Ifølgje den amerikanske nyheitsformidlaren WND har det amerikanske utanriksdepartementet (Department of State) innført eit forbod mot skrifttypen Times New Roman i all kommunikasjon i departementet. Det var utanriksminister Antony Blinken som tysdag 17.januar 2023 gav ordre om forbodet.
Times New Roman vart designa av Stanley Morison og Victor Lardent, og fyrst teken i bruk i den britiske avisa The Times i 1931, derav namnet «Times» i skrifttypen. Norsk Wikipedia kallar den for ein av den mest suksessfulle skrifttypane i historia, og den er mykje brukt i boktrykking. Ironisk nok bruker ikkje The Times lenger Times New Roman.
So, kvifor har det amerikanske utanriksdepartementet nedlagt forbod mot bruk av ein av dei mest brukte skrifttypane i nyare historie? Føler nokon seg krenkte, eller opplever nokon at skrifttypen er rasistisk – til dømes fordi sjølve namnet refererer til det romerske imperiet, eller noko liknande (Times New Roman)? Om du trur det, kan ingen klandre deg, med tanke på all woke-galskapen som Biden-regimet har spydd ut dei siste par åra.
For éin gongs skuld er ikkje forbodet betinga i «politikk» frå eit farleg inkompetent regime som prøver å skyve verda ut i atomkrig. Utanriksdepartementet avskaffar skrifttypen rett og slett fordi svaksynte visstnok har problem å lese skrifttypar som har sokalla seriffar, som er tverrstrekane som avsluttar stammane til skrifttypar. Bloggen Saksyndig har til dømes ein skrifttype med seriffar, medan skrifttypen i nettavisa Derimot ikkje har det. Skrifttypar utan seriffar blir kalla sans-seriff, her «sans» er fransk for «utan». Sjølve ordet «seriff» kjem frå tysk via nederlandsk schreef, som kjem frå schrijven «skrive». Som hovudregel blir skrifttypar med seriffar brukt i bøker, sidan seriffar gjer ein tekst lettare å lese sidan dei skaper samanheng mellom bokstavane (til dømes om sjølve arket i boka er ujamnt). Skrifttypar utan seriffar blir brukt i tekstar som er meint for skjermar.
Skrifttypen i WND-artikkelen har ironisk nok seriffar.