Medlem av Europaparlamentet åtvarar: World Economic Forum er ein av dei største trugslane mot den frie verda

Av Amy Mek, RAIR Foundation USA. Omsett og noko redigert av saksyndig.

Sjå òg «Trudeau seier at Europa-tur var vellykka, men fleire EU-politikarar meiner det motsette», publisert 28.mars 2022.

Sjå òg «EU-politikar ber regjeringar om å oppheve vaksinekontraktar: ‘Dei har selt oss falske vaksinar!’», publisert 17.oktober 2022.

Førre veke samla konsern, milliardærar, lobbyistar og politikarar seg i Klaus Schwabs World Economic Forum i sveitsiske Davos. «Denne sekta er den største trugselen mot lov og rett, demokrati, og den frie marknaden,» sa den kroatiske Europaparlamentsmedlemmen (MEP) Mislav Kolakusic.

Dei finansielle interessene til deltakarane er overordna interessene til menneskeheita, seier MEP-en. Desse konspiratørane klekkjer ut planane sine i Davos: krigar, pandemiar og den sokalla grøne overgangen, ifølgje Kolakusic.

Vondskapsfulle idear

Resultatet er: fattigdom, og milliardar av menneske må lide medan globalistane gjer seg sjølve rikare. World Economic Forum er òg staden der vondskapsfulle idear blir danna, som seinare blir utarbeidd i detalj av media og politikarar som Elitane eig.

Dei peiker ut seg sjølv, men deltek ikkje i demokratiske val, sa Kolakusic, som la til at World Economic Forum er verdas leiande årsak til korrupsjon.

Marsjordrar

Davos er staden er dei med tusenvis av milliardar euro møter dei som har politisk makt i land over heile Europa og verda. Kvart år deltek dusinvis av statsoverhovud i Davos for å få ordrar som dei må utføre, forklarte Kolakusic.

Og dei er meir enn viljuge tuil å gjere det fordi dei skuldar denne sekta sine politiske karrierar, seier MEP-en.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s