Klaus Schwab: «Eg er paven i Den nye verdsordenen»

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Klaus Schwab har erklært at han er paven i Den nye verdsordenen og har svore at han skal vere leiaren av den globalistiske organisasjonen fram til sin dødsdag.

Ifølgje folk på innsida av WEF har Klaus Schwab eit «gudskompleks», og refererer ofte til seg sjølv som ein slags heilag leiar for elitane.

Breitbart.com rapporterer: Eit tal personar som er involvert i World Economic Forum diskuterer visstnok NGO-en si framtid etter Klaus Schwab, no når organisasjonen sin årlege konferanse nok ein gong går av stabelen i Davos denne veka.

Dette kjem når Schwab sjølv fyller 85 i mars i år, noko som får nokon som er nært tilknytt organisasjonen til å søkje klarheit i kven som vil etterfølgje erke-globalisten på toppen av organisasjonen hans.

Ulikt mange andre organisasjonar i verda ligg emnet om etterfølgjar i WEF berre i hendene på leiaren, der gruppa sin charter seier at Schwab har einerett til å velje sin eigen etterfølgjar.

Ifølgje ein rapport av POLITICO, trur ymse personar som arbeidde eller arbeider med World Economic Forum ikkje at Schwab vil vere tydeleg rundt temaet i overskodeleg framtid, der publikasjonen spesifikt siterer kritikarar som seier at Schwab styrer gruppa som ein konge eller ein pave, og at dette etterfølgjar-spørsmålet passar inn i denne leiarstilen.

«[Schwab] har eit gudskompleks, og trur han er blant dei sprekaste 0,1%,» skal ein WEF-veteran med base i USA visstnok ha sagt til publikasjonen.

«Men ingen er udødelege,» heldt vedkomande fram. «Det er galskap at dei ikkje har ein etterfølgjarplan å byggje offentleg tillit rundt.»

Ein annan medlem av staben antyda at Schwab vil kunne prøve å kontrollere prosessen rundt sin eigen etterfølgjar «frå grava», som POLITICO skildrar det.

«Klaus har endra testamentet sitt fleire gonger i året i fleire tiår, so det er rett og slett umogleg å vete kva han vil bestemme seg for til slutt,» sa stabsmedlemmen.

«Der er tidlegare statsoverhovud som trudde dei var med i gamet for 20 år sidan,» heldt vedkomande fram, men la visstnok til at alle dei kandidatane anten hadde blitt leie av å vente på at Schwab skulle gje frå seg makta, eller hamna i unåde hjå WEF sin mektige leiar.

Generelt antydar publikasjonen at der er betydeleg sjanse for at ein medlem av Schwab sin eigen familie kan etterfølgje han, igjen som ein konge.

Andre moglege kandidatar som er nemnde inkluderer presidenten i Den europeiske sentralbanken, Christine Lagarde – sjølv om hennar aukande alder visstnok har blitt brukt for å uttrykkje bekymring rundt maktovertakinga – og den tidlegare norske finansministeren Børge Brende har òg blitt sett på som ein sannsynleg kandidat; han vart henta inn i organisasjonen av Schwab i 2017.

Philipp Rösler, tidlegare visekanslar i Tyskland for det libertarianske Frie demokratiske parti som vart med i organisasjonen i 2014, visstnok i håp om å etterfølgje Schwab, blir òg sett på som sannsynleg kandidat til å ta over organisasjonen.

Rösler, som opphavleg kom frå Vietnam før han vart adoptert av tyske foreldre, er sett på som relativt ung i ein alder av 49, men erfaringa hans i å tene både som teknologi- og økonomiminister i kabinettet til Angela Merkel vil sannsynlegvis ta seg godt ut på CV-en om han skulle satse på rolla.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s