Av Ramon Tomey, Natural News. Omsett av saksyndig.
Ei begjæring om søksmål mot Walt Disney Company skulda mediegiganten for å agere som ein arm av Biden-administrasjonen i å implementere Wuhan koronavirus (COVID-19)-vaksinepåbod.
Søksmålet frå tidlegare ESPN-tilsette Beth Faber og Allison Williams hevda at Disney spelte rolla til ein «statleg aktør» i å seie dei opp for å ikkje lyde selskapet sitt covid-19-vaksinepåbod. Faber, som arbeidde i nettverket som produsent, vart sagt opp i september 2021. Williams, som vart sagt opp same månad som Faber, byrja seinare i Fox Sports som kommentator.
Fornærma sitt søksmål argumenterte at Disney, i si rolle som «statleg aktør», er gjenstand for Grunnlova sin «klausul om likeverdig vern» [engelsk equal protection clause]. Advokatane til Faber og Williams skreiv: «Grunnlova slår fast at staten – so vel som statlege aktørar – ikkje kan ta liv, fridom eller eigedom utan rettsprosess eller likeverdig lovvern.»
Klagen argumenterte vidare at oppseiinga av Faber og Williams, som fall saman med president Biden si annonsering av eit covid-19-vaksinepåbod for private selskap, var «meir enn berre symbolsk», sidan det var «del av ein særs orkestrert og koreografert partnarskap».
Det California-baserte underhaldningsselskapet eig 80% av ESPN, og dei gjenverande 20% er eigd av Hearst Communications.
I tillegg refererte Faber og Williams sitt søksmål til eit møte i Det kvite hus der dåverande Disney-adm.dir. Bob Chapek var til stade, mindre enn ei veke etter at Biden annonserte sitt vaksinepåbod. Det at Chapek gjorde covid-19-injeksjonar obligatoriske for Disney-tilsette tente som ein «tydeleg og openberr respons» på kravet til presidenten, la dei til. Chapek, som opphavleg tok over etter sin forgjengar Bob Iger, trekte seg som adm.dir. i november 2022, berre for å bli erstatta av Iger sjølv.
Klagen nemnde òg at medan dei agerte ein arm av Biden-administrasjonen, braut Disney – og dermed òg ESPN – dei religiøse rettane til tilsette. Den siterte korleis nettverket avviste søknader om religiøst unntak som begge fornærma sendte inn.
Andre tidlegare tilsette saksøkjer Disney på grunn av vaksinepåbod
Dei to tidlegare ESPN-tilsette er ikkje dei einaste som utfordra Disney sitt vaksinepåbod i retten.
Ifølgje ein reportasje av den NBC-tilknytte kanalen WESH 2, gjekk sju tidlegare tilsette til sak mot Disney for «diskriminering» under Florida Civil Rights Act. To av dei fornærma, Cheron Hayes og Seth Schmidt, hevda at selskapet avviste søknadene deira for religiøst unntak til covid-19-vaksinepåbodet – som førde til at dei vart oppsagt.
Hayes vart oppsagt i november 2021 etter å ha arbeidd som senior-finansanalytikar i nesten 15 år. Ho klaga: «Eg trudde eg hadde funne selskapet eg kunne pensjonere meg frå. So det at dei slengde dette oppi trynet på meg berre på grunn av ei sprøyte, og det at dei bokstavleg tala sa ‘ingen sprøyte, ingen jobb’… var særs audmjukande.»
Schmidt leid òg den same lagnaden sjølv om han hadde arbeidd i 11 år ved Disney Hollywood Studios i Florida sin Disney World-temapark. «Sjefen min sa at det ikkje var på grunn av jobben,» fortalde han WESH 2. «‘Du gjer ein fabelaktig jobb. Men på grunn av policyen vår må vi seie deg opp’. Det føltest rett og slett fortvilande.»
Rachel Rodriguez, ein advokat som representerer dei sju fornærma, seier at lova er tydeleg på klientane hennar si side.
«Det kan ikkje leggjast nok vekt på at desse problema har å gjere med diskriminering under ein lenge gjeldande lov,» sa ho, og la til at Disney «braut privatlivsrettane» til tilsette ved å gjere det obligatorisk for dei å ta covid-19-vaksine under trugsel om opphøyr av arbeidsforhold.
Sjå Disney-tilsette Nick Caturano diskutere sin og kollegane sin kamp mot selskapet sitt covid-19-vaksinepåbod på Lawfare with Tom Renz her.