Nedstengingar var kontraterrorisme, ikkje folkehelse

Av Debbie Lerman, Brownstone Institute. Omsett av saksyndig.

Som tidlegare rapportert var responsen på covid-pandemien i USA utvikla og styrt av nasjonaltryggleiksgreinene av regjeringa, ikkje av noko folkehelsebyrå eller tenestepersonar.

Vidare har vi ikkje offentleg dokumentasjon på kva som faktisk stod i nasjonaltryggleiks-pandemiplanen.

Du kan sikkert spørje «kva so?». Kvifor skulle det bry oss om covid-politikken vart bestemt av Det nasjonale tryggleiksrådet (NSC [National Security Council]) i staden for Centers for Disease Control and Prevention (CDC)? Kva er so gale med at Federal Emergency Management Agency (FEMA [fritt omsett «føderalt byrå for handtering av naudsituasjonar»]) tek over som leiande føderalt byrå for pandemi-respons, og at dei erstattar Health and Human Services (HHS)?

Nasjonal tryggleik handlar om å beskytte oss frå krigs- og terrorismetrugslar

Svaret på desse spørsmåla er, kort fortalt, at pandemiresponsplanane til nasjonal tryggleik, arrangert under rubrikken bioforsvar, har som mål å motverke bioterrorismeåtak. Dei fokuserer på å hindre fiendtlege aktørar frå å få tak i biovåpen, overvaking av potensiell bruk av biovåpen, og utvikling av medisinske mottiltak.

Ifølgje Verdas helseorganisasjon: «biologiske og giftige våpen er anten mikroorganismar slik som virus, bakteriar eller sopp, eller giftige substansar produsert av levande organismar som blir produsert og sleppt ut bevisst for å forårsake sjukdom og død hjå menneske, dyr eller planter.»

Dersom vi ein sjeldan gong står overfor eit faktisk biovåpenåtak – bioforsvarsstrategien kan oppsummerast som karantene fram til vaksine [engelsk quarantine-until-vaccine]: halde personar so isolerte frå biovåpenet som mogleg, so lenge som naudsynt, framtil du har eit effektivt medisinsk mottiltak (medisin/vaksine).

Bioterrorisme-responsplanar – under dei vidare paraplyen kontraterrorisme – er ikkje utvikla til å fange opp dei kompliserte nyansane til folkehelseprinsipp, som balanserer trongen til å beskytte personar frå eit patogen med trongen til å halde samfunnet so funksjonelt som mogleg for å vedlikehalde generelt velvære.

Dersom kontraterrorismetiltak blir sett i verk mot ein folkehelsetrugsel, er det dermed ikkje overraskande å vere vitne til massive samfunnsforstyrringar og skadar på folkehelsa – som vi har sett med covid-19-pandemiresponsen.

Kontraterrorismetiltak er ikkje forholdsmessige med folkehelse

Eit godt døme på gapet mellom bioforsvar og folkehelsepolitikk i konteksten covid-respons er Model State Emergency Health Powers Act (MSEHP [fritt omsett «lov om modell for delstatars helsemakt under naudsituasjonar»]) – ei lov påkalla av delstatsguvernørar for å setje i gang og halde gåande nedstengingar. Denne lova vart spesifikt utvikla for å gje delstatar eit juridisk rammeverk for å respondere på bioterrorisme. Som William Martin rapporterte i American Journal of Public Health i 2004:

«På slutten av 2001, i kjølvatnet av miltbrannbrevåtaka, vart modellovgjeving føreslege til relevante delstatsbyrå for å oppdatere dei delstaglege folkehelselovene for å møte trugselen om bioterrorisme. Denne lovgjevinga var Model State Emergency Health Powers Act

Ein artikkel i Columbia Law Review frå oktober 2021 som analyserte naudlovene påkalla av delstatar under covid-pandemien – inkludert den originale MSEHP og meir moderne, reviderte utgåver av den – konkluderte at desse lovene ikkje var meint som rammeverk for å respondere på naturleg førekomande, langvarige viruspandemiar slik som covid:

«Det er tydeleg at til og med dei meir moderne statuttane ikkje var meint å gjelde kroniske naudsituasjonar slik som covid-19, der einsidig avgjerdstaking pågjekk i over eit år, eller til responsar slik som reguleringar om sosial avstand eller massenedstengingar.»

Med andre ord er lover som har som intensjon å beskytte oss mot bioterrorisme, ikkje passande i situasjonar som involverer «kroniske naudsituasjonar», slik som viruspandemiar.

