Du er no overflødig: Globalistar følgjer planetarisk manus for å erstatte menneske med AI-system

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett av saksyndig.

Alt du har opplevd fram til denne augneblinken i menneskehistoria har kome frå manus. Planeten Jorda blir kontrollert av forteljingskonstruktørane som skriv manusa som fôrar nyheitsmedia, vitskaplege tidsskrift, universitet og kulturelle søyler av det moderne samfunn; dei tvangsfôrar medvitet til massane med ein fabrikkert, kunstig «røyndom».

Dersom du er ueinig med deira fabrikkerte, falske røyndom, blir du skulda for å spreie «desinformasjon», og vil snart bli kriminalisert for å gjere det i det det globale åtaket mot ytringsfridom blir intensivert.

Det manuset har no nådd eit kritisk infleksjonspunkt der menneske – som ein gong i tida vart verdsette for sine bidrag til arbeid, kreativitet og problemløysande evner – i stor grad blir sett på som avleggs av globalist-kontrollørane.

No ber manuset om masseutrydding av menneske, som skal bli erstatta med AI-system. [AI, artificial intelligence, er kunstig intelligens; oms.an.]

Heile føremålet med menneske var å gje framvekst til AI, seier luciferianske globalistar

Det primære føremålet med menneske opp til dette punktet, frå globalistane sitt synspunkt, var å byggje opp tilstrekkjeleg med ressursar og teknologi for at AI skulle vekse fram. No når dette vippepunktet har blitt nådd, er menneske avleggs og kan ofrast.

Dette er grunnen til at nesten kvar einaste regjering no blir brukt som våpen mot sine eigne folk. Dette er grunnen til at covid-plandemien vart lansert, og grunnen til at vaksinar blir utvikla for å forårsake omfattande ufruktbarheit, handikapp og død.

Dette forklarer òg den bevisste sabotasjen av mat og energi-infrastruktur, og fortel oss nøyaktig kvifor det suicidale amerikanske statsdepartementet marsjerer verda inn i ein global atomkonflikt med Russland.

Dei vil at vi alle skal døy. Faktisk har dei fått ordre om å oppnå spesifikke drapsratar for å gjere sine herrar fornøgde.

Du lever i eit storslege Truman Show-kapittel av menneskesivilisasjonen der den luciferianske globale eliten har blitt beden om å utrydde mesteparten av befolkninga på Planeten Jorda.

Globalist John Kerry viser til «utanomjordiske» krefter som har valt ei bestemt gruppe menneske til å styre det globale utryddingsføretaket

John Kerry, i ein tale under WEF-hendinga i Davos, sa nyleg (parafrasert) at «utanomjordiske» krefter fekk «utvalde» menneske til å kome til Davos for å redde planeten. Ikkje for å redde planeten i favør av menneskeheita, men for å redde planeten til bakdel for menneskeheita. Som britiske Daily Mail skreiv:

«Bidens klimautsending John Kerry seier at ei ‘utanomjordisk’ kraft fekk folk til Davos for å ‘redde planeten’ i ein bisarr tale hjå World Economic Forum…

Kerry gjekk deretter over i ein tordentale der han åtvara dei tilstadeverande at ‘tida er i ferd med å renne ut’ for å unngå ‘dei verste konsekvensane’ av klimaendring.»

Ja, WEF-globalistar innrømmer no openlyst at dei trur at dei har blitt valde ut av utanomjordiske for å utrydde milliardar av menneske for å redde planeten frå menneskeheita.

Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på delar av sin Situation Update-podcast frå 19.januar 2023.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s