Kokain på tysk lege sin penis tok livet av elskarinne – no må han betale 13 000 euro for mislykka gjenopplivingsforsøk

Tysk lege som drap elskarinna ved å drysse kokain på genitalia sine har fått ordre om å betale for hennar medisinske behandling

Av Cassie B., Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein tysk lege som drap ei dame som han hadde ein affære med ved å drysse kokain på penis før munnsex, har fått ordre av ein domstol om å dekkje kostnadene relatert til mislykka forsøk på å gje akutthjelp for å redde livet hennar.

I 2019 vart dr. Andreas David Niederbichler dømt til ni års fengsel for valdtekt under skjerpande omstende og kroppsleg skade med døden til følgje etter hendinga, og får no legemiddelterapi. 46-åringen si gifte elskarinne døydde på grunn av overdose av kokainet som han hadde plassert på penis før dei vart intime.

Dama, ein 38-åring som berre har blitt identifisert som Yvonne M., gjekk bort etter å ha opplevd pusteproblem og kollaps. Obduksjonen viste at ho leid av dødeleg kokainoverdose.

Sjølv om legen hevda at dama visste om kokainet, avviste ein tysk domstol påstandane hans, og ein dommar har no gjeve han ordre om å betale 13 280 euro [om lag 136 800 kroner; oms.an.] for den medisinske behandlinga som ein utførde på Yvonne før ho døydde.

Tidlegare nekta han å betale familien til dama ein pengesum i erstatning, inkludert fleire tusen euro kvar til ektemannen og sonen, og i tillegg fleire tusen til familien for gravferdskostnader. Ektemannen og sonen til Yvonne saksøkte den plastiske kirurgen etter at han nekta å betale dei finansiell kompensasjon og dekkje gravferdskostnadene. Ein høgare regional domstol heldt med familien og gav legen ordre om å betale gravferdskostnadene og bistandsytingar til dei overlevande.

Yvonne, ein frisør, var pasient hjå legen før dei byrja den lagnadstunge affæren. Ein venn fortalde media at ho hadde ein lang affære med han og stolte «blindt» på han, og sa: «Yvonne ønskte å forlate ektemannen for Niederbichler. Han var som Christian Grey frå Fifty Shades of Grey for ho.»

Faren hennar trur at han [legen] med vilje valde ho som offer, og sa til den tyske avisa Bild: «Han lovde å lækje dottera vår – no er ho død. Ho var svært vakker og ein av hans pasientar. Han opererte ho to gonger for sjukdommar i senene.»

Tre andre damer har kome med liknande påstandar mot legen

Niederbichler, som har overlege ved Halberstadt-klinikken i Sachsen-Anhalt, gjekk til seksuelt overfall på tre damer frå september 2015 til februar 2018. Etterforskarar oppdaga at han i hemmelegheit hadde hatt kokain i deira tannkrem, leppestift og sjampanjeglas. Retten fekk høyre at han hadde dryssa penisen sin med kokain ved desse høva òg, men han nekta for å ha dopa alle damene.

Han fortalde Bild: «Ja, der var dop. Men eg dopa ikkje nokon av damene utan at dei visste om det. Eg leita etter eit spesielt kick og dei tok del i det.»

Han påstod òg at Yvonne var ein erfaren kokainbrukar. Han fortalde avisa at han angra på å følgje advokaten sitt råd om å halde seg stille, og ønskte å bevise at han ikkje var kriminelt skuldig i Yvonnes død. Derimot har ankane hans allereie blitt forkasta, og han har ikkje kome med nye bevis som kan føre til ei gjenopning av saka.

Under rettssaka vart dommarane fortalde at han brukte Internett til å møte andre damer for sex, og han vart skulda for å ta kokain under forhuda før seksuelt samkvem. Tre andre damer han var seksuelt involvert med, rapporterte at dei kjende seg øre etter møta sine med han; ei av dei var involvert i to bilulykker etter ein date med han, og ei anna rapporterte at ho hadde nervøse rykningar og svimte av etterpå.

Hovudpåtalar Eva Vogel sa at legen brukte dopen til å gjere erobringane sine meir medgjerlege overfor dei seksuelle krava hans. Uavhengig av motivasjonen sin, var han heilt tydeleg klar over risikoen knytt til kokainbruk, og handlingane hans har øydelagt mange liv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s