Kva skjedde då kontraterrorismetiltak erstatta folkehelsepolitikk?

Vi manglar riktig nok dokumentasjon på kva Det nasjonale tryggleiksrådet sin covid-19-politikk var, eller kva slags tiltak dei kom med for å implementere den politikken. Derimot kan alt som var openlyst anti-folkehelse, uvitskapleg eller beint fram sinnssjukt i vår covid-oppleving forklarast, dersom vi antek at covid-responsen ikkje var basert på folkehelse, men på kontraterroristisk, quarantine-until-vaccine-politikk.

Her er somme av dei tilsynelatande uforklarlege fenomena som blir pinefullt tydelege når vi antek at bioforsvar/kontraterrorisme erstatta folkehelsepolitikk i den amerikanske regjeringa sin covid-19-respons:

Rettferdiggjeringa for formildingstiltak kom ikkje frå deira evne til å fremje eller ivareta folkehelse, men frå evna deira til å oppfylle kontraterrorismemål (quarantine-until-vaccine).

  • Maskering: før covid erkjende folkehelse-pandemiplanar ingen vitskapleg evidens for universelle munnbindpåbod. Men munnbind provoserte fram frykt, som fremja lydigheit med nedstengingar og vaksinepåbod.
  • Testing: før covid erkjende folkehelse-pandemiplanar ingen vitskapleg basis for testing og isolering når eit virus fyrst er utbreidd. Men dess meir ein testar og isolerer, dess fleire menneske hamnar i praksis i karantene, og dess meir desperate blir dei for ein utgangsstrategi (vaksinar).
  • Nedstengingar: før covid bad folkehelseplanar, ironisk inkludert PanCAP-A, i verste fall om nedstengingar som var avgrensa i tid (under eit stort utbrot av alvorleg sjukdom) og geografi (stader med store utbrot). Landsomfattande, langvarige nedstengingar uavhengig av bølgjer eller lokale variasjonar, vart implementert for fyrste gong i historia etter at Det nasjonale tryggleiksrådet tok over covid-politikken, der dei følgde dømet til det totalitære kinesiske regimet.

Dette er eit kritisk punkt: Å argumentere for om munnbindpåbod, testing og isolering, sosial avstand, nedstendingar, osb. er god eller dårleg folkehelsepolitikk er eit irrelevant punkt. Dei er ikkje folkehelsepolitikk i det heile.

Alle desse tiltaka vart utelukkande laga med det føremål å oppnå lydigheit til bioforsvars-/kontraterrorismeplanen om quarantine-until-vaccine. So fort massedanning fann stad, vart handhevinga og implementeringa av desse tiltaka ivrig tekne opp av folkehelse-tenestepersonar som var uvetande om kontraterrorisme-agendaen.

Bodskap frå regjeringa ivaretok eit skin av folkehelse, medan dei kamuflerte kontraterrorisme-agendaen

Tenestepersonane som annonserte Det nasjonale tryggleiksrådet sin politikk til folket var topp-folkehelseleiarar slik som doktorane Fauci, Redfield og Collins («ekspertane»). Desse folkehelse-tenestepersonane hadde ikkje utvikla politikken som dei offentleg stod der og fremja. Derimot lurte fremjinga deira folket til å akseptere kontraterrorisme-politikk som ein manifestasjon av faktisk epidemiologisk kunnskap og folkehelsedoktrine («vitskapen»).

Notat: Dr. Deborah Birx vart presentert som ei folkehelse-tenestekvinne, men vart faktisk installert av Department of Homeland Security for å tene som «vitskaps»- og «ekspert»-fronten for kontraterrorisme-agendaen.

Den massive innsatsen for å skjule kontraterrorisme-tiltak i folkehelse-legitimitet var rota til pandemi-propagandaen

Dette var ikkje ein kampanje frå folkehelse-tenestepersonar som var for dumme til å skjøne dei basiske prinsippa i epidemiologi, eller for uvetande til å vete om kjerneprinsippa til folkehelse (i det minste på det føderale nivået – lågare i kjeda vart det eit massedanningsfenomen). Det var ein kampanje frå nasjonaltryggleiks-operatørar som ikkje brydde seg om epidemiologiske prinsipp og som ikkje hadde noka interesse i basiske folkehelseprinsipp.

