Babyar DØYR etter å ha drukke brystmjølk frå «fullvaksinerte» mødrer

At Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Det statleg styrte Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS) viser for tida vel 648 tilfelle av biverknader hjå amma babyar som har mødrer som vart «vaksinerte» mot Wuhan-koronavirus (Covid-19).

Trass null evidens for at sprøytene er trygge og effektive for gravide eller ammande kvinner, vart denne demografien lagt til godkjenningslista for bruk på dei. Og no lid babyar overalt på grunn av piggproteina og andre sprøyte-kjemikaliar som blir overført via brystmjølk.

Real-Time Magazine utførde ein analyse av VAERS, der dei identifiserte minst 648 tilfelle der spedbarn og babyar lid av helseskade, inkludert livstrugande hendingar og til og med dødsfall.

«Dei vanlegaste alvorlege hendingane var livstrugande blødning; antikolinergisk syndrom; leverproblem; anafylaktisk sjokk; nevroleptisk syndrom; nevrologiske biverknader slik som rykningar eller encefalitt; og hypoglykemi,» skriv Joel S. Hirschhorn for All News Pipeline.

«I dei fleste rapporterte tilfella vart alvorlege, livstrugande biverknader registrert hjå den same babyen.»

VAERS fangar ikkje opp alle tilfella av covid-sprøyteskade og død

Ei kvinne som snakka med etterforskingsteamet forklarte at ho amma sonen sin på den tida ho fekk sprøyte mot det kinesiske viruset [Covid-19]. Innan nokre dagar døydde sonen hennar.

«Eg pumpa innan ein time etter å ha fått sprøyta,» sa kvinna. «Min fem månader gamle son vart amma av meg natta etter sprøyta, og åt seinare den pumpa mjølka som eg fekk ut same dagen som eg tok sprøyta.»

«Elleve dagar seinare vart han funnen ikkje-responsiv under luren sin i barnehagen. Det er ikkje tydeleg kor lenge han var ikkje-responsiv før han vart funnen av barnevakta. Han vart straks sendt til sjukehuset og legane greidde å få hjartet til å slå igjen med betydeleg innsats. Organskaden var omfattande og han hadde ingen hjernefunksjon, han kom seg ikkje. Han gjekk bort 13 dagar etter at eg fekk sprøyta.»

I VAERS vart ikkje eingong dødsfallet til barnet talt som eit dødsfall, sjølv om det vart indikert at han ikkje kom seg igjen. Dette dukkar ofte opp i VAERS, som berre fangar opp ein liten del av sprøyteskader og dødsfall.

Vi kan sjå frå denne spesifikke VAERS-rapporten at barnet sitt dødsfall var tydeleg knytt til Pfizer mRNA (messenger RNA)-injeksjonen, som moren til guten fekk 28.januar. Ikkje lenge etter dette, godkjende det amerikanske Food and Drug Administration (FDA) offisielt sprøyta for gravide og ammande kvinner.

Ein annan liknande sak fann stad i mars, då ein baby som vart amma, og som òg var fem månader gammal, døydde berre éin dag etter at mora vart injisert mot dei kinesiske basillane. Babyen vart sjuk, utvikla både feber og utslett, og nekta å ta til seg mat. Han grein òg i eitt sett før sin tragiske død.

«Pasienten tok med seg babyen til det lokale akuttmottaket der vurderingar vart gjort, blodanalyse avslørte forhøga leverenzym,» står det å lese i VAERS-rapporten om den hendinga.

«Spedbarnet vart sjukehusinnlagt, men heldt fram med å forfalle, og gjekk bort. Diagnose TTP [trombotisk, trombocytopenisk purpura; sjeldan blodsjukdom der blodproppar dannar seg i små blodkar i heile kroppen; oms.komm.]. Ingen kjende allergiar. Ingen nye eksponeringar bortsett frå mora sin vaksinasjon dagen før.»

Ha i minne at då FDA godkjende covid-sprøytene for gravide og ammande kvinner, hadde ikkje ein einaste studie blitt utført på denne demografien. Faktisk har det enno ikkje blitt gjort ein einaste studie, truleg fordi dei som pressar sprøytene på oss veit kva utfallet ville ha blitt.

I kommentarfeltet viste nokon til ein artikkel, der det blir hevda at kyr no blir gjevne covid-injeksjonar. Mange bekymrar seg for at mjølka frå desse «fullvaksinerte» kyrne vil overføre dei same dødelege piggproteina til alle som drikk mjølka deira.

[Kommentar frå saksyndig: Artikkelen Huff omtaler skal gjelde kyr i New South Wales i Australia. Det er uvisst om liknande praksis med å vaksinere buskap blir gjort andre stader i verda. Etter mitt syn verkar kjelda som kjem med påstanden ikkje særleg truverdig. Lesaren blir oppfordra til å gjere eigne undersøkingar.]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s