Nuland, Biden og senator Johnson kravde alle at røyrleidningen skulle «bli gjort slutt på permanent» på kvar ein naudsynt måte
Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News, 28.september 2022. Omsett av saksyndig.
Øydelegginga av Nord Stream I og II-røyrleidningane i Austersjøen er ei av dei mest hårreisande og vondskapsfulle terrorisme- og sabotasjehandlingane i verdshistoria vår. No når sabotasjen har blitt bekrefta av fleire nasjonar, har skuldspelet byrja i det alle undrast «kven gjorde det?».
Bebuar Joe Biden, den russofobiske Victoria Nuland og republikansk senator Ron Johnson har alle på video kravd at Nord Stream-røyrleidningane skal eliminerast, og antyda at dei vil bruke kvart eit triks i boka for å oppnå det utfallet.
Sjå frå 2:52-merket i denne utvekslinga mellom senator Ron Johnson og Victoria Nuland, ein kjent Russlandshatar og nøkkelarkitekt til det korrupte Zelensky-regimet som ope samarbeider med reelle nazistar medan dei stel milliardar av dollar frå amerikanske skattebetalarar.
«Sen. Ron Johnson: ‘Eg kan ikkje tenkje på ein kraftigare måte å straffe russisk aggresjon, enn å rulle tilbake kva enn slags framgang som har blitt gjort, og dersom det i det heile er mogleg, hindre at Nord Stream II nokosinne blir fullført.’
Sen. Johnson: ‘… utføre handling som vil hindre at den NOKOSINNE blir i stand til å fungere.’
Nuland: ‘… vi forventar at røyrleidningen vil bli utsett.’
Johnson: ‘Eg håper verkeleg at senatskomité for utanlandske relasjonar vil ta til seg lovverk som vil gå utover berre det å utsetje den, men å gjere slutt på den permanent.’»
7.februar i år kom Joe Biden med ein dårleg skjult trugsel om å tilinkjegjere Nord Stream-røyrleidningen i sin vanlege kjeltringaktige stil som vi alle får vere vitne til når han latar som han er ein tøffing.
«Joe Biden: ‘Dersom Russland invaderere… då vil det ikkje lenger vere nokon Nord Stream II. Vi vil gjere slutt på den.’
Reporter: ‘Men korleis har de tenkt å gjere det, sidan, vel… sidan prosjektet er under tysk kontroll?’
Biden: ‘Eg lover deg, vi vil vere i stand til å gjere dette.’ (følgt av eit sjølvgodt smil).»
Tidlegare i år, 27.januar, lovde Victoria Nuland at Nord Stream II ville bli stoppa «på ein eller annan måte». Her er videoen.
«Victoria Nuland: ‘Dersom Russland invaderer Ukraina vil Nord Stream II, på ein eller annan måte, ikkje gå vidare.’»
Alt dette får ein til å stille det openberre spørsmålet: Dersom naturgass forsyner europearane med billeg gjødsel, mat, energi, straum, jobbar og industrielle evner, kvifor ville so mange amerikanske tenestepersonar krevje at ein eliminerte gassrøyrleidningar? Ønskjer amerikanske tenestepersonar at europearar skal lide?
Amerikanske marineøvingar involverte undervasseksplosivar, og lag køyrde øvingar på fjerning av desse i området utanfor den danske øya Bornholm i juni 2022
Som Sea Power Magazine rapporterte 14.juni i år, køyrde den amerikanske marinens 6th Fleet Task Force 68 øvingar relatert til fjerning av eksplosivar under vatn nøyaktig i området der desse sabotasjeeksplosjonane fann stad. Dekkhistoria var at den amerikanske marinen måtte utføre «minejakt-eksperiment» ved å bruke ubemanna undervassdronar. Frå artikkelen:
«I støtte av BALTOPS, inngjekk den amerikanske marinens 6th Fleet partnarskap med forskings- og krigføringssenter frå den amerikanske marinen, for å frakte dei mest oppdaterte ubemanna undervassfartøy og minejakt-teknologi til Austersjøen for å demonstrere kor effektivt fartøyet var i operasjonelle scenario.
