Av Tom Parker, Reclaim the Net. Omsett av saksyndig.
Masseovervaking under dei fyrste månadene av covid-nedstengingar i USA.
Røystar-analysefirmaet PredictWise hausta lokasjonsdata frå fleire titals millionar amerikanske mobiltelefonar under dei fyrste månadene av covid-nedstenginga, og brukte desse dataa til å tildele ein «covid-19-regelbrots»-poengsum til menneska som var tilknytt telefonane.
Desse poengsummane vart rekna ut ved å analysere nesten to milliardar GPS-pings for å få «direkte, ultragranulare lokasjonsmønster». Folk som var «i farta oftare enn naboane sine» vart gjevne ein høg poengsum, medan dei som for det meste eller alltid heldt seg heime vart gjevne ein låg ein. [Dei brukte GPS-posisjonen til mobiltelefonane til å avgjere kor folk var hen, og kor dei reiste; oms.komm.]
Ikkje berre brukte PredictWise høgst sensitive lokasjonsdata for å overvake kor lydige millionar av amerikanarar var til covid-nedstengingsdekret, men dei kombinerte òg desse dataa med oppfølgjande spørjeundersøkingar for å tilskrive «covid-bekymrings»-poengsummar til dei som vart overvaka. PredictWise brukte deretter desse dataa til å hjelpe demokratane i fleire vippestatar til å nå meir enn 350 000 «covid-bekymra» republikanarar med covid-relaterte kampanjeannonser.
I sitt sokalla white paper, hevdar PredictWise at demokratar var i stand til å «sende denne ektetids lokasjonsmodellen til å opne opp litt over 40 000 persuasion targets [«overtalingsmål»] som normalt ville ha falle frå» for Mark Kelly som stilte til val som senator for den tida, og som no har blitt innvalt.
«PredictWise forstod at der var potensielle lommer av røystarar å nå fram til med covid-19-bodskap, og gjorde høgdimensjonelle data som dekte over 100 millionar amerikanarar om til tiltak knytt til covid-19-restriksjonslydigheit under streng nedstenging,» seier selskapet i sitt white paper.
PredictWise kjem ikkje med dei eksakte datoane for når desse lokasjonsdataa vart samla, men white paper skriv at dataa vart samla inn under covid-nedstengingar, og brukt under senator Kelly sin valkampanje i 2020. Amerikanske nedstengingar på delstatsnivå byrja 15.mars 2020, og Kelly vart valt 4.november 2020, so dataa ser ut til å ha blitt samla inn under dei fyrste månadene av denne 11-månadersperioden.
Lokasjonsdata og spørjeundersøkingsdata er berre to av dei mange typane av data som PredictWise påstår å ha tilgang til. Ifølgje nemnde white paper, sporar PredictWise òg «telemetridata» (som er «passivt innsamla mobiltelefondata» [engelsk passively sourced cell-phone data]), medieforbruksdata, og uregistrerte røystedata (som inneheld verifisert data på meir enn 50 millionar uregistrerte røystarar som blir oppdatert dagleg og innsamla frå kredittfiler og data knytt til registreringar på portalar). I tillegg påstår PredictWise at «Crate&Barrel» (som ser ut til å vere ein referanse til den nettbaserte møbelforhandlaren Crate & Barrel), er ein av portalregistreringsdatakjeldene dei har tilgang til.
Samla sett seier PredictWise at dataa deira «sporar meiningane, haldningane og åtferda» til meir enn 260 millionar amerikanarar – eit tal som reprenterer 78% av heile den amerikanske befolkninga på 333 millionar.
PredictWise bruker dataa som dei samlar inn til å skape poengsummar om 13 issue preference clusters [«problempreferansehopar»] og 7 value-frame [«verdiramme»] eller psykometriske clusters [«hopar»]. Desse «hopane» bruker meir enn 30 millionar åtferdsdatapunkt. PredictWise hevdar òg å vere i stand til å bruke desse dataa til å føreseie partiet til uregistrerte røystarar.
Denne masseovervakinga av lokasjonsdata og nedstengingslydigheit er berre eitt av dei mange døma på den storskala-datainnhaustinga som skjedde under pandemien. Private selskap spora kvardagsaktivitetane til borgarar, pusha fjernundervisnings-overvakingsteknologi, auka overvaking på arbeidsplassen, og meir. I mellomtida henta regjeringar inn talrike former for overvaking slik som å tvinge borgarar til å gå med overvakingsband på anklane, hemmeleg overvaking av vaksinemottakarar via telefonane deira, og kombinasjon av vaksinepass og digitale ID-ar.