Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Akkurat når du trudde at Disney hadde nådd botnen, annonserte selskapet at dei var i ferd med å produsere FX sitt program Little Demon, om ei dame som blir besvangra av Satan, og hennar antikrist-dotter.
29.august annonserte Disney at dei ville byrje å sende eit nytt «komiprogram» om ei dame som blir besvangra av Satan, og hennar antikrist-dotter. Programmet byrja å strøyme på Disney+ i Australia og New Zealand, og ein forventa at det skulle byrje å bli sendt andre stader òg:
«I FX sin ‘Little Demon’, ein animasjonskomedie med stemmene til Danny DeVito og Aubrey Plaza, har det gått 13 år sidan Laura, ei motviljug mor, vart gjort gravid av Satan, og ho og hennar antikrist-dotter Chrissy, prøver å leve eit normalt liv i Delaware. Derimot blir dei to stadig gjenstand for monsterkrefter, inkludert Satan, som lengtar etter samværsretten med dottera si sjel.»
Heldigvis annonserte Disney nettopp at Little Demon, som prøver å normalisere pedofili og satanisme, ikkje lenger vil vere på lufta i USA. Med tanke på at serien har Hollywood-stjerner og er støtta av eit enormt budsjett, er avlysinga eit stort nederlag for Disney.
The People’s Voice avslørte Disney-programmet tidlegare denne månaden, der dei publiserte ei djuptgåande etterforsking av den sataniske teiknefilmserien og produsenten, Dan Harmon. Sjå den her.
Urovekkjande nok, har produsenten av programmet, Dan Harmon, kome med «spøkar» om å misbruke babyar ganske lenge.
I 2009 skapte Dan Harmon ein komedie ved namn Daryl – ein parodi på serien Dexter [som handlar om ein seriemordar som tek livet av andre mordarar som slapp unna rettssystemet; oms.komm.]. Og den var elendig. Hovudgrunnen: han misbruker ein baby. To gonger.
Vi må kollektivt stå overfor nokre kalde, harde fakta. Denne mannen, som misbruker ein baby to gonger i ein kortfilm, produserer for tida eit program om Satan og Antikrist. Det har eit digert Disney-budsjett, det er spekka med Hollywood-stjerner, og det er lovprist av hovudstraumsmedia.
Little Demon er heilt i tråd med den sataniske agendaen som har gjennomsyra massemedia i årevis. Det heile handlar om å kontre folk sin naturlege aversjon mot konsepta vondskap, satanisme og demonbesettelse ved å gjere dei morosame, relaterbare og underhaldande. Gjennom massemedia sluttar Satan med å vere «motstandaren» som representerer alt som er sjukt, vondsinna og pervers, og blir ein far som tek seg av dottera si. Satanisk besettelse sluttar med å vere ein sjeløydeleggjande prøvelse og blir ein potent måte å oppnå superkrefter.
Ein må vere blind for å ikkje sjå at verda blir feia over av ei massiv bølgje av indoktrinering. Kristendommen blir demonisert. Massemedia gjer satanisme om til den einaste «religionen» som får lov til å bli lovprisa og eksponert i hovudstraumen.
Kva med det faktum at reelle, ekte satanistar utfører faktiske svart magi-ritual, blodofringar og barnemishandling? Vel, dei prøver å normalisere alt det òg. Fordi dei som står bak Little Demon er store, feite, avskyelege demonar.