Politisk kritikk av Biden-regimet blir no kalla «innanlandsterrorisme» og straffa med fengsel på ubestemt tid

Av S.D. Wells, Natural News. Omsett av saksyndig.

Er du ein politisk dissident? Om du i Kina kritiserer styresmaktene på sosiale media, kan du risikere å bli fengsla og ufriviljug donere vekk organa dine til handel på svartebørsen. Om du i USA går nokon stad nær Capitol-bygningen i Washington DC for å fredeleg demonstrere mot ulovleg røystesetel-innhausting og det kommunistiske Biden-regimet, kan du risikere å bli fengsla og stempla som ein «innanlandsterrorist» utan rettssak med jury til stade, kanskje for alltid.

Har du nokosinne sett serien Black Mirror? Folk flest trur at episodane er reint fiktive, basert på ei mogleg framtid der teknologi blir brukt mot menneske for å kontrollere liva deira, rettane og helsa. Faktisk er mesteparten av episodane basert på livet som det reelt eksisterer i kommunist-Kina akkurat no – men amerikanarar flest er naive og veit ikkje eingong om det, langt mindre trur dei at det same tyranniet finn stad i USA akkurat no, mot dei.

FBI driv og samlar innlegg frå sosiale media som kritiserer Biden-regimet; kjem alle republikanarar og konservative snart til å bli fengsla slik som 6.januar-folka?

For dei fleire titals millionar amerikanarar som såg på falske nyheiter frå 2016 til 2020 og som klaga overalt på sosiale media over at russarane hjelpte Trump med å jukse og vinne: heilt innanfor. For dei fleire titals millionar amerikanarar som såg Søvnige Joe og hans CCP-kohortar stele 2020-valet med forfalska postsendte røystesetlar og forkrøpne Dominion-røystemaskiner, for so å klage overalt på sosiale media om det: vel, de blir kategoriserte og stempla som «innanlandsterroristar» og statsfiendar akkurat no.

Jepp, Facebook har sete og spionert på private meldingar og data frå amerikanarar, for so å rapportere det heile til FBI, og alt handlar om «anti-statlege» haldningar og det å utpeike personar som stiller spørsmål om 2020-presidentval-tjuveriet. Alt dette er ifølgje Justisdepartementet. So ironisk. «Den innanlandsterrorist-operasjonelle eininga» til FBI, med hovudkvarter i Washington DC, vil etterforske utan rettsordrar eller stevningar.

Antifa og BLM blir alltid sett på som fredelege demonstrantar, medan alle konservative blir sett på som høgreekstreme og forkjemparar for kvitt overherredømme

Det kommunistiske kinesiske regimet held ikkje menneskeliv heilage. Kritiser regjeringa og korleis dei styrer, og du vil hamne i fengsel – utan rettssak eller nokon som helst rettar, på ubestemt di. I USA seier grunnlova at ein har rett til ei rask rettssak, ein advokat, ein dommar, ein jury, osb. Men ikkje om ein er «terrorist». Likevel, kven og kva definerer ein «terrorist»? Det er eit svært grått område og no eit som Biden-regimet bruker mot alle amerikanarar som stiller spørsmål ved valresultat, vaksinar eller til og med læreplanar.

Legg ut noko på sosiale media som seier at du ikkje er einig med valresultat, eller covid-«proppsprøyter», eller den trans-eit eller anna-perverterte skuleagendaen til venstresida, og gjett kva som skjer: Du er ein «innanlandsterrorist» som hamnar på ei liste, eller endå verre, i fengsel.

Mange av demonstrantane frå 6.januar gjorde ikkje noko valdeleg og har ikkje snev av kriminelt rulleblad. Dei vart invitert dit av politiet og undercover-FBI-agentar for å gå rett inn i Capitol-bygningen – og no er dei sperra inne på ubestemt tid i eit DC-fengsel for å vere «innanlandsterroristar».

Er dette no kommunist-Kina? Førestill dykk at Trump hadde vunne og sperra inne kvar einaste Antifa- og BLM-demonstrant frå 2016 til 2020, utan rett til rettssak? Førestill dykk ei utreinsking frå Facebook og Twitter av negative kommentarar om Trump under Russland-samarbeidsbløffen og den iscenesette stevninga. Om du heldt opp eit avkappa hovud som såg ut som Trump og erklærte ditt Trump Derangement Syndrome so heile media kunne spreie det, ville du vel bli fengsla for å vere ein terrorist, ikkje sant?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s