Av B.N. Frank, Activist Post. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Dei siste åra har tallause ekspertar og forskarar åtvara om cybertryggleik og privatlivsrisikoar tilknytt all «smart»-teknologi. Andre vanlege problem assosiert med «smart»-teknologi (apparat, lys, termostatar, målarar, klokker, osb.) inkluderer:
- Dei fungerer ikkje slik det er annonsert
- Dei er vanskelege og/eller dyre å reparere og/eller erstatte
Frå Ars Technica [artikkel skriven av Ron Amadeo; oms.an]
Kor mange lærarar treng ein for å fikse eit smartlyssystem?
Amerikansk skule har lyset på døgnet rundt: Smartlysa har vore i ustand sidan 2021
«Vi har gjort alt vi kan for å fikse dette,» seier skuletilsett.
Lysa på Minnechaug regionskule i delstaten Massachusetts skin som berre det. Dei slår seg faktisk aldri av. Dei kan ikkje slåast av. Smartlyssystemet for heile bygningen er i ustand, og er låst fast i «på»-posisjonen. Det har visstnok vore slik i over eit år no, og straumrekningane byrjar verkeleg å tårne seg opp.
«Vi er særs klare over at dette kostar skattebetalarane betydelege summar,» seier assisterande inspektør for finans i skuledistriktet, Aaron Osborn, til NBC News. «Og vi har gjort alt vi kan for å fikse dette problemet.»
Heile skulen sitt «grønlyssystem», rundt 7000 stykke, vart installert over eit tiår sidan og skulle etter planen spare pengar, men ifølgje reportasjen «vart programvaren som styrer det i ustand 24.august 2021» og ingen har vore i stand til å slå av lyset sidan den tid. Lærarane tilpassar seg ved å skru ut lyspærene på slutten av dagen og bryt straumen på sikringar som ikkje er knytt til vitale delar av skulen. Å dempe belysninga for å sjå filmar eller noko som blir projisert på lerret har òg vore vanskeleg: Lysa står på fullt heile tida.
Nyheitsredaktør Lilli DiGrande, som skriv for studentavisa for Minnechaug, The Smoke Signal, laga fabelaktige reportasjar om situasjonen ein månad etter at den byrja. Smartlysselskapet som installerte lysa for over ti år sidan, 5th Light, har visstnok skifta eigarar fleire gonger og er no eigd av eit selskap ved namn Reflex Lighting. Ifølgje Smoke Signal-reportasjen, har det som er igjen av 5th Light ikkje lenger tilgang til den gamle programvaren for å fikse noko som helst, so det å «fikse» systemet inneber å erstatte det med ny programvare.
Problemet med nye delar er at dette har funne stad midt i pandemien og ein enorm mangel på datachippar, so delane har blitt forseinka fleire gonger. Prosessen med å fikse systemet skulle opphavleg ha starta i februar 2022, men dei får ikkje tak i delane. Den neste datoen dei ikkje rakk var i oktober 2022, og skulen forventar ikkje reparasjon før februar 2023. I mellomtida står lyset stadig på.
Ei lekse å lære når det gjeld design av smartbygningar
Sjølv om du ikkje har ansvaret for å opplyse ein diger bygning, er der ei verdifull lekse for alle som blir involvert i smarthus-/smartbygningsteknologien: gjer teknologien eit supplement til oppsettet, ikkje gjer deg avhengig av det. Du må framleis installere fysiske lysbrytarar i kvart rom, men som ein bonus kan du velje lysbrytarar som òg kan kontrollerast via eit nettverk. Alle typar smartlysbrytarar møter desse krava – normale knappar som kan kontrollerast via appar, Bluetooth, Wi-Fi, truleg Ethernet eller kva enn du vil. På denne måten, om Internett ligg nede eller ein eller annan server går i lufta, eller eit skyselskap stengjer, vil lyset framleis fungere.
Det du definitivt ikkje burde gjere, er å gjere slik at straumen alltid står på, for so å håpe at nettverket til lysarmaturet eller lyspærene vil vere der for å slå det av. Det er tydelegvis det som skjedde på den skulen, og no betaler skattebetalarane prisen.
Kommentar frå saksyndig: Artikkelen legg artig nok ved ein norsk Rema 1000-reklame som gjekk på TV for ein del år tilbake, om ein mann som eigde eit smarthus der alt var styrt av stemma hans. Han var hjå tannlegen, fekk bedøvelse og greidde difor ikkje å snakke tydeleg nok til å få ting i huset til å fungere. All teknologi har ei skuggeside, og det blir i våre tider meir og meir viktig at denne blir belyst (!).