Ein eksperimenterte utanfor kysten til Bornholm, Danmark, med deltakarar frå Naval Information Warfare Center Pacific, Naval Undersea Warfare Center Newport og Mine Warfare Readiness and Effectiveness Measuring, alt under leiinga til den amerikanske 6th Fleet Task Force 68.
Eksperimenta dette året fokuserte på UUV-navigasjon, lagoperasjonar og forbetringar i akustisk kommunikasjon medan dei samla kritiske miljødatasett for å forbetre dei automatiske målgjenkjenningsalgoritmane for å oppdage miner.»
So det nådelause Biden-regimet kjem med offentlege trugslar om å eliminere Nord Stream-røyrleidningane på kvar ein naudsynt måte, og so dukkar det opp ein styrke frå den amerikanske marineflåten i Austersjøen med ekspertar på undersjøisk øydelegging, og so, nokre månader seinare, blir Nord Stream-røyrleidningen sprengt i fillebitar, akkurat i Bornholm-området i Austersjen, noko som set europeisk industri på kurs mot kollaps medan dominansen til amerikansk industri og dollarvaluta blir styrka.
Hmmm…
Ikkje rart at dei amerikanske djupstats-etterretningstenestene er desperate etter å peike på Russland for alt dette, sjølv om Russland har null finansielt incentiv for å øydeleggje sin eigen røyrleidning, utifrå det faktum at denne røyrleidningen er sjølve gullgåsa deira for milliardar av dollar i forteneste om Tyskland skulle avvise NATO sitt jarngrep og heller inngå fred med Russland.
No, i staden, er der inga moglegheit for at Tyskland får gass frå Russland i overskodeleg framtid. Det valet har blitt fjerna frå bordet takka vere denne openlyse terrorisme- og sabotasjehandlinga.
Er USA sitt nådelause regime i krig mot Europa?
Det ser meir og meir ut som om USA, for tida okkupert av eit illegitimt, kriminelt kartell som tok makta gjennom det stolne 2020-valet, er i krig mot Europa. Nord Stream-røyrleidningssabotasjen tydar at Tyskland ikkje vil få naturgass i vinter, og dette inneber at det kjemiske konglomeratet BASF nesten heilt sikkert kjem til å måtte stengje ned operasjonar, mest sannsynleg innan slutten på året.
Det som svært få innser er at dersom BASF stengjer ned, vil Europa sin industrielle sektor kollapse.
BASF tilbyr det store fleirtalet av dei industrielle kjemikaliane som trengst for gjødsel, oljeraffineri, luftfart, bilproduksjon, tekstilar, forbrukarprodukt, medisinske forsyningar og legemiddel, plastikk og kvae, og mykje meir. Utan BASF kan ikkje europeisk industri fungere, og utan naturgass kan ikkje BASF fungere.
Som eg peikte på i ein tidlegare artikkel, har BASF sine eigne talspersonar sagt at dei til og med ikkje er sikre på om BASF sine kjemiske verk nokosinne kan bli starta opp igjen om dei blir stengde ned, sidan dei aldri har stoppa operasjonane sine sidan 1960-talet:
«Situasjonen er so dyster at den tyske kjemikaliekjempa BASF – tidlegare del av det nazi-styrte IG Farben; det kjemiske konglomeratet som utførte krigsbrotsverk mot menneskeheita – no trugar med å stengje ned operasjonar for industrielle kraftverk som har vore i kontinuerleg drift sidan 1960-talet. Som forklart av forfattar Philip Oltermann i ein artikkel i UK Guardian ved namn ‘How gas rationing at Germany’s BASF plant could plunge Europe into crisis’, er BASF nær ved å stengje ned sine massive kjemiske fasilitetar i Tyskland på grunn av mangel på naturgass. Men å stengje ned produksjonen kan bli permanent, sidan ingen veit om verka nokosinne kan starte opp igjen operasjonar etter ei nedstenging, sidan sjølve det å stengje ned systemet kan øydeleggje det.
