Av S.D. Wells, Natural News. Omsett av saksyndig.
Visstnok på grunn av pandemien utviklar menneske over heile verda kreft og nektar å fare på sjukehus for å få diagnose, av frykt for å få Fauci-influensa [Covid-19]. Ifølgje det farmasøytiske industrielle komplekset gjekk dette føre seg i to år, og estimerte éin million krefttilfelle vart ikkje oppdaga og meir enn 100 millionar kreftscanningar «tapt på grunn av pandemien». Men det er ikkje alt.
Skurkane i Big Pharma i Europa legg òg skulda på russarane for den nye kreftepidemien, og seier at dersom russarane ikkje hadde invadert Ukraina, ville to av dei største bidragsytarane til klinisk kreftforsking, diagnose og behandling (Russland og Ukraina) ikkje ha blitt sett ut av spel. Derimot finst der eit underplot her som ingen snakkar om, og det kan vere hovudgrunnen til at verda opplever ei større oppblomstring av krefttilfelle. Kva i all verda kan det vere?
Covid-«vaksine»-piggprotein hindrar vesentleg evna til skadd DNA å reparere seg sjølv, og lèt dermed kreft utvikle og spreie seg lett
Nedstengingar og Fauci-influensa var definitivt ansvarlege for skade på samfunn, økonomi og mentalhelse, men flodbølgja av krefttilfelle kan vere knytt til ei meir realistisk forklaring – giftige piggprion i blodet og reinseorgana. Ja, legane laug og sa at injeksjonane ville halde seg i muskelvevet på injeksjonsstaden. Ja, pandemien var for det meste fryktbasert, sidan mindre enn 1% av befolkninga på planeten var i fare for å døy av Wuhan-viruset.
Forsking publisert i tidsskriftet MDPI (Multidisciplinary Digital Publishing Institute), viser korleis piggprotein vesentleg hindrar menneske-DNA som er skadd frå å reparere seg sjølv. Farvel, tilpassingsimmunitet, med andre ord, fordi BRCA1 og 53BP1 er nøkkel-DNA-repareringsprotein som ikkje lenger kan gjere jobben sin, takka vere dei genmuterande Fauci-influensainjeksjonane [Covid-19-«vaksinane»]. Veit pharma-skurkane i Pfizer og Moderna allereie dette? Kva med Fauci, Walensky og Bill Gates? Er dette ein av grunnane til at helseforkjemparane kallar det «bløffdemien» og «plandemien»?
So medan alle som vart injiserte med millionar (om ikkje milliardar no) av piggprotein, hadde dei mykje større fare for å utvikle visse kreftformer, og sidan dei ikkje fór til sjukehus og legekontor og vart scanna, la kreftepidemien seg oppå og vart ein «pandemi» for seg sjølv.
Europa og USA står no overfor «kreftepidemi» takka vere piggprotein-injeksjonar, nedstengingar og øydelagde immunforsvar
I sin innsats for å unngå å få Wuhan-influensa [Covid-19], plasserte nokre milliardar menneske seg direkte i skotlinja, og utsette seg sjølv for fleire genterapi-injeksjonar som gjorde dei mykje meir sårbare overfor kreft, hjarteinfarkt, slag og immunsviktsyndrom. Spørsmålet for dei vaksinerte massane er om skaden kan bli omgjort?
Korleis kan desse giftige piggproteina bli skylte ut av kroppen, eller brotne ned, eller løyste opp, so dei ikkje forårsakar alle desse kort- og langtidseffektane? Er det i det heile teke mogleg? No når mange obduksjonar har blitt gjorte på dei covid-vaksinerte som har døydd, har det blitt avslørt at desse giftige piggpriona har invadert vitale reinsande organ, hjartet, hjernen, eggstokkane og mykje meir. Vil krefttilfella berre halde fram med å auke? Det vil berre tida vise.