Noko verkeleg underleg skjer…
Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.
Har de lagt merke til at mange menneske har byrja å oppføre seg særs merkeleg? Det er nesten som om nivået av galskap i samfunnet vårt plutseleg har blitt skrudd opp fleire hakk, og eg har ikkje ei rasjonell forklaring på kvifor dette skjer. Alt eg veit er at same kor eg ser, oppfører folk seg temmeleg underleg. Kanskje har vi rett og slett nådd eit punkt der talet dumme menneske i samfunnet vårt har nådd ein kritisk masse. Tragisk er sanninga at intelligensnivået i samfunnet har falle i fleire tiår.
Men du må vere ei heilt spesiell form for dum for å prøve å lure med deg ein slange om bord på eit fly.
Ei dame i Florida prøvde å gjere nettopp dette, men ho lykkast ikkje heilt:
«Slange på fly? Nesten.
Dette er ikkje plottet til ein oppfølgjar til actionfilmen [Snakes on a Plane frå 2006; oms.an.]. Sist månad prøvde ei kvinne som reiste gjennom Tampa internasjonale flyplass å stue sin boa constrictor i handbagasjen, ifølgje Transportation Security Administration [TSA].
Ei TSA-Twittermelding viser røntgen av det 1,2 meter lange vesenet som passerte gjennom gjennomlysingsmaskina som passasjerar må gå gjennom før dei kjem til gaten.»
Då dama vart spurt kvifor ho prøvde å ta med seg ein slange om bord på flyet, sa ho at det var «hennar emosjonelle støtte-kjæledyr».
Våre kriminelle blir dummare òg.
I Chicago stal nyleg ein 22 år gammal mann ein bil for å ikkje kome for seint til eit møte i retten.
So kvifor måtte han møte i retten? Vel, det viser seg at han tidlegare hadde blitt arrestert for å stele eit anna køyretøy:
«Ein Chicago-mann fekk ein samanlagt dom på 16 års fengsel for å kapre ein sjåfør slik at han kunne kome seg til ei rettssak om eit stole køyretøy.
Edward Flemming (22) vart arrestert i januar 2020 etter at han stal ein Ford Fusion medan han hadde på seg ei skimaske, men han vart sleppt ut på vilkår, rapporterte CWB Chicago.
Månaden etter truga Flemming, saman med ein 17 år gammal gut og ei 14 år gammal jente, ein 22 år gammal mann med den intensjon å stele offeret sin bil slik at Flemming kunne møte opp i tide til rettssaka si klokka 9 om morgonen, 25.februar 2020.»
Politikarane våre oppfører seg òg særs merkeleg.
Tidlegare i dag [16.januar 2023] vart eg forbløffa over å høyre at ein medlem av Kongressen faktisk ønskjer å «setje opp ei byste av den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky i den amerikanske kongressbygningen Capitol» på permanent basis:
«Sør-Carolina sin republikanske representant Joe Wilson har kome med ein resolusjon for å setje opp ei byste av den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky i det amerikanske Capitol, for å offisielt ære sjølvaste helgenen i det militærindustrielle komplekset med eit avgudsmomument.
‘Vedteke, at Representantane sitt hus pålegg Styret for kunst å skaffe ei byste av presidenten av Ukraina, Volodymyr Zelenskyy, for å stillast ut på ein passande, permanent stad i Representantane sitt hus-fløyen av United States Capitol,’ fastslår resolusjonen.»
Kvifor reiser vi ikkje i staden ein 150 meter høg gullstatue av Zelensky midt i National Mall? På den måten kan det amerikanske folket gå ned på kne og dyrke Zelensky når dei måtte ønskje.
For to år sidan hadde nokon knapt høyrt gjete Zelensky. So mykje har endra seg sidan den gong.
Når ein snakkar om endringar, rapporterer Fox News om ein ny studie som overraska meg særs mykje:
«USA er mildare enn alle europeiske land når det gjeld å late barn få tilgang til medisinske tenester for kjønnsskifte, ifølgje ein ny studie.
Studien, publisert av Do No Harm [«gjer ingen skade»], ei gruppe som har som mål å beskytte helseprofesjonane frå ‘radikal, divergerande og diskriminerande ideologi’, analyserte lovene i europeiske land og konkluderte at ‘USA er det mest tillatande landet når det gjeld juridisk og medisinsk kjønnsskifte hjå barn’. Lovene varierer på frå delstat til delstat i USA, en generelt har transbarn i USA større tilgang til kjønnsklinikkar, pubertetsblokkerarar, kjønnsendrande hormon og operasjonar, i somme tilfelle utan samtykke frå foreldra.»
So tydelegvis leiar vi alle andre i Vesten når det gjeld kjønnsskifte.
I mellomtida blir det å fatte seg med den kristne trua i aukande grad sett på som «støytande» i USA. Faktisk prøvde styresmaktene nyleg å kaste ein mann som gjekk med ei «Jesus reddar»-skjorte ut av Mall of America fordi dei trudde at skjorta «fornærma» andre kundar.
Kva i all verda har skjedd med oss?
Eg trudde aldri at eg ville sjå den dagen når folk blir kasta ut av handlesenter for å rett og slett ha namnet Jesus på skjortene sine.
Men naturlegvis trudde eg aldri at eg ville sjå dagen når heroin og crack blir openlyst selt i butikkar, men det er nøyaktig kva som held på å skje i Vancouver i Canada:
«Ein butikk som skal selje heroin og crack skal etter planen opne i Vancouver, Canada, i samband med avkriminalseringa av sterke stoff i slutten av månaden.
British Columbia er meint å avkriminalisere det å inneha klasse A-stoff for personleg bruk 31.januar – eit trekk som har blitt omfattande kritisert av konservative politikarar og kommentatorar.
Den lokale forretningsmannen Jerry Martin har annonsert planar om å opne The Drugs Store, som vil tillate kundar å kjøpe opptil 2,5 gram heroin eller crack, og eit tal andre sterke stoff slik som metamfetamin.»
Før eg rundar av denne artikkelen, vil eg nemne at tidlegare American Idol-deltakar CJ Harris har gått bort.
Han var berre 31 år gammal.
Kvar gong vi misser ein ung person med so mykje potensial, burde vi verkeleg bli fylde av sorg.
Uheldigvis trur eg at mykje meir sorg ligg framfor oss.
Verda har blitt slik ein underleg stad, og eg er fullstendig overbevist om at den kjem til å bli endå underlegare.
Er de førebudd på å handtere kva enn som kjem mot oss når samfunnet vårt sakte, men sikkert tørnar?
Eg håper det, for det vi har opplevd so langt er berre toppen på isfjellet.