Associated Press sparkar «reporter» som prøvde å utløyse Tredje verdskrig ved å feilaktig skulde på Russland for missilåtak

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Associated Press har sparka reporter James LaPorta for å prøve å tenne gnistane til Tredje verdskrig ved å feilaktig gje Russland skulda for det ukrainske missilåtaket i Polen.

Fem dagar etter at Associated Press siterte ein anonym «amerikansk senior-etterretningstenestemann» i ei falsk historie som påstod at eit russisk missil drap to polske sivile, vart ein av dei to reporterane bak historia sparka på flekken.

ZeroHedge rapporterer: Reporterane James LaPorta (sparka) og John Leichester (ikkje sparka) stod som forfattarar av den no tilbaketrekte rapporten, som utløyse ein heil nyheitssyklus som inkluderte snakk om å påkalle «artikkel 5» – den gjensidige forsvarsavtalen mellom NATO-medlemmer – og som ville ha forplikta andre medlemmer til å ta del i kollektivt forsvar, òg kjent som Tredje verdskrig.

Etter kvart som dagen gjekk sin gang, kom president Biden sprettande ut av ei NATO/G7-briefing og mumla at «det er usannsynleg» at prosjektilet vart fyrt av frå Russland. NATO ringde deretter inn og sa at det var meir sannsynleg at missilet var fyrt opp av ukrainske styrkar i sjølvforsvar (eller var det?).

Associated Press trekte seinare tilbake historia, og la ut følgjande dementi som la skulda på den anonyme etterretningstenestemannen:

«I ei tidlegare utgåve av ein artikkel publisert 15.november 2022, rapporterte Associated Press feilaktig, basert på informasjon frå ein amerikansk senior-etterretningstenestemann som snakka under føresetnad av å få vere anonym, at russiske missil hadde kryssa inn i Polen og drepe to menneske. Vidare rapportering viste at missila var russisk-laga og mest sannsynleg avfyrte av Ukraina i forsvar mot eit russisk åtak.»

Ifølgje Mediaite, krev Associated Press to kjelder for bekrefting på denne typen rapportering når begge er anonyme. Ikkje eit ord om kven som redigerte stykket eller kva lagnaden deira kan vere.

På måndag [21.november 2022] rapporterte Daily Beast at LaPorta hadde fått fyken for feilaktig rapportering, medan Leichester i skrivande stund har fått behalde jobben sin hjå nyheitstenesta.

Hugsar de då Associated Press siterte anonyme amerikanske etterretningstenestefolk for å antyde at ZeroHedge dreiv og spreidde russisk desinformasjon? Same greia, og det vil ikkje vere fyrste gongen «anonyme tenestefolk» viste seg å vere bullshit.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s