Avslørte Ice Cube nettopp korleis kjendisar vart overtala til å ta vaksinen? «Til helvete med den sprøyta!»

Av Peter Partoll, The Western Journal. Omsett av saksyndig.

Ein kjendis kan nettopp ha avslørt korleis Hollywood lokka han til å ta covid-vaksinen for å få framgang i karrieren sin.

På måndag [21.november 2022] rapporterte Variety at rapparen Ice Cube sa at han takka nei til ei skodespelarrolle til ein verdi av 9 millionar dollar på grunn av at han nekta å ta Covid-vaksine.

I eit intervju med «Million Dollaz Worth of Game»-podcasten sa Ice Cube: «Eg takka nei til ei filmrolle fordi eg ikkje ønskjer å ta den forpulte sprøyta. Eg takka nei til 9 millionar dollar. Eg vil ikkje ta sprøyta. Til helvete med den sprøyta. Faen ta dykk alle for å prøve å få meg til å ta den. Eg aner ikkje kva Hollywood føler for meg akkurat no.»

Seinare i intervjuet sa rapparen derimot at han ikkje takka nei til rolla, men at han ikkje fekk lov til å ta den på grunn av avgjerda hans om å ikkje bli vaksinert.

«Dei jævlane gav den ikkje til meg fordi eg ikkje ville ta sprøyta,» sa han. «Eg takka ikkje nei til den [rolla]. Dei ville berre ikkje gje den til meg. Covid-sprøyta, stikket… Eg trong den ikkje. Eg fekk ikkje den skiten i det heile. Ingenting. Faen ta dei. Eg trong ikkje den driten.»

Essensielt kan Ice Cube nettopp ha bekrefta at kjendisar var gjenstand for dei same tunge vaksinekrava under covid som mange av oss var.

Ærleg tala svarer dette no på spørsmålet om kvifor so mange kjendisar var viljuge til å vere med på konsernpropagandaen, til og med til det punktet at dei tok ein kontroversiell vaksine.

Når du har millionar av dollar dinglande framfor fjeset ditt, og ein reell sjanse til å få framgang i karrieren, er det vanskeleg å ikkje gå med på krava, spesielt om dei ser temmeleg små ut ved fyrste augnekast.

Ice Cube er ikkje den fyrste som står fram og seier at Hollywood-kontrollørar har bede han om å ta medisin for å bli ein betre kjendis. Kanye West, som no går under namnet Ye, sa nyleg at han har vore «dopa frå sans og samling» av kontrollørane sine og avslørte tekstmeldingar frå sin personlege trenar som truga med å få han innlagt på institusjon igjen.

«So eg seier dette igjen,» sa West i ei Twitter-melding. «Eg vart mentalt feildiagnostisert og nesten dopa frå sans og samling for å gjere meg om til ein handterleg og veloppdregen kjendis.»

Tenk på det ein augneblink. Anten gjer du det dei ber deg om, eller du blir sendt til ein mentalinstitusjon og får kanskje karrieren din lagt i grus. Ikkje rart so mange kjendisar fann seg i det og forsterka konsern-forteljinga.

Dette får ein til å stille spørsmålet: Kor mange andre kjendisar vart truga med tap av roller eller øydelegginga av karrieren sin dersom dei ikkje tok vaksinen og forsterka hovudstraumsforteljinga?

Mange vanlege menneske risikerte òg å få karrierane sine øydelagt for å nekte å bli vaksinert. Faktisk, på eitt stadium, kom president Biden med ein ordre som kravde at alle private føretak med meir enn 100 tilsette skulle ha påbodne vaksinar.

Men heldigvis var der mange modige folk som reiste seg for å beskytte fridommen vår frå desse drakoniske lovene. Ein av dei var Florida-guvernør Ron DeSantis, som sa: «Ingen, ingen politimann, ingen brannmann, ingen sjukepleiar, ingen burde misse jobbane sine på grunn av desse sprøytene.»

Ein annan var John Catanzara, ein leiar i Chicago si politi-fagforeining, som sa at det å tvinge politibetjentar til å ta sprøyta var «absolutt feil».

So no ser vi kvifor somme var viljuge til å ta vaksinen. Dei vart truga med tap av levebrødet dersom dei ikkje lydde. Kjendisar fekk ikkje fritak, slik dømet med Ice Cube viser.

Dette var feil. Der finst ingen grunn til at nokon skulle få levebrødet sitt truga for å nekte å ta ei eksperimentell sprøyte. Vi må halde dei som står bak dette ansvarlege for å sikre oss at dette aldri skjer igjen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s