«Vi eig vitskapen», skryt FN-representant i World Economic Forum

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Er vitskap noko som alle bidreg til eller har tilgang til, eller er det noko som blir erklært frå toppen og nedover av autoritære byråkratar? Ifølgje Melissa Fleming, FN sin under-generalsekretær for global kommunikasjon, «eig vi vitskapen», og med «vi» meiner ho FN.

På eit nyleg World Economic Forum (WEF)-arrangement, erklærte Fleming under sin samtale «Tackling Disinformation at the Sustainable Development Impact Meetings 2022», som vart halde frå 19. til 23.september 2022, at dei sokalla «elitane» styrer vitskapen, ikkje dei små menneska.

Fleming innrømte at FN tvinga gjennom ein avtale med tech-giganten Google om å undertrykkje og sensurere alle opponerande synspunkt om «vitskap», inkludert dei til ekspertar som er ueinige med den offisielle historia om «klimaendring».

«Vi inngjekk partnarskap med Google,» fortalde Fleming Adrian Monck, administrerande direktør og leiar av offentlege og sosiale engasjement i WEF. «Til dømes, dersom du googlar klimaendring vil du på toppen av søkjetrefflista få alle slags FN-ressursar.»

«Vi byrja dette partnarskapet då vi vart sjokkerte over å sjå at når vi googla klimaendring, fekk vi utruleg forvrengt informasjon heilt på toppen, so vi byrjar å bli mykje meir proaktive.»

«Vi eig vitskapen og vi trur at verda burde vete det, og plattformene sjølve gjer det òg. Men igjen, det er ei diger utfordring, eg trur alle sektorane i samfunnet treng å vere svært aktive.»

Sjå denne videoen for å høyre sjølv kva Fleming, FN og WEF tenkjer om kven som eig vitskapen.

Sanning treng ikkje å stilne andre synspunkt for å framleis vere sant

Både FN og WEF er tungt involverte i ymse klimatema, inkludert det å stengje ute sola med «rombobler» for å stoppe sokalla «global oppvarming».

WEF har òg hinta om ein framtidig cyber-«pandemi», som enkelte trur vil bli brukt for å få fortgang i innføringa av Klaus Schwab sin berykta «Great Reset».

FN og WEF brukte å i det minste prøve å skjule sine sanne intensjonar for verda, men Fleming sine siste ytringar i WEF viser at globalistane ikkje lenger bryr seg om kva verda høyrer eller tenkjer.

Dei kjem rett ut i ope lende no, for å erklære at dei er dei som bestemmer. Dei er dei som får lov til å fortelje oss kva som er sant når det gjeld vitskap, og alle som seier imot dei blir straks stilna.

«Dersom du har rett, er det ingen grunn til å undertrykkje andre synspunkt fordi sanninga vil vinne,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet om korleis FN og WEF viser korta sine.

«Naturlegvis, om du har feil, du undertrykkje sanninga for å behalde synspunktet ditt.»

Joe Biden er òg del av den globalistiske kabalen, la ein annan til, og siterte noko Biden nyleg sa som gjenspeglar det Fleming sa i WEF:

«Det vi har her, er eit persepsjonsproblem. Det vi må gjere er å endre dette perspektivet, sjølv om det ikkje er sant.»

Måten Biden og kabalen hans oppnår dette på, er å demonisere, marginalisere og til slutt kriminalisere motstandarane sine, som vi no ser finne stad på ein global skala.

«Deira hybris [overmot; oms.an.] burde bli deira undergang, men mange menneske er temmeleg dumme,» skreiv ein annan om korleis idiokrati [eit styre av idiotar; oms.an.] er grunnen til at Fleming sine ytringar forblir uadresserte og ustraffa.

«Sanning er aldri redd for gjennomgang,» la noko andre til i samtalen. «Løgner er alltid redde for å bli eksponerte.»

«Om dei hadde rett,» sa ein annan. «ville dei ønskje velkomne andre synspunkt og diskusjon – men dei har ikkje rett.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s