NATO-medlemmer er i ferd med å gå tomme for våpen å sende til Ukraina

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.

North Atlantic Treaty Organization (NATO) si jamlege sending av våpen og ammunisjon til Ukraina har gjort eit farleg djupt innhogg i deira eigne lager.

NATO har som intensjon å halde fram med å sende militær og økonomisk bistand til Ukraina for å halde fram med å nøre elden i konflikten. Uheldigvis fortærer denne politikken i stadig aukande grad dei beskjedne lagera til somme av organisasjonen sine mindre medlemsstatar. (Relatert: Amerikanske våpensal til Europa har skote i vêret sidan Ukraina-invasjonen.)

Sidan byrjinga på Russlands spesialmilitære operasjon i Ukraina i slutten av februar 2022, har USA, NATO og deira vestlege allierte allereie forsynt Kyiv [Kiev] med nesten 40 milliardar dollar i militærbistand, som til samanlikning utgjer heile det årlege forsvarsbudsjettet til Frankrike.

Ein tenesteperson i NATO sa at 20 av militæralliansen sine 30 medlemmer for tida er «temmeleg tomme». Dei gjenverande 10 medlemmane, inkludert Tyskland, Frankrike, Italia og Nederland, er visstnok framleis i ein posisjon der dei kan forsyne Ukraina med meir militærbistand.

Men sjølv desse større NATO-medlemmene føler seg skvisa. Tidleg i september [2022] sa tyske tenestepersonar at landet var «nær grensa si». I mellomtida annonserte Litauen at dei ikkje lenger hadde noko å sende til Ukraina trass at dei gjentekne gonger oppmoda allierte til å gje Kyiv alt dei hadde.

«Våpenoverføringar frå mindre, væpna NATO-medlemsstyrkar – Canada, Danmark, Noreg – kuttar djupare inn i evnene og beredskapen deira,» åtvara William, Reno, professor og leiar i vitskaps- og politikkdepartementet ved Northwestern University. «Dei forventar at USA skal støtte dei.»

Sjølv USA sitt militære lager lid enormt

Carlos Del Toro, den amerikanske marineministeren, åtvara at USA vil oppleve det «utfordrande» å halde fram med å væpne både seg sjølv og Ukraina, med mindre landet raskt eskalerte produksjonen av våpen og ammunisjon.

President Joe Biden har svore å halde forsyningslinja med våpen inn i Ukraina open «so lenge som det krevst», men sjølv USA sine militære lager har blitt betydeleg ribba.

So tidleg som mars 2022, mindre enn ein månad inn i konflikten, strevde Forsvarsdepartementet allereie med å fylle opp igjen [lageret av] tusenvis av skulder-avfyrte missil som dei sendte til Kyiv. Innan august hadde lager av visse typar artilleriammunisjon nådd «ubehageleg låge nivå».

Pentagon sitt nyaste faktaark relatert til Ukraina-bistand viser at USA har forsynt dei med meir enn 19 milliardar dollar i direkte militærbistand. Dette inkluderer nesten 50 000-antipanser-system, hundrevis av artilleridelar, ein bråte med andre tungvåpen og køyretøy og millionar av kuler småvåpen- og artilleriammunisjon.

Center for Strategic and International Studies, ein amerikansk tenkjetank, har tidlegare peikt på at det amerikanske militæret «ikkje er strukturert til å kjempe i eller støtte ein langvarig konflikt», medan forsvarsindustrien er «dimensjonert for fredstids-produksjonsratar», og det å utvide kapasiteten vil ta fleire år.

Steven Myers, ein tidlegare medlem i Utanriksdepartementet [Department of State] under tidlegare utanriksminister John Kerry, sa òg at Vesten uunngåeleg vil gå tom for våpen sidan Det kvite hus ikkje fullt ut kan garantere at forsvarsindustrien vil bli kompensert for å skalere opp produksjonen.

«USA kan ikkje halde fram med å sende våpen – til dømes artilleriprosjektil – utan å fylle opp igjen lageret,» sa han. «Pentagon har spurt kontraktørane sine om å skalere opp produksjonen. Men kontraktørar, som er sindige, er meir enn berre litt motviljuge til å gjere det utan garantiar frå Pentagon om å få dekt utgiftene som krevst for å auke produksjonsraten.»

I denne videon frå Our Freedom Protests blir det snakka om USA og NATO sine aukande forsyningsvanskar med våpen til Ukraina.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s