WEF-elitane, som vil at du skal eige ingenting og vere lykkeleg, flyg hundrevis av sexarbeidarar til Davos

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Hundrevis av prostituerte har strøymt til sveitsiske Davos for å tilfredsstille appetitten til den globalistiske eliten, inkludert verdsleiarar og administrerande direktørar.

Ronald Reagan sa ein gong: «Det har blitt sagt at politikk er det nest eldste yrket. Eg har lært at det har ein slåande likskap med det eldste.» Han tok ikkje feil.

Behovet for prostituerte går i taket kvart år på møtet til verdsleiarar og administrerande direktørar som flyg til den sveitsiske landsbyen med privatfly frå alle verdas hjørne for å mingle med kvarandre og leggje planar om å ta vekk fridommen vår.

Eskortetenester blir booka inn på dei same hotella som høgtståande direktørar og deira tilsette under femdagars-toppmøtet, som starta denne veka 16.januar. Dette er altso leiarane som vil at de skal leve i ei minileilegheit, ete insekt og ikkje ha nokon eigendelar.

DailyMail rapporterer: Ein sexarbeidar ved namn Liana sa at ho kler seg i forretningsantrekk so ho ikkje skil seg ut blant leiarane, trass at prostitusjon er lovleg i Sveits.

Ho fortalde Bild at ho jamleg møter ein amerikanar som besøker Sveits fleire gonger i året, og som er blant dei 2700 deltakarane på konferansen.

Liana tek rundt 700 euro [ca. 7456 kroner] for ein time og 2300 euro [24 500 kroner] for heile natta, pluss reiseutgifter.

Leiaren av ei eskorteteneste i Aargau, 100 miles [ca. 161 kilometer] frå toppmøtet, seier at ho allereie har fått inn 11 bestillingar og 25 førespurnader – og forventar at mange fleire kjem denne veka.

Ho fortalde 20 Minuten: «Somme bestiller òg eskortar for seg sjølve og deira tilsette for å feste i hotellsuiten.»

Salome Balthus, ein sexarbeidar og forfattar, la ut eit innlegg på Twitter: «Date i Sveits under #WWF tydar å sjå på pistolmunningane til tryggleiksvakter i hotellkorridoren to om morgonen – for deretter å dele gratissjokoladar frå restauranten med dei og slarve om dei rike… #Davos #WEF.»

36-åringen bur på eit hotell nær Davos under toppmøtet, men nekta å avsløre kven dei påverknadskraftige klientane er.

Ho åtvara: «Tru meg, du vil ikkje hamne i ein rettstvist med dei.»

I 2020 avdekte ei etterforsking av The Times at minst 100 prostituerte reiser til Davos for toppmøtet ifølgje ein sveitsisk politibetjent.

Ein offisiell sjåfør for forumet sa at han plukka opp ein ung sexarbeidar som hevda at ho hadde blitt tvinga av «sjefen» til å liggje med ein eldre klient på eit hotell for delegatar.

Blant temaa som blir diskutert på årets toppmøte er Ukraina-krigen, globale inflasjonsratar, klimaendring og ulikskap.

Ukraina si fyrstedame Olena Zelenska vil halde ein sjeldan internasjonal tale i dag [17.januar 2023] på den årlege samlinga.

Covid-19-pandemien torpederte treffet dei siste to åra, men ei vårutgåve vart halden for åtte månader sidan.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s