Sjå på denne artikkelen frå Reuters frå 22.mars 2022, ‘BASF says it would stop output if gas supplies fell to half its needs.’ Den artikkelen forklarer:
‘Tysklands BASF (BASFn.DE) sa onsdag at dei ville måtte stoppe produksjon dersom naturgassforsyningar fall til mindre enn halvparten av behova deira, medan verdas største kjemikaliegruppe åtvara om skaden på sine operasjonar på grunn av Europa si kraftknusing.’»
Øydelegginga av Nord Stream I og II garanterer no at BASF vil bli tvinga av nettet. Dette tydar at europeisk industri er over og ut. Og det tydar at europeiske bankar kjem til å oppleve utbreitt insolvens. Sjølve eksistensen av euro som valuta – og sjølve EU – er no i fare.
Ved å sprengje Nord Stream i lufta, har USA greidd å setje hendingar i rørsle som vil kollapse Vest-Europa slik vi kjenner det, og transformere eit i-landskontinent om til eit u-landshòl av hungersnaud, fattigdom, arbeidsløyse og industriell utsletting.
Dette utfallet har allereie blitt sett i verk og kan ikkje bli stoppa, sidan Nord Stream-røyrleidningane ikkje kan bli reparert på fleire månader eller år (der finst ingen offisielle estimat på reparasjonstida som har blitt offentleggjort, men situasjonen ser dyster ut). No vil Tyskland og mange andre europeiske nasjonar bli tvinga til å kjøpe langt dyrare LNG frå amerikanske eksportørar, noko som tilfeldigvis vil flytte milliardar i forteneste frå Russlands Gazprom til USA-baserte LNG-eksportørar.
Saboterte Biden-regimet akkurat sine eigne europeiske allierte for å beskytte amerikansk industri- og valutadominans?
Som eg dekte i denne korte podcasten frå i går [27.september 2022], trur finansanalytikaren Tom Luongo at den amerikanske sentralbanken (Fed) er i krig med den europeiske sentralbanken (ECB) i eit forsøk på å kollapse euroen, slå europeiske bankar konkurs og halde på dollardominansen i årevis framover (med petrodollar-statusen som ser ut til å tillate tilnærma endelaus pengetrykking av sentralbanken i USA).
Fed sine gjentekne aukar av rentesatsen, kombinert med krigen i Ukraina, får investorar til å rømme frå Europa og gå over til dollar-denominerte verktøy slik som forvaltning av inntektene til føderale myndigheiter [treasuries]. Fed har allereie indikert at dei vil halde fram med å auke renta til inflasjonen er under kontroll, som praktisk tala tydar at dei vil heve renta heilt til noko større bryt saman på verdas finansscene. Den fyrste tingen som kjem til å bryte saman, verkar det som, er europeiske bankar og potensielt sjølve ECB.
Å sprengje i lufta Nord Stream-røyrleidningane får fortgang i bortgangen til ECB og euroen, noko som gjer USA om til det gjenverande dominerande industrielle og valutamessige makthuset i den vestlege verda. Men det set òg strek under den lammande kjensla av panikk blant tenestepersonar i det amerikanske finansdepartementet og sentralbanken, sidan dei ofrar sine europeiske alliterte for å prøve å halde fiat-dollaren flytande lite grann lenger, sjølv når nasjonalgjelda nærmar seg 31 billionar dollar, og pengetrykkingsmaskinene går i raudt turtal.
Dei nyleg godkjende 12 milliardar dollarane for Ukraina er tydeleg berre ei siste plyndring av amerikanske skattekister av den politiske eliten, som er fullstendig klare over at nesten alle valutaene til vestlege nasjonar – inkludert Japan og USA – er på randa av kollaps.
Vi ser ut til å vere i ein global tilstand av verdskrig akkurat no, og dei nådelause okkupantane som for tida styrer den amerikanske regjeringa er viljuge til å kaste meir enn 100 millionar europearar inn i massehungersnaud, frysing og arbeidslause for å kjøpe seg litt meir tid for det amerikanske valuta-pyramidespelet. Med venner som Biden, Obama og Nuland, kven treng fiendar?
Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 28.september 2022.