WEFs Klaus Schwab rømmer frå uavhengig journalist som konfronterer han

Henta frå En-volve. Omsett av saksyndig.

Ein uavhengig reporter frå Japan møtte på World Economic Forum-leiar Klaus Schwab i dei snødekte gatene i Davos.

Då Schwab fekk greie på at ho var ein uavhengig reporter og ikkje ein medlem av hovudstraumsmedia-kartellet, ønskte ikkje han å svare på nokon av spørsmåla hennar.

Schwab og dei andre elite-kontrollfrikane som farta rundt i Davos førre veke, svarer aldri på spørsmål frå ekte journalistar som etterforskar dei sanne motiva deira.

WEF-marionettar godtek berre intervju frå dei media som dei har kjøpt og betalt.

Dei nektar å forsvare planane sine om å kontrollere alle aspekt i liva våre.

I staden spring dei vekk som feigingar kvar gong ein ærleg reporter konfronterer dei.

Vi såg kva som skjedde med adm.dir. i Pfizer Albert Bourla då han vart konfrontert av Rebel News.

Klaus Schwab var ikkje noko betre.

Orda «uavhengig reporter» fekk han til å åle seg unna.

«Eg møtte Klaus Schwab! Og her er kva som skjedde. Han er redd for motstanden vår!» skreiv den japanske reporteren Masako Ganaha.

«Eg er frå Japan, kan eg be deg om ein kommentar?» spurde Ganaha før ho vart avbroten av Schwab og følgjet hans.

«Vi er på veg til den neste greia og vi er litt for seine,» kommenterte ei dame som var med Schwab.

«Kva media kjem du frå?» spurde Schwab.

«Eg er ein uavhengig journalist,» svarte Ganaha.

«Yeah, nei takk,» sa Schwab.

Sjå heile møtet her.

Schwab og kompisane hans vil ikkje lenger kunne gøyme seg i skuggane. Fleire og fleire vaknar opp til planane deira og dannar motstand mot den globale eliten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s