Hjelpte kong Charles til med å installere Rishi Sunak som statsminister på vegner av World Economic Forum?

Av Frankie Stockes, National File. Omsett av saksyndig.

Både Charles og Sunak hadde mangeårige band til det drakoniske World Economic Forum.

Hjelpte kong Charles til med å få fjerna Liz Truss og få ho erstatta med Rishi Sunak som Storbritannia sin statsminister på vegner av World Economic Forum, «Great Reset»-globalistane med nære, mangeårige band til begge mennene?

Gjennom Covid-19-pandemien fronta Charles World Economic Forum sin «Great Reset»-agenda, og hylla byrjinga på sjukdommen som det perfekte høvet til å ta ei overhaling av verdsøkonomien og få inn ein «fjerde industrielle revolusjon» som forvandlar regjeringar, forretning og daglegliv.

Som mangeårig deltakar på WEF sine toppmøte i Davos, har kong Charles i fleire tiår vore ein open forkjempar for gruppa sin globale klimaagenda, som inkluderer befolkingsreduksjon i massiv skala.

Med monarkar som kong Charles i rekkjene, skryt World Economic Forum i full offentlegheit over planane sine å «fange» maktposisjonar i business og regjering i si jakt på det ultimate målet til sann fascisme – ei samansmelting av korporasjonen og staten på eit globalt nivå.

Som kong Charles er Storbritannia sin nye statsminister Rishi Sunak djupt knytt til World Economic Forum, både personleg og ideologisk.

Rishi Sunak, ein tidlegare Goldman Sachs-bankier med ein formue som til og med er større enn den til kong Charles, seier at som statsminister vil han innføre WEF sine klimaføretak, blant annan Schwab-støtta politikk.

I ein WEF-video publisert på gruppa sin YouTube-kanal i fjor, snakka Sunak, på den tida medlem i Boris Johnson si regjering, om arbeidet sitt med WEF i deira globalek klimaoverhaling, som dei bruker for å «oppatt-forme økonomien vår.»

Ifølgje Sunak har han «arbeidd nært med regjeringar rundt om i verda» for å innføre WEF sin «kritiske» klimaoverhalingsagenda, som inkluderer «netto-null»-karbonutslepp.

Reduksjonen av karbonutslepp har vore eit ofte brukt senter i argument i favør av befolkningsreduksjonen som WEF ønskjer.

Og som ein vesentleg støttespelar av sentralbankstyrt digital valuta, blir Sunak sett på som ein nøkkelspelar i oppdraget å danne eit kontantlaust samfunn, der kvar einaste finansielle transaksjon blir spora av globale regjeringar.

Ein profil dedikert til Sunak er offentleg tilgjengeleg i WEF sitt medlemsregister på nettet.

For berre nokre månader sidan stod Sunak mot Liz Truss for å bli leiar i det herskande Konservative partiet og tapte, og Truss gjekk og tok embetet som statsminister, berre for å danne den regjeringa som har kortast levetid i britisk historie, berre seks veker.

På spørjeundersøkingane til Det konservative partiet, støtta politiske insiderar og parlamentsmedlemmer i stor grad Sunak, medan vanlege medlemmer støtta Truss.

Truss trekte seg etter at hennar skatteslaktande budsjett visstnok sendte den britiske økonomien hovudstups inn i kaos og fekk marknadene til å falle.

Støttespelarane hennar har skulda tvilsame finansoligarkar, slik som World Economic Forum og dei som er tilknytt dei, for å bruke sin finansielle påverknadskraft for å styre marknadene i fritt fall og tvinge Truss ut av embetet, misfornøgde med at dei ikkje fekk Rishi Sunak som statsminister fyrste gong.

Då Truss steig ned, trumfa dei gjennom ei røysting om ein ny leiar i Det konservative partiet, og Rishi Sunak vart enkelt installert, og utkonkurrerte den mislykka tidlegare leiaren og statsminister Boris Johnson.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s