Den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov trur at den amerikanske djupstaten ønskjer å gjere heile planeten om til sin bakhage

Av Jose Nino, Big League Politics. Omsett av saksyndig.

På generaldebatten under den 77.sesjonen av FNS generalforsamling, erklærte den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov at den amerikanske regjeringa prøver å gjere heile planeten om til sin «bakhage». Han trekte òg merksemd mot USA sin bruk av einsidige sanskjonar mot land som er ueinige med den liberale hegemoniske ordenen.

«Den notoriske Monroe-doktrinen har etter kvart blit global. Washington har prøvd å gjere heile kloden om til sin ‘bakhage’,» erklærte han. «Og illegitime ulovlege sanksjonar har blitt påført i strid med den amerikanske charteren mot dei som er ueinige, og vart brukt som eit verktøy for politisk utpressing i årevis. Denne praksisen er openbert kynisk, sidan restriksjonane skader sivile, medan dei hindrar tilgangen deira til essensielle varer, inkludert medisinar, vaksinar og matprodukt.»

Monroe-doktrinen refererer til USA sin politikk mot den vestlege hemisfæren i republikkens tidlege dagar, der den ville at europeiske makter skulle halde seg ute frå denne [amerikanske] hemisfæren. Den har vore hjørnesteinen i amerikansk geopolitikk frå 1820-talet fram til midten av det 20. hundreåret. USA har derimot, sidan slutten på Andre verdskrig, gått vekk frå geopolitikkens påverknadssfære og følgt ei meir universalistisk form for utanrikspolitikk der dei behandlar heile kloden som sin påverknadssfære.

Når det gjeld utanrikspolitiske tap, kritiserte Lavrov «den amerikanske blokaden av Cuba, som har vart i meir enn 60 år.» «FNs generalforsamling har lenge insistert, med eit overveldande fleirtal av røyster, at den skal bli oppheva,» heldt Lavrov fram. Han kravde at FNs generalsekretær la spesifikk vekt på det problemet.

Lavrov gjer rett i å eksponere USA sine imperialistiske ambisjonar. Dette er langt frå deira tidlege republikanske fase, då dei omfamna ei meir tilbakehalden tilnærming til geopolitikk som avgrensa seg til den vestlege hemisfæren.

Uheldigvis er DC-sumpen i overveldande grad i favør av ein oppdragsbestemt utanrikspolitikk. Ei reell endring av elitane trengst for at DC skal endre sin sjølvdestruktive veg.

Ved fyrste augnekast er America First ei rørsle som potensielt kan endre DC sin utanrikspolitiske visjon. Det gjenstår å sjå om America First er i stand til å ta makta og fundamentalt endre amerikansk utanrikspolitikk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s