Franske vitskapsfolk avleiar lynnedslag ved hjelp av vêrkontrollerande superlaser

Henta frå Strange Sounds, men opphavleg publisert på Study Finds. Omsett av saksyndig.

Sjå òg «Bombesyklonar og atmosfæriske elvar: Driv nokon og manipulerer vêret?» av F. William Engdahl, publisert 19.januar 2023.

Vitskapsfolk i Frankrike har skapt ein måte å avleie lynnedslag ved bruk av ein vêrkontrollerande superlaser.

Forskarar ved Det polytekniske institutt i Paris leia slaga frå torevêrsskyer til stader dei ikkje kunne gjere skade. Teamet seier at den nye teknikken kan redde kraftstasjonar, flyplassar, heliportar og andre konstruksjonar frå katastrofe.

Systemet skaper ein virtuell lynavleiar, leiande metallstrukturar som grip inn i lyn og leiar ladinga deira til bakken.

«Funna utvidar den noverande forståinga av laserfysikk i atmosfæren og kan hjelpe til i utviklinga av nye lynvernsstrategiar,» seier korresponderande forfattar dr. Aurelien Houard, ifølgje ei melding frå SWNS [Det britiske nyheitsbyrået SWNS Media Group / South West News Service; oms.an.].

Apparatet på fem tonn er om lag på storleik med ein stor bil og fyrer av opp til tusen pulsar per sekund. Vitskapsfolka installerte det nær eit telekommunikasjonstårn i dei sveitsiske aplar – som blir treft av lynet rundt 100 gonger i året.

«Ein kraftig laser retta mot himmelen kan skape ein virtuell lynavleiar og avleie ruta til lynnedslag,» fortel dr. Houard SWNS. «Funna kan bane veg for betre lynvernsmetodar for kritisk infrastruktur – slik som kraftstasjonar, flyplassar og heliportar.»

Lynavleiaren vart funnen opp av Benjamin Franklin i 1752 som del av hans banebrytande forsking på elektrisitet, og dei er framleis i bruk den dag i dag. Derimot er det ofte upraktisk å installere dei. Dei bekjempar berre dei direkte effektane av lynnedslag og kan forårsake elektromagnetisk interferens og høge voltutslag i apparat og kvite- og brunevarer.

«Ved å oppføre seg som ein virtuell, flyttbar avleiar, kan ein laserstråle retta mot himmelen tilby eit alternativ,» held dr. Houard fram.

Laseren kan forhindre millardar av dollar i skade

Ideen om å bruke intense laserpulsar for å styre lynnedslag har tidlegare blitt forska på under laboratorieforhold. Derimot var der ingen felttestar som tidlegare demonstrerte lynstyring ved hjelp av laser. Dr. Houard og kollegaer utførde ein serie med eksperiment sist sommar på toppen av fjellet Santis i nordaustlege Sveits.

I løpet av dei seks timane med operasjon under torevêr, observerte dei at laseren avleia bana til fire oppovergåande lynutslag frå det 120 meter høge tårnet. Resultata vart bekrefta ved hjelp av høgfrekvente elektromagnetiske bølgjer generert av lynet for å lokalisere nedslaga.

«Auka oppfanging av røntgenstråleutbrot på nedslagstida bekrefta òg vellykka avleiing,» fortel dr. Houard til SWNS. «Eit av nedslaga vart direkte dokumentert av høghastigheitskamera og viste seg å følgje laserbana meir enn 50 meter.»

Billionwatts-laseren som er skildra i Nature Photonics er den fyrste i sitt slag, og ein av dei kraftigaste i sin klasse.

Lyn har ei vanvitig øydeleggjande kraft. Dei kan forårsake straumbrot og skogbrannar, skade elektroniske system og infrastruktur, og kan til og med føre til skade eller død på menneske og husdyr. Skadane dei forårsakar kjem opp i milliardar av dollar i året. Med klimaendring og den påfølgjande auken i talet på og alvorlegheita av stormar, vil skadar frå lynnedslag truleg auke i framtida.

Å endre bana til lyn ved hjelp av laser kan difor hjelpe til med å beskytte sårbare stader slik som flyplassar, skogar, skyskraparar og kraftverk. Laseren fungerer ved å generere ein lang, ionisert kanal kalla ein lasertråd [laser filament på engelsk] mot skyene. Den fungerer som ein føretrekt veg for lynet, og leiar det vekk frå sårbare stader.

«Ved å skyte tusen laserpulsar i sekundet opp i skyene, kan vi trygt lade ut lynet og gjere verda lite grann tryggare,» legg medforfattar dr. Clemens Herkommer i Trumpf vitskaplege lasarar til.

Når gjev lynnedslag grunn til bekymring?

Santis er sett på som ein av Europa sine lyn-hotspots, for det meste konsentrert rundt topp-torevêrsaktivitet mellom mai og august.

«Lyn har fascinert og skremt menneskeheita i uminnelege tider,» seier dr. Houard.

«Basert på satellittdata er den totale lynraten verda over – inkludert sky-til-bakke og skyelyn – estimert til å vere mellom 40 og 120 lyn per sekund, som forårsakar betydeleg skade og tap av liv. Det dokumenterte talet dødsfall av lyn er langt over 4000, og skadar av lyn kjem opp i milliardar av dollar i året.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s