen skulle vere eit faktum, so ville eg ha det nettet å falle i. Når dei rundt meg ramla over ende i sine personlege kriser, måtte eg og resten av desse kreftene vere dei som tok dei imot. Å late menneske styrte i avgrunnen er ikkje berre uetisk – det var ein gong i tida at slikt var straffbart.