Forsøk på å framstille nedstengingar som søylene i før-covid-folkehelsepolitikk var bevisst propaganda

Dei vart laga for å «dytte» [engelsk «nudge»] folket til å akseptere kontraterrorisme-tiltak som legitim folkehelsepolitikk. Døme inkluderer: artiklar (her og her) som feilaktig påstår at nedstengingar var veletablerte og/eller potensielt effektiv amerikansk folkhelse-pandemipolitikk; Michael Lewis sin Premonition, som legg ut om den same falske forteljinga; og publiseringa av Red Dawn-e-postane av New York Times – ei e-postkjede som hylla nedstengingar, der mange statlege helsetilsette vart kopierte, men der nesten ingen faktisk deltok.

Kontraterrorisme-tiltak utvikla for å undertrykkje og kvele statsfiendar vart brukt mot amerikanske borgarar

Dette fann ikkje berre stad innan propaganda og sensur, kyndig skildra av dr. Robert Malone som «militærgrads informasjonskrigføringsevne og -teknologi som vart utvikla for våre motstandarar utanfor USA og som har blitt vendt mot amerikanske borgarar». Slike taktikkar vart òg tekne i bruk i gruppeåtak mot personar og organisasjonar som var imot påbod og nedstengingar. Nokre få utvalde døme inkluderer:

  • FBI-trakassering av Ecohealth Alliance-varslaren dr. Andrew Huff (The Truth About Wuhan, kapittel 20)
  • Vondsinna åtak på familemedlemmer av verdsleiande epidemiologar som gjekk mot nedstendingar, inkludert falske rykte om at mora til dr. John Ioannidis døydde av covid-19 – rykte som gav ho eit hjarteinfarkt; og sofistikerte, fleirsidige åtak på dr. Ioannidis, dr. Jay Bhattacharya og kona hans (her, her og her) for legitimt vitskapleg arbeid. Desse åtaka var ikkje berre stygge Twitter-kommentarar eller profesjonelle nedskytingar. Det er høgst usannsynleg at ein einaste vitskapleg motstandar eller sint medlem av folket ville engasjere seg i dei. (Interessant nok er Michael Lewis – vi nemnde hans Premonition ovanfor som eit døme på bioforsvar som folkehelse-propaganda – òg ein prominent forkjempar av åtak på desse vitskapsfolka. Tilfeldig? Det trur eg er høgst usannsynleg.)
  • Underlege, uforklarlege inngrep frå tryggleiksbyrå i liva til motstandarar av nedstengingar, inkludert Brownstone-bidragsytar Robin Koerner, som fortel følgjande sjokkerande historie:

«Best som eg gjekk bortover til flyet mitt på Heathrow lufthamn, vart eg trekt til side av ein betjent med ein metalldetektor. Ho ransaka meg frå topp til tå og tømde alle bagane mine. Eg spurde ho kva som skjedde. Eg fortalde ho at eg aldri hadde blitt trekt til side berre nokre meter frå flyet mitt, når eg allereie hadde vore gjennom tryggleikskontrollen og alle sjekkane.

‘Det er noko amerikanarane bad oss om å gjere,’ svarte ho.»

Dei fann ingenting verken på kroppen hans eller i bagasjen hans, og han fekk lov til å reise normalt, men då han kom tilbake til USA, hadde Koerner sin Global Entry-status blitt tilbakekalla. Global Entry er eit program som «tillèt hurtig-klargjering for førehandsgodkjende lågrisiko-reisande» ifølgje US Customs and Border Protection [det amerikanske føderale tollbyrået; oms.an.] si nettside. CBP har i oppdrag å «halde terroristar og våpena deira ute av USA medan dei gjer det enklare for dei som reiser og handlar lovleg», og er ein arm av Department of Homeland Security (DHS).

Koerner har enno ikkje fått vete kvifor han vart gjort om frå ein lågrisiko-reisande til ein potensiell terrorist.

  • Nifse og rare åtvaringsoppringingar til prominente nedstengingsmotstandarar, inkludert Brownstone-grunnleggjar Jeffrey Tucker. Som Tucker skildrar det, ringde dr. Rajeev Venkayya, som leia ei bioterrorisme-studiegruppe i George W. Bush sitt Kvite hus (og som opptrer nettopp i Premonition av Michael Lewis), for å oppmode Tucker til å stoppe å gå mot nedstendingar. «Han sa at det var vårt einaste val fordi vi måtte vente på ein vaksine,» gjenerindrar Tucker.

Kvifor ville Venkayya – nokon med ingen personlege eller profesjonelle band til Tucker – ta seg bryet med å ringje og leggje press på Tucker? Det ville ikkje ha gjeve noka meining om han var ein folkehelse-tenestemann som prøvde å formilde effektane av ein viruspandemi. Det gjev skremmande meining når vi veit at han var ein bioforsvarekspert som var forkjempar for ein kontraterroristisk quarantine-until-vaccine-politikk.

  • Sofistikerte visuelle hjelpemiddel i sosiale media som hadde som mål å demonisere organisasjonar og personar som var motstandarar av nedstengingar. Kva slags person som opererte åleine ville ha verktøya eller ressursane til å produsere eit skremmande edderkoppnett som dette og spreie det rundt om på nettet?

Prominente epidemiologar og folkehelsespesialistar vart bevisst ekskluderte frå regjeringa si pandemiplanlegging

I ei folkehelsekrise som covid-19-pandemien skulle ein tru at verdas leiande epidemiologar og spesialistar på pandemihandtering og folkehelse, inkludert dr. Scott Atlas, dr. John Ioannidis, dr. Jay Bhattacharya, blant mange andre, ville bli konsultert. Men dersom ein kontraterrorisme-agenda i hemmelegheit blir implementert, ville slike spesialistar utgjere ein alvorleg trugsel ved å eksponere skadane på folkehelsa.

Dette er grunnen til at desse vitskapsfolka vart so vondsinna angripne då dei gjekk ut med folkehelsebodskapar slik som Great Barrington-erklæringa. Det er òg grunnen til at dr. Deborah Birx var slik ein flammande motstandar av at dr. Atlas skulle bli med på Task Force. Heldigvis, i A Plague Upon Our House, greidde dr. Atlas å gjere nøyaktig det Birx og bioforsvars-kabalen ønskte å hindre. Utan å vete kvifor det skjedde, avslørte han den totale mangelen på faktisk folkehelsekunnskap i Task Force sin politikk:

«Det var for meg oppsiktsvekkjande, ein uforståeleg feil gjort av kven som enn sette saman Task Force, at der var null folkehelsepolitikk-ekspertar og ingen ekspertar med medisinsk kunnskap som òg analyserte økonomiske, sosiale og andre breie folkehelse-effektar andre enn sjølve infeksjonen. Sjokkerande nok var det breie folkehelseperspektivet aldri del av diskusjonen blant Task Force-helserådgjevarane, anna enn då eg tok det opp. Endå meir bisart var det at ingen såg ut til å merke det. (s.107).»

Hemmeleghaldet bak nasjonaltryggleiks- og etterretningsoperasjonar vart brukt på det som var meint å vere ein folkehelserespons

Når vi ser på kven som var ansvarleg for den amerikanske covid-19-politikken, møter vi ein vegg. Det nasjonale tryggleiksrådet hemmelegstempla alle pandemirespons-møte frå og med januar 2020, i direkte kontrast til kva ein kunne forvente under ei folkehelsekrise.

Resultatet er at alle som veit kva vår covid-responspolitikk eigentleg var, i teorien er nekta å avsløre det. Vi veit derimot at folkehelsebyråa ikkje stod bak politikken, og vi veit at dei vart dytta ut av si leiarrolle i å koordinere og implementere responsen. So Fauci og andre har teknisk sett rett dersom dei hevdar at dei ikkje har noko ansvar – korleis dei med ære og samvit kunne fremje ein slik politikk er ei anna sak.

Vi treng truleg ein varslar med toppklarering for å kome oss rundt dette enorme hinderet.

Dei som dreg nytte av nasjonaltryggleiks-pandemiresponsen inkluderer eit nett av overlappande militære og nasjonal tryggleiks-byrå, private selskap og ikkje-statlege global helse-organisasjonar.

Alle desse einingane er ivrige etter å samle endå meir midlar og makt ved å halde gåande denne typen ikkje-folkehelserespons. Epidemiologisk kunnskap, folkehelseprinsipp, medisinsk etikk og velværet til den generelle befolkninga har ingenting å gjere med det som desse einingane har i sinne.

Altso er det viktigaste spørsmålet som dukkar opp frå covid-responsen: Kan vi stoppe dei? Med tanke på installeringa av bioforsvars-kabalmedlemmer i dei høgste seta innan folkehelsemakt, og president Biden sin 2022 National Biodefense Strategy, kjem det til å bli ein kamp i motbakke.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s