Henta frå Free West Media. Omsett av saksyndig.
Fire tyske føderale delstatar har brent til saman meir enn 17 millionar utgåtte korona-masker [munnbind]. Dei vart kjøpt med skattebetalarpengar. Regjeringa ønskjer å brenne totalt 800 millionar masker.
Berlin: Dette er ifølgje ei spørjeundersøking frå alle delstatane publisert i den tyske dagsavisa Welt. Altso vart 6,1 millionar munnbind øydelagt i Baden-Württemberg, 5,5 millionar i Sachsen, fem millionar i Nordrhein-Westfalen og 656 000 i Mecklenburg-Vorpommern.
Elleve føderale delstatar rapporterte at dei ikkje hadde kvitta seg med nokon korona-masker so langt, men somme hadde planar om å gjere det.
Thüringen kunne ikkje kome med noko informasjon om kva type resirkulering dei har. Det føderale helseministeriet i Berlin har òg «energetisk resirkulert» munnbind dei siste månadene. Talet munnbind som so langt er resirkulert er «mindre enn ein million», sa ein talsperson.
Fleire delstatsministerium ønskjer å øydeleggje fleire munnbind i framtida. So langt kan dei derimot berre brenne munnbind som dei har kjøpt sjølve. For munnbind kjøpt av den føderale regjeringa og distribuert til delstatane, treng dei samtykket til den føderale regjeringa.
Ifølgje ein rapport frå Der Spiegel, er 730 millionar kirurgiske munnbind og 60 millionar FFP2 eller liknande halv-munnbind påverka fordi dei har gått ut på dato.
Dei tek ikkje noko ansvar
Den føderale revisjonsdomstolen har skulda tidlegare helseminister Jens Spahn for den «massive over-skaffinga» av munnbind. I tillegg har kvalitetsdefektar blitt funne i rundt 20% av munnbinda som har blitt skaffa sidan mars 2020. Ein fekk ikkje levere dei, og dei skal no bli «fjernast termisk» [altso brennast].
I september [2022] publiserte Spahn ei bok der han erkjente mange feil når det gjaldt pandemihandtering. Boka hans med tittelen «Vi må tilgje kvarandre mykje», er basert på ein frase han brukte i april 2020 i Riksdagen for å fremje «forståing» for hans kontroversielle val. Etter slutten på ministerperioden i desember 2021, kommenterte ikkje Spahn lenger offentleg rundt korona-politikken.