Av Bo Banks, Big League Politics. Omsett av saksyndig.
For litt meir enn to veker sidan kom PayPal med ei melding der selskapet planla å «bøteleggje» brukarar 2500 collar for å spreie sokalla «feilinformasjon».
Til slutt droppa selskapet heile greia på grunn av rasande brukarar og fallande aksjekursar. Men som folk påpeikte på onsdag [26.oktober 2022], ser det ut som at PayPal stille gjeninnfører desse 2500 dollar-bøtene.
Internett flomma over av motbør mot denne nyheita atter ein gong, der endå fleire brukarar truga med å droppe plattforma for alltid på grunn av denne gjenoppdukka meldinga.
Fyrst hevda PayPal skamlaust at kommentarane deira var gjort «ved ein feil».
«Ei melding om akseptert brukspolicy vart nyleg sendt ut ved ein feil, og inkluderte feilaktig informasjon,» sa ein talsperson i selskapet. «PayPal bøteleggjer ikkje folk for feilinformasjon og dette språket var aldri meint å setjast inn i policyen vår. Vi er leie for forvirringa som dette har skapt.»
Heile situasjonen vart raskt om til eit PR-mareritt for selskapet, sidan brukarane var tydelege på at dei ville flytte pengane sine vekk frå PayPal og finne ein annan betalingsprosesserar.
«Sorry, PayPal, men det var ikkje eit uhell at desse orda i det heile var skrivne inn,» skreiv ein brukar på Twitter.
No når PayPal ser ut til å leggje den drakoniske klausulen til tenestevilkåra igjen, ser brukarane selskapet sine påstandar om «feil» for det dei eigentleg er: reine løgner.
PayPal tilbyr òg «gratis pengar» for å hindre endå fleire kontoar i å stengje.
«Ikkje ta bestikkelsen deira på 15 dollar. Slett PayPal-kontoen din,» skreiv Ian Miles Cheong på Twitter.
Gebyret på 2500 for spreiing av feilinformasjon har blitt lagt til tenestevilkåra igjen, med like fleirtydig språk. PayPal trur tydelegvis at alle berre vil akseptere påstandane deira og straks gløyme heile hendinga.
Eit «brot» ifølgje selskapet sine tenestevilkår, inkluderer språk som er so vagt formulert at det kan omfatte so godt som alt mogleg.
Frå Grit Daily:
«Ordlyden ‘andre former for intoleranse’ er so vid at det juridisk sett gjev selskapet grunnlag for å hevde at alle som ikkje fullt ut støtta rein viss ståstad tek del i ‘intoleranse’, fordi definisjonen på ordet er manglande vilje til å akseptere synspunkt, meiningar eller åtferd som skil seg frå eins eigne.
So denne klausulen gjev essensielt PayPal den oppfatta retten til å trekkje 2500 dollar frå brukarkontoar fordi dei kjem med meiningar som PayPal er ueinige i.»
PayPal sit og håper at brukarane gløymer kva som er forsøkt gjort. Heldigvis har vi kvitteringar. Dette PR-marerittet kjem berre til å bli verre når denne historia sirkulerer.