Operasjon Sandman er no aktivert – Saudi-Arabia annonserer SLUTTEN på dollardominans i den globale oljehandelen… dominobrikkene byrjar å falle for det amerikanske imperiet
Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Som vi [i Natural News] konsekvent har åtvara om i meir enn eit år, har Operasjon Sandman no blitt aktivert; den saudiarabiske finansministeren, Mohammed Al-Jadaan, sa til Bloomberg TV (under eit WEF-Davos-intervju) at saudiarabarane med glede vil ta imot alle valutaer for å fullføre oljetransaksjonar (rapportert av OilPrice.com).
Grunnsøyla i USA sin globale valutadominans og deira evne til å eksportere inflasjon til verda, er basert på den sokalla petrodollar-statusen, der USA samtykte til å beskytte det (korrupte) saudiarabiske kongedømmet i byte mot at saudiarabarane kravde amerikanske dollar for alle oljetransaksjonsavtalar. Denne avtalen har eksistert sidan Bretton Woods-konferansen i 1944 og har bore dollaren framtil i dag.
Men denne avtalen har no kome til vegs ende.
Særs få amerikanarar har noka som helst peiling på kva dette tydar for deira aktiva og framtida deira.
I tillegg er særs få klar over at meir enn 100 nasjonar står klare til å avvise petrodollaren som den dominerande valutaen for oljeavtalar. I staden har mange nasjonar tenkt å gå over til å bruke yuan (frå Kina) eller den digitale yuan, eller den nye BRICS+ varestøtta reservevalutaen som er i ferd med å bli lansert av Kina, Russland, India og andre deltakande nasjonar.
Dominobrikkene har blitt sett i bevegelse. Og når dette speler seg ut, tydar det at dollaren vil kome flytande tilbake til USA når nasjonar rundt om i verda kastar ut fiat-valutaen som dei ikkje lenger treng. Dette inneber at dollaren vil oppleve rask devaluering når det gjeld kjøpekraft, som vil gjenspegle seg i høgare prisar – altso inflasjon – på forbrukarvarer slik som matvarer, bilar og meir.
Sjølv om det vil ta tid før dette blir fullt ut realisert, tydar det òg at dei som framleis har dollar i nevane vil bli finansielt ruinert sidan kjøpekrafta til dollar forsvinn som dogg for sola. Den føderale regjeringa sin respons på alt dette er nesten garantert å inkludere ei ny bølgje tankelaus pengeopptrykking, der dei legg endå meir dollar til flaumen av dollar som blir kasta ut av nasjonar i heile verda. Endepunktet er, naturlegvis, hyperinflasjon sidan dollaren taper ikkje berre 2% av kjøpekrafta per månad, men kan til og med tape 10%, 20# eller endå meir per månad (i den siste utblåsningsfasen). Tenk på Weimar-Tyskland som endepunktet her.
Å beskytte aktiva blir no ei hastesak
Blant informerte amerikanarar – og alle som sit på dollar – må det å beskytte aktiva no få topp-prioritet. Dette tydar at vi burde forvente ei rask forflytting av til overs-dollar til harde aktiva dei neste månadene: gull, sølv, land, køyretøy, ammunisjon, skytevåpen, mat, osb.
Dette tydar òg at prisane vi ser i dag på nesten alt, sannsynlegvis er dei lågaste prisane vi vil sjå i fleire år framover. På eitt punkt vil fallande folketal (massedødsfall av «vaksinane») og stigande renter ha ein sterk deflasjonseffekt [deflasjon er det motsette av inflasjon; oms.komm.], men det ser ikkje ut til å liggje i korta for 2023 eller til og med 2024. Alle dei sterkaste faktorane forblir tilknytt inflasjon, og den saudiarabiske avgjerda om å selje olje i andre valutaer enn dollar kjem til å devaluere dollar, som tydar at forbrukarprisar vil bli gjenstand for inflasjon i dollar.
Vi vil på det sterkaste oppmode alle lesarar om å etterforske strategiar for aktivamangfald og reduksjon av eksponering for dollar, dollar-denominerte aktiva (slik som obligasjonar) og heile det amerikanske banksystemet som ser ut til å bli stadig skjørare.
Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 18.januar